– Det er ikkje plass til slike som Frank Aarebrot på universitetet

Frank Aarebrot ville aldri ha fått jobb på eit norsk universitet i dag, trur ven og fagfelle Pål Bakka.
Gatekunstnaren Thomas Samsonsen har malt biletet av Frank Aarebrot bak Studentsenteret. Foto: Dag Hellesund
(Foto: Dag Hellesund, På Høyden)

Gatekunstnaren Thomas Samsonsen har malt biletet av Frank Aarebrot bak Studentsenteret. Foto: Dag Hellesund Foto: Dag Hellesund, På Høyden

– Det er ikkje meininga at det skal vere plass til slike som Frank på universitetet no. Han blei tilsett fordi ein professor forsto at han var verd å satse på. No har vi ikkje eit system som tillet den typen mellombelse stillingar, seier førstebibliotekar Pål Bakka ved Bibliotek for samfunnsvitenskap og musikk ved Universitetet i Bergen til På Høyden.

Brukte kafe som kontor

Han har sjølv doktorgrad frå Institutt for samanliknande politikk, hadde Aarebrot som rettleiar på hovudoppgåva, og var diskusjonspartnar for Aarebrot i årevis.

Etter at Aarebrot blei pensjonist, fekk han kontor på biblioteket, nær studentane.

– Men han brukte det aldri. Hans kontor var på kafe, fortel Bakka til På Høyden.

Og Aarebrot kunne fort enda opp utan eit fast kontor i akademia: Etter å ha jobba mellombels som vitskapleg assistent for Stein Rokkan, fekk Aarebrot fast jobb som amanuensis i 1980. Men det skjedde etter at universitetet hadde hatt han i arbeid så lenge at han hadde krav på fast stilling.

Og det skulle enno gå mange år før den lovande akademikaren blei Norges mest folkekjære og omtalte professor.

LES OGSÅ: Null poeng til Frank Aarebrot?
LES OGSÅ: Frank var en unik universitetslærer, forsker og formidler

Lite utteljing for formidling

For sjølv om Frank Aarebrot har vore produktiv, er det lite av det som har gitt utteljing i teljekantsystemet, der vitskaplege artiklar i fagfellevurderte tidsskrift heng høgst.

– Det mest banebrytande Frank gjorde var å lage eit opplegg for telefonbaserte meiningsmålingar. Men det publiserte han aldri noko om, fortel Bakka.

Aarebrot tok aldri doktorgrad, til liks med mange andre frå hans generasjon. I dag blir gryande akademikarar ikkje vurdert som kompetente om dei ikkje har tatt doktorgraden, eller i det minste hatt ein tilsvarande vitskapleg produksjon.

– Faktisk var mange av dei gamle professorane oppsette på at dei ikkje skulle disputere til doktorgrad. I staden gjekk dei i grava som cand. real., seier Bakka.

Fekk opprykk

I 1997 skar instituttstyrar Stein Kuhnle gjennom. Han ga kollegaen stilling som førsteamanuensis. Etter nokre år kvalifiserte han seg og fekk opprykk til professor.

– Frank publiserte veldig mykje i rapportform. Dette ville nok i dag blitt publisert som vitskaplege artiklar. Og om han hadde vore professor på eit amerikansk universitet ville han fått ein vitskapleg assistent som hadde notert det han sa, slik at det kunne givast ut i bokform, seier Bakka.

Frå 1997 til 2004 hadde Aarebrot sin mest produktive periode, og det var òg på denne tida han hadde vitskaplege assistentar.

LES OGSÅ: Hva kan vi lære av Frank og Per?

For lite stimulering av utdanning

Bakka meiner at norsk akademia legg for lite vekt på utdanning.

– Det virkar ikkje som om dei som styrar norsk utdanning har tilstrekkeleg klart for seg at utdanning er den viktigaste aktiviteten vi driv med.

Og sjølv om mykje av finansieringa er basert på kor mange studentar eit fag har, så er ikkje dette synleg, slik stimuleringsordningar for forsking og publisering er.

– Det er ikkje noko galt med stimulering, men det er meir status i forsking enn i undervising, meiner Bakka.

Han har inntrykk av at det ofte er viktigtare å få inn internasjonale forskarar, enn at dei snakkar eit språk studentane forstår.

– Vi må hugse at dei fleste vi utdannar ikkje skal bli akademikarar, men ut og jobbe i det norske arbeidslivet. Forskinga som skjer skal i første rekke gjere undervisninga interessant, meiner Bakka.

UiB har kome til at vi treng slike som Frank

Internasjonal konkurranse

Jan Oskar Engene er leiar for Institutt for samanliknande politikk, og på instituttet har dei tatt tapet av den kjære kollegaen svært tungt. Og Engene er klar på at akademiske tilsettingar er noko ganske anna i dag enn i generasjonane før.

– Det er mykje større internasjonal konkurranse i dag, og det er veldig vanskeleg å føreseie korleis Frank ville ha klart seg. Han hadde ein ganske uvanleg akademisk bane, og eg veit ikkje om nokon kunne føresjå at han skulle bli den store riksformidlaren, seier Engene til På Høyden.

– Men hadde du gitt Frank jobb om han hadde søkt?

– Tja, hadde nokon av oss fått jobb i dag? Det er mykje som har endra seg, seier Engene.

På instituttet er det mange som er glade i å formidle, og som blir mykje brukt av journalistar og andre.

– Eg trur ikkje det er nokon vi kan støype i forma Frank har etterlate seg. Men vi har òg andre forelesarar som blir sett stor pris på av studentane, og veldig mange jobbar grundig med formidling, seier Engene.

Gjorde universitetet synleg

Frank Aarebrot har vore særleg synleg som forskar og valekspert heilt sidan 1980-talet, men blei særleg kjend då han starta med populariserte maraton-foredrag, som Norgeshistoria på 200 minutt i høve grunnlovsjubileet i 2014.

– Det Frank opplevde med desse fjernsynssendingane i NRK er heilt unikt. Og han har sett Sampol og UiB på utdanningskartet, og synleggjort at det er ein utdanningsmulegheit som ikkje heiter statsvitskap. Eg trur han har fått folk til å studere i Bergen, og bidratt med inntekter til universitetet og instituttet.

Pål Bakka meiner at universiteta har eit særleg ansvar for å ta vare på dei gode formidlarane.

– UiB har kome til at vi treng slike som Frank. Den type geni berre dukkar opp. Og når dei gjer det, er dei vel verde å ta vare på, seier Bakka. 

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Tapte søksmålet mot NTNU

Hilde Skeie saksøkte NTNU etter å ha blitt tvunget ut av lederjobben ved Internasjonal seksjon. NTNU ble frifunnet av Sør-Trøndelag tingrett.

Sprik i sensur og karakterer:

Tøffe krav til opptak kan gi tøffere sensur

Når sensorer ved NTNU Handelshøyskolen setter karakterer på egne studenter synes de å være strengere enn kolleger ved andre læresteder. En forklaring kan være høye opptakskrav.

Én NTNU-forsker blant de fjorten nye i akademi for yngre forskere

Akademiet for yngre forskere har plukket ut 14 nye medlemmer. Guro Busterud fra NTNU er en av dem.

Erfaringer etter en måneds kamp mellom de ulike bærekraftsmålene

NTNU er interessert, her er det forståelse for at Afrika er det neste viktige kontinentet, skriver er vår gjestekommentator, som har permisjon fra varaordførerjobben i Trondheim for å jobbe med bærekraft for regjeringen i Ghana.