Frank Aarebrot er borte. Livet som student på Nygårdshøyden blir aldri det same.

Laurdag kveld døydde Frank Aarebrot, etter at han fekk hjarteinfarkt på veg heim frå England mandag denne veka.
Frank Aarebrot møtte seg sjølv på veggen tidlegare i år: Han har blitt gatekunst.
(Foto: På Høyden)

Frank Aarebrot møtte seg sjølv på veggen tidlegare i år: Han har blitt gatekunst. Foto: På Høyden

Allereie meldinga om infarktet gjorde det politiske og det journalistiske Norge uroleg, frå sentrum til periferi. Spør du i ein redaksjon i landet eller ei gruppe med politiske rådgivarar er det alltid nokon som har hatt «Franken» som førelesar.

Meldinga frå familien ga grunn til uro: Dei ba medium og andre om å la han få fred under sjukeperioden, vel vitande om at det er vanskeleg å få ein formidlar som til de grader boblar over av engasjement til å roe seg ned. Midt i innspurten av valkampen og alt.

Reise gjennom tid og rom

Kjærleiken til faget, formidlinga og studentane har i eit heilt liv vore signaturen til Frank Aarebrot. Han var ein av dei som kunne ta med seg eit fullsett auditorium på ei reise gjennom tid og rom, gjerne tilbake til freden i Westfalen i 1648, eller innom dei politiske konfliktlinjene i Nederland.

Og førelesinga var ikkje over fordi Frank gjennom to gonger 45 minutt hadde engasjert eit hundretal tilhøyrarar: Rett som det var tok han oss studentar med på kafé etterpå, for å halde fram diskusjonen med stadig nye generasjonar.

Og slik har han gjennom eit heilt liv tent ein gnist i kull etter kull med statsvitarar, eit engasjement for å forstå dei politiske prosessane som omgir oss både i inn- og utland.

For journalistar har han vore ein uuttømmeleg kjelde for kunnskap. Frank har svart villig og engasjert på alle mulege spørsmål, med anekdoter og ei forteljarglede så overstrøymande at ho har vore lett å finne att i spaltene.

Døydde som han levde

Sjølv om han nyleg blei pensjonist blei ikkje tempoet noko redusert av den grunn: Han hadde planane klare for bøker og foredrag i mange år framover. Han hadde og byrja som turleiar for Fotefar temareiser. Frå 28. august til 4. september var han med på cruise frå London til Skottland, Shetland og Færøyene, og held daglege føredrag. På veg heim frå London blei han sjuk.

Aarebrot fann ideen om at han som pensjonist skulle få betalt for å vere på og fortelje om historie og politikk fornøyeleg: Det var jo nettopp det han brann for og likte å gjere.

Frank Aarebrot døydde som han levde: Aktiv, og med eit engasjement han har smitta tusenvis med. Han var unik, men for universitetet som institusjon blir jobben likevel å finne nye generasjonar akademikarar, som kan formidle forskingsbasert kunnskap slik som Frank har gjort. Det blir ikkje ei lett oppgåve.

Sjå Frank formidle her:

227 år med amerikansk valkamp på 227 minutt

Frank Aarebrot i USA

200 år på 200 minutt

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Dekanmøtet orientert om mulig HiMolde-samarbeid

Det jobbes for utvikle en samarbeidsavtale mellom NTNU og Høgskolen i Molde.

Håkon Åmdal ble beste student, men en forsker er nok gått tapt

I fjor ble han beste avgangsstudent på NTNU, med en master som avslørte et eksepsjonelt talent for forskning. Men dataingeniør Håkon Åmdal liker bedre å utvikle ting enn å skrive artikler.

Åm på en fredag:

«Bare vær glad du kom deg unna i tide!»

Denne ukas gjestekommentator fikk aldri fullført doktorgraden. Han funderer på om det kanskje var det beste som kunne hendt ham.  

Alt teller, men på ulike måter

«Forskning vs. formidling» er en kunstig motsetning.