Indikatorrapporten 2017:

Mindre på olje, meir på fornybar energi

Noreg satsar mindre på petroleumsforsking, men ikkje mykje meir  på fornybar energi
Satsinga på vind og andre former for fornybar energi aukare, viser årets indikatorrapport.

Satsinga på vind og andre former for fornybar energi aukare, viser årets indikatorrapport.

Investeringane i norsk petroleumsforsking har gått ned etter 2014,  men satsinga på forsking på fornybar energi har ikkje gått tilsvarande opp. Det viser Indikatorrapporten for forsking og utvikling for 2017 som blir lagt fram i dag, skriv Uniforum.

Indikatorrapporten 2017

I Noreg er det teikn til omstilling når det gjeld kva det blir satsa på i forsking og utvikling. Indikatorrapporten viser at Noreg har satsa store ressursar både på petroleumsrelatert forsking og utvikling og meir miljøvennleg energi. Sjølv om petroleumsforskinga ser ut til å ha gått ned etter oljenedturen i 2014, er det få teikn til tilsvarande auke i forsking på fornybar energi, står det i rapporten.   Indikatorrapporten 2017 har hatt forskarane Espen Solberg  Kaja Wendt  frå NIFU (Nordisk institutt for forsking på innovasjon, forsking og utdanning) som hovudredaktørar. Arbeidet er gjort på oppdrag frå Forskingsrådet.

LES OGSÅ: UiB-rektor: Solid gjennomslag

LES OGSÅ: Indikatorrapporten 2016: Pilene peker oppover

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.


Gode vilkår for omstilling

Det er ikkje lenger snakk om at ein tredel av alle jobbar i Noreg kan forsvinna på grunn av digitalisering og automatisering, slik  OECD tidlegare har spådd. Mange arbeidsoppgåver vil derimot endra innhald, heiter det, og det vil krevja at arbeidstakarane har evne og kultur for å endra arbeidsmåtar og utnytta nye ting. For mange arbeidsoppgåver vil endra innhald. På dette området er Noreg godt rusta, konstaterer Indikatorrapporten.

Høgare kvalitet på norsk forsking

Målet om å auka kvaliteten på norsk forsking ser ut til å ha blitt nådd. Nye tal for vitskapleg publisering viser at Noreg er blant dei vestlege landa som har sterkast vekst når det gjeld publisering av vitskaplege artiklar. Artiklane blir også siterte langt oftare enn tidlegare.  Rapporten viser at Noreg no har kome opp på nivå med Finland og Sverige når det gjeld talet på siteringar for kvar artikkel. Framleis ligg likevel Danmark, Nederland og Sveits eit stykke lenger framme i løypa enn Noreg. I EUs forskingsprogram Horisont 2020 har Noreg henta meir av dei samla ressursane enn i dei tidlegare programma, men Noreg ligg likevel bak land som Finland og Danmark. Også i Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjer Noreg det svakare enn dei to nemnde landa. Det er den delen av programmet som legg mest vekt på vitskapleg kvalitet.

Endå eit hovudtrekk er at det internasjonale forskingssamarbeidet aukar.  Dei siste tala viser at to tredelar av norske vitskaplege artiklar har ein utanlandsk medforfattar, medan det talet berre var på 17 prosent på byrjinga av 1980-talet.  Rundt 1997 var berre 10 prosent av doktorgradane utførte av utlendingar. I dag blir 38 prosent av doktorgradane gjennomførte av utlendingar.

Oslo og Trøndelag på topp

I Noreg har Oslo og Trøndelag i mange år vore mellom dei mest forsking- og utviklingsintensive regionane. På EUs siste rangering av dei mest innovative regionane i Europa,  er Trøndelag dei einaste norske innslaget. Derimot er Oslo/Akershus heilt på topp i ei heilt ny rangering for av dei fremste regionane for nye næringar som er i sterk vekst.  Det er spesielt digitale næringar som blir omfatta av den rangeringa. 

Tenesteytande næringar utfører mest forsking og utvikling

På midten av 1990-talet stod industrien for over halvparten av FoU i næringslivet, medan tenesteytande næringar stod for ein tredel. No er styrkjeforholdet nesten snudd på hovudet. Tenesteytande næringar står no for over halvparten av all FoU. Den store trenden er at FoU-innsatsen i næringslivet i har auka gjennom dei siste 20 åra. Unntaket er rett etter finanskrisa i 2008.  Veksten begynte igjen frå 2010. 

Meir innovasjon

Eit tredje trekk er at fleire og fleire føretak melder at dei driv med nyskaping (innovasjon).  Den siste undersøkinga frå 2014-2016 viser at nesten to av tre norske føretak er nyskapande (innovative). Det er langt over nivået frå tidlegare undersøkingar, står det i Indikatorrrapporten 2017.  Grunnen kan både vera nye målemetodar og ein reell auke i kunnskapsutvikling og fornying. 

Mogleg svekka koordinering

Norsk forskingspolitikk har gjennom dei siste 20 åra fylgt sektorprinsippet. Kvart departement har ansvaret for å fremja og finansiera forsking på og for eigen sektor.  Fram til for få år sidan blei mykje av koordineringa gjort av Regjeringas forskingsutval, som var eit eige underutval sett saman av statsrådane frå dei mest forskingstunge departementa.  I 2014 blei utvalet lagt ned, og erstatta med tosidige møte, ofte med eksterne aktørar. Fondet for forsking og nyskaping, som blei oppretta i 2001, blei av tekniske årsaker lagt ned i 2011. Pengane blei overførte til Kunnskapsdepartementet.  Indikatorrapporten vurderer det slik at dette kan ha ført til at koordineringsfunksjonen er svekka.

Ekspansjon i helserelatert forsking og utvikling. Sidan 2007 har årsverka i forsking og utvikling i helseforsking auka med 50 prosent. Samtidig har universitetssjukehusa sin del av FoU-innsatsen i helseføretaka gått tilbake. Dvs. at andre helseføretak og private, ideelle sjukehus har høgare vekst i FoU, går det fram av indikatorrapporten.

Fakta om internasjonal og norsk forsking
  • 1981: 500 000 vitskaplege artiklar i verda. I 2015:1,5 millionar
  • Kina: 30 gonger meir til forsking og 20 gonger fleire vitskaplege artiklar
  • USA er framleis verdas største nasjon i forsking og utvikling
  • India, Sør-Korea og Iran stormar fram
  • Mindre oppgang: Frankrike, Storbritannia og Tyskland
  •  Horisont 2020 har samla budsjett på rundt 70 milliardar for perioden 2014-2020.
  • Per juni 2017 har rundt 1,8 prosent av dei utlyste midlane i Horisont 2020 gått til norske fagmiljø. Litt under målet om returdel på 2 prosent
Indikatorrapporten
  • Rapporten "Det norske forsknings- og innovasjonssystemet – statistikk og indikatorer" gir en samlet oversikt over status og utvikling av virksomheten innenfor forskning, innovasjon, vitenskap og teknologi og bygger bl.a. på resultater fra de FoU-statistiske undersøkelsene.
  • Rapporten inneholder beskrivelser og analyser av forsknings- og innovasjonsaktiviteten i Norge, internasjonale sammenligninger og en større tabelldel.
  • Indikatorrapporten publiseres årlig og er et resultat av et samarbeid mellom Norges forskningsråd, Statistisk sentralbyrå og NIFU.
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Utdanningskvalitetsprisen gikk til Nasjonal delprøve i medisin

Kunnskapsdepartementets pris for kvalitet i utdanningen går til et samarbeidsprosjekt mellom de fire breddeuniversitetenes medisinske fakulteter.

Macchiarini-skandalen:

43 medforfattere funnet uredelige

En svensk ekspertgruppe har gått gjennom seks artikler i Macchiarini-saken. De konkluderer med at samtlige 43 medforfattere har opptrådt vitenskapelig uredelig.

Nå blir hun svensk æresdoktor

Anne Borg, prorektor for utdanning ved NTNU, utnevnes til æresdoktor ved Lunds universitet i Sverige.

NTNU vurderer guttepoeng

NTNU vurderer å innføre guttepoeng for å bedre kjønnsbalansen på sykepleiefag og andre kvinnedominerte studier.