UiO-rektor Ottersen truleg ny rektor ved Göteborgs universitet

Universitetsstyret gjekk i dag samrøystes inn for han. Den svenske regjeringa tar den endelege formelle avgjerda i løpet av våren.
Rektor for Universitetet i Oslo i dag. Sannsynleg rektor for Göteborgs universitet frå 1. juli. (Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Rektor for Universitetet i Oslo i dag. Sannsynleg rektor for Göteborgs universitet frå 1. juli. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Om ikkje regjeringa skulle gå imot eit samrøystes styre og det store fleirtalet av høyringsforsamlinga ved Göteborgs universitet, vil Ole Petter Ottersen bli den første ikkje-svenske rektoren for eit større svensk universitet, skriv Göteborgs universitet i ei pressemelding.

Ole Petter Ottersen vil etter planen begynna i den nye rektorstillinga 1. juli i år. Då vil han akkurat ha gått ut av vervet som rektor ved Universitetet i Oslo. Han blei første gong vald til rektor for Universitetet i Oslo i 2009, og blei attvald i 2013, skriv Uniforum.

- Spennande

- Det blir spennande med ein rektor som kjem utanfrå og som har ei gedigen røynsle med å driva eit stort internasjonalt universitet, seier Cecilia Schelin Seidegård i ei pressemelding. Ho håpar også at Ole Petter Ottersen skal bidra til å lyfta Göteborgs universitet endå meir.

Med denne tilrådinga, valde styret å fylgja rådet frå høyringsforsamlinga på 70 medlemar frå heile universitetet. Eit stort fleirtal av den forsamlinga gjekk inn for Ole Petter Ottersen, medan mindretalet ynskte Eva Wiberg, som er prorektor ved Lunds universitet.

Regjeringa tar formell avgjerd

Ole Petter Ottersen er fødd i 1955, er utdanna lege, og er professor i medisin. Han disputerte ved Universitetet i Oslo i 1992.

Den formelle avgjerda om å tilsetja Ole Petter Ottersen som ny rektor ved Göteborgs universitet, blir tatt av den svenske regjeringa. Om den også fylgjer rådet frå høyringsforsamlinga og styret ved Göteborgs universitet, vil Ottersen overta rektorstolen ved Göteborgs universitet etter Pam Fredman, den 1. juli i år. Ho har sete i stillinga i elleve år.

Uniforum har vore i kontakt med Ole Petter Ottersen. Men han ynskjer ikkje å kommentera tilrådinga frå  styret ved Göteborgs universitet, før den svenske regjeringa har tatt ei formell avgjerd og når han  har avgjort om han eventuelt vil takka ja til jobben som rektor ved Göteborgs universitet.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Foreslår forskerkutt og elitesatsing i SSB

Et utvalg foreslår å kutte kraftig i forskningsavdelingen i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Debatt om hvordan skape ett NTNU-miljø i tre byer

Studenttinget ved NTNU inviterer til nyskapingen Universitetskonferansen 2017 i Ålesund 1. mars.

NTL frykter karriereløp vil styre mer av forskningen

I en ny rapport anbefales det at NTNU tar i bruk stillingsløpene «dosentløpet» og «professorløpet». Det skaper bekymring hos tillitsvalgte.

500 år på 500 minutter:

Aarebrot feirer 70 år og varsler nytt stunt

UiB-professoren er Norges mest kjente foreleser, og i dag fyller han 70 år. Frank Aarebrot benytter anledningen til å presentere et nytt NRK-prosjekt.