Forskingsinvesteringane aukar raskt

Aldri tidlegare har forskingsinvesteringane auka meir enn no, syner Forskingsbarometeret 2017.
- Vi ser fleire interessante utviklingstrekk, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om Forskingsbarometeret 2017.
(Foto: Tor Farstad)

- Vi ser fleire interessante utviklingstrekk, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om Forskingsbarometeret 2017. Foto: Tor Farstad

Investeringane i forsking og utviklingsarbeid har aldri auka så raskt som no i høve til bruttonasjonalprodukt (BNP), og norske forskarar blir siterte stadig oftare, skriv Uniforum.

Kunnskapsdepartementets forskingsbarometer  inneheld òg samanlikningar med ei gruppe av land som gjer det godt, som Sverige og Danmark.

– Vi ser fleire interessante utviklingstrekk. Noreg sin forskingsinnsats er lågare enn i samanlikningslanda, men utviklinga vår er positiv. Frå 2013 til 2015 hadde Noreg den største relative auken i forskingsinvesteringane blant landa i barometeret, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ein kommentar som er lagt ut på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.

I 2015 svarte investeringane i  forsking og innovasjon (FoU) til 1,93 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) i Noreg. Det er framleis lågare enn i samanlikningslanda og gjennomsnittet i OECD på 2,38 prosent. Likevel er auken frå ein del på 1,65 prosent i 2013 den største endringa over ein periode på to år nokon gong.

– Forsking og utviklingsarbeid kjem til å vera ei sentral kjelde til den kunnskapen som trengst for å omstille det norske næringslivet og løyse utfordringar i samfunnet. Derfor er det gledeleg å sjå at forskingsinnsatsen aukar såpass mykje, seier Røe Isaksen.

Talet på doktorgradar går ned

Talet på avlagte doktorgradar i Noreg har auka over tid. I åra mellom 1980 og 2013 auka talet jamt nesten kvart år, men etter 2013 har talet gått ned. Dei 1410 doktorgradane som blei avlagt i 2016, var 114 færre enn i toppåret 2013.

– God tilgang på forskarkompetanse vil vere viktig framover både for omstillingane næringslivet står overfor og for å løyse utfordringar i samfunnet. Derfor har vi finansiert 546 nye stipendiat- og postdoktorstillingar når vi har følgt opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, seier Røe Isaksen.

Norske forskarar blir siterte meir

Vitskaplege artiklar frå Danmark blir oftare siterte av andre forskarar enn tilfellet er for dei andre nordiske landa. Men ein ny rapport frå NordForsk viser at Noreg har hatt den største auken i den relative siteringsraten gjennom det siste tiåret. Auken er størst for andre institusjonar enn universitet og høgskular, som forskingsinstitutt og sjukehus.

– Noreg er det einaste av dei nordiske landa der publikasjonane frå slike institusjonar blir oftare siterte i gjennomsnitt enn publikasjonar frå universitet og høgskular. Men det er danske og svenske universitet som markerer seg med dei høgaste siteringsratane. Det syner at norske universiteter og høgskular framleis har ein veg å gå, seier Røe Isaksen.

Meir innovasjon

Dei siste innovasjonsundersøkingane i Noreg har vist ein større del av føretak med innovasjonar enn tidlegare. Heile 65 prosent av føretaka i den siste undersøkinga rapporterte ei eller anna form for innovasjonsaktivitet i perioden 2014–2016. Det er ein ganske stor auke frå 52 prosent i den førre undersøkinga for perioden 2012–2014, skriv Uniforum.

Deltek ikkje nok i Europa

Oversikta over den norske deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, viser at vi ligg under ambisjonen til regjeringa om at to prosent av dei konkurranseutsette midlane skal gå til norske deltakarar.

– Noreg har god utteljing i programmet for landbruk, marin forsking og bioøkonomi, mens utteljinga er for låg til dømes i Det europeiske forskingsrådet (ERC), som støttar gjennombrotsforsking. Dette er eit område der særleg universiteta burde få til enda meir, seier Røe Isaksen.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

NTNU samarbeider med Flyktninghjelpen:

Lager hub for entreprenører i Kenyas største flyktningleir

Entreprenører og arkitekter fra NTNU jobber sammen med Flyktninghjelpen for å lage et knutepunkt for entreprenørskap i Kenyas største flyktningleir.

Badekarpadlingen:

Øker beredskapen for å unngå nye ulykker

Politiet, brannvesenet og Røde Kors er på plass når studentene skal krysse Nidelva i selvbygde farkoster. - Nidelva er kjempefarlig, sier politibetjent.

LO støtter forbud mot nikab

Lovforslaget fra regjeringen sørger for åpenhet og kommunikasjon på arbeidsplassene, heter det i høringssvaret fra LO.

NTNU for flyktninger:

- NTNU kan gjøre mye mer for flyktningene

Sukhanwar Gulabuddin møtte åpne dører på NTNU, og nå har han fått jobb ved Litteraturhuset. Han mener NTNU kan gjøre enda mer for flyktninger.