Forskarar som publiserer hyppig blir oftare sitert

Ei ny studie sår tvil om påstanden om at ei høg publiseringstakt fører til dårlig forsking.
1,5 millionar forskingsartiklar blei produsert i løpet av 2014, viser tal frå Web of Science. Norske forskarar sto for omlag 12500 av desse, noko som utgjorde 0,62 prosent. (Foto: Colourbox)

1,5 millionar forskingsartiklar blei produsert i løpet av 2014, viser tal frå Web of Science. Norske forskarar sto for omlag 12500 av desse, noko som utgjorde 0,62 prosent. Foto: Colourbox

Publish or perish, tellekantsystem, publiseringspress: Også ukjære barn har mange navn.

Dei viser alle til det same: Kravet om at vitskapleg tilsette skal publisere i velrennomerte tidsskrift, og at dei skal hevde seg på nasjonale og internasjonale indikatorar for publisering. 

Kritikarar har hevda at tellekantsystemet har ført til at forskarar publiserer for mykje, og for dårleg forsking. At dersom ein var meir selektiv med kva som blei publisert, ville kvaliteten vore høgare. Publiseringspresset har også fått eit delansvar for at forskarar fell for freistinga til å fjuske og plagiere. 

Hyppig publisering fører til hyppig sitering


Ei studie som er publisert i Plos One drar slutningar som motstrider dette synet. Her går det fram at forskarar som publiserer mykje, også vert mykje sitert. Forskinga deira vert difor rekna som innflytelsesrik, skriv Times Higher Education, som først omtalte studien som er kalla «Quantity and/or quality? The importance of publishing many papers».

I denne artikkelen blir ideen om at ei høg publiseringstakt kan hindre at forskarar gjer arbeid som er nyskapande, etterprøvbart og grundig, utfordra.

Medforfattar på artikkelen er den svenske professoren Ulf Sandstrøm ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm. Han har sett på publiseringa til 48 000 forskarar som er tilknytta svenske institusjonar. 

– Produktivitet er eit veldig viktig aspekt ved forskinga, seier han til Times Higher Education.

Humaniora skil seg ut

Funna som artikkelen er basert på, viser at forskarar som publiserer mykje, også har den høgste delen av artiklar som er mest sitert innan sitt felt. 

Sandstrøm meiner difor at det ikkje finst grunnlag for å seie at kvantitet fører til lav kvalitet.

Dette ser ifølge Sandstrøm ut til å vere gjennomgåande for dei fleste disiplinar, bortsett frå i humaniora.

– Publiserer du ofte, blir du god

Sandstrøm viser til at produktive forskarar også er meir kjende innanfor sine nettverk, noko som gjorde at dei lettare blei inviterte inn i større samarbeid. Dei får også større tilgang til postdoktorar og PhD-ar, noko som gjer at dei får utført meir arbeid.

Det er ein sjølvforsterkande positiv spiral i det å publisere ofte, meiner Sandstrøm:

– Frå studier av kreativitet og analyse, veit vi at du ikkje kan gjere ein ting riktig den første gongen du prøver. Du treng fleire forsøk på å komme opp med noko som er verkeleg interessant. Jo fleire gonger du prøver, jo meir kan du.

Verdas forskning i tal:
  • Over 1,5 milliardar forskingsartiklar blir produsert i verda i kvart år, viser tal frå 2014.
  • Om lag 12 500 av desse er produsert av norske forskarar.
  • Dette er ei femdobling frå 1981, då talet var 2500.
  • Målt i artiklar står Norge for 0,6 prosent av den globale produksjonen av forsking.
  • Omlag 60 prosent av alle forskingsartiklar som vert talde som norske blir skapte i samforfattarskap med utanlandske forskarar.
  • Sitering viser at ein artikkel blir lagt merke til, og vert opplevd som viktig. Norsk forsking blir no sitert om lag like ofte som svenske og finske artiklar, men noko sjeldnare enn danske artiklar.
  • Sett i forhold til verdensgjennomsnittet for 2010–2013, siterast norske forskningsartiklar 38 prosent oftere enn snittet av artiklar fra andre land.
  • Målt opp mot 18 store forskingsland kjem Norge på en 8. plass i siteringshyppigheit .
  • Land som Kina, Japan og Sør-Korea får dårlegare score enn gjennomsnittet på siteringshyppighet.
  • Forskarar i Sveits og Nederland ligg på verdstoppen når det kjem til sitering.
  • Kjelde: Forsking.no, Indikatorrapporten 2015
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny studentleder:

- Når en har vært et sted en stund, merker en jo at mye kan forbedres

Den nye studentlederen tok et år på folkehøyskole fordi foreldrene anbefalte det, og ble med i Studenttinget fordi forbildet hans spurte om han ville.

Gjesteskribenten:

Likestilling må til for å fremme omstilling

«Skal vi få de best egnede hodene og hendene inn i disse nøkkelområdene for Norge nytter det ikke å rekruttere bare fra halve befolkningen», skriver UAs gjestekommentator Tord Lien.

Intelligente nettverk kan bli farlige for oss

Nå blir datamaskinene smartere enn menneskene. Det er ikke nødvendigvis godt nytt for oss, sier NTNU-professor Keith Downing.

AP konfronterte statsråden om nedgangen i fattige studenter

- Er det en villet politikk fra regjeringen at det kommer færre studenter til Norge fra Afrika? spurte Arbeiderpartiets Nina Sandberg i Stortingets spørretime.