Dei protesterte mot Peter Singer

Representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom protesterte i dag mot filosofen Peter Singer før han skulle halda ex.phil.-førelesing i Chateau Neuf. Inne sat 800 personar for å høyra på.
Filosofen Peter Singer har stjernestatus hos mange i det filosofiske fagmiljøet. Om lag 800 kom for å høyre på gjesteførelesinga hans.
(Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Filosofen Peter Singer har stjernestatus hos mange i det filosofiske fagmiljøet. Om lag 800 kom for å høyre på gjesteførelesinga hans. Foto: Ola Sæther/Uniforum

Den australske filosofen Peter Singer er blitt omdiskutert og berømt for å ha uttrykt at det er like etisk rett å ta livet av eit svært funksjonshemma barn like etter fødselen, som å ta ein abort. Han har også sagt at mange funksjonshemma ikkje vil få eit fullverdig liv. Men han er også kjent for å forsvara dyra sine rettar og kritiserer den religiøse oppfatninga av at mennesket er skapt i Guds bilete og for å herska over dyra.

Fredag heldt han ex.phil.-førelesing i Chateau Neuf i regi av Institutt for filosofi, idéhistorie, kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) ved UiO, skriv Uniforum.

LES OGSÅ: Strid om "verdens farligste mann"

– Han veit ikkje korleis det er å vera funksjonshemma

Representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom protesterte mot meiningane til filosofen Peter Singer. I rullestolen sit Ida Hauge Dignes, medan Marie Eriksen står til venstre. Bak står folk i kø for å koma inn på førelesinga.
(Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom protesterte mot meiningane til filosofen Peter Singer. I rullestolen sit Ida Hauge Dignes, medan Marie Eriksen står til venstre. Bak står folk i kø for å koma inn på førelesinga. Foto: Ola Sæther/Uniforum

 

Det er synspunkta til Peter Singer om menneskeverdet for funksjonshemma som har gjort han kontroversiell både i USA, der han arbeider som filosofiprofessor ved Princeton University, og i andre land.

Det var difor fire representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom hadde samla seg for å protestera mot meiningane til Peter Singer. Ein av dei var Marie Karlsen,  historiestudent ved Universitetet i Oslo.

– Eg har også tatt ex.phil. og har lese skriftene hans. Eg kan gjerne vera moralsk etikar og seia at han ikkje veit korleis det er å vera funksjonshemma, sidan han ikkje er det.  Alle har problem i livet sitt,  men om biologien ikkje er perfekt, så er ikkje det eit argument for at funksjonshemma ikkje kan ha eit verdig liv. Me lever i 2017, og det skulle ikkje vera naudsynt å forsvara dei funksjonshemma sin eksistens, sa ho.

– Nyttar oss av retten til å ytra oss imot meiningane hans

Marie Karlsen og dei andre demonstrantane ville likevel ikkje hindra han i å ytra meiningane sine.

– Nei, me kan ikkje nekta han å koma hit, sidan tekstane hans også står på ex.phil.-pensumet, meinte ho. Også nestleiar i Noregs Handikapforbunds Ungdom  i Oslo, Ida Hauge Dignes fylgde opp kritikken av Peter Singer.

– Det er fint at han får høve til å ytra seg, men me nyttar oss også av høvet til å ytra oss imot meiningane hans, sa Hauger Dignes, som er student i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

800 tilhøyrarar

Utanfor Chateau Neuf samla det seg til slutt nærare 800 personar som ville inn og høyra på Peter Singer. Rundt klokka 14.30 kom han ut på scena i Storsalen for å halda ei førelesing om dyra sine rettar.

– For over 40 år sidan skreiv eg ei bok der eg spurde om dyra hadde same verdi som mennesket. Har det skjedd noko utvikling i dette spørsmålet sidan den gongen? Eg gissar at det vil svara nei på det spørsmålet, sa han retorisk.

Med 800 tilhøyrarar klarte han i alle fall å setja semesterrekord i kor mange som deltok på ei førelesing i ex.phil. på UiO. Heile føredraget hans blei også strøymt  på oppdrag frå Det humanistiske fakultetet ved UiO.

Peter Singer

Peter Singer er fødd i Melbourne, Australia i 1946 av jødiske foreldre som flykta frå nazismen i Austerrike. Han studerte filosofi ved universitetet i Melbourne og universitetet i Oxford.

Singer blei professor i filosofi ved Monash-universitetet i Melbourne i 1977 til han blei tilsett som professor ved universitetet i Princeton, USA i 1999.

Gjennombrotsverket hans var Animal Liberation (1975). Det blir rekna som manifest for moderne dyrevernstenking og aktivisme.

I filosofien forsvarar han i dag hedonistisk utilitarisme. Synet hans på kva som utgjer ein person er grunnlaget for synspunkta hans på dyreetikk, abort og eutanasi.

(Kjelde: Store Norske leksikon)

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ytring:

Åpne landskap passer ikke ved et universitet

- Åpne kontorlandskap vil gå ut over kontakten med studentene, skriver tre vitenskapelig ansatte ved Universitetet i Tromsø.

Sverige gir statsborgerskap til dødsdømt forsker i Iran

Forskeren Ahmadreza Djalali, som sitter på dødscelle i Iran, får innvilget svensk statsborgerskap.

Ytring:

Bli med på et paradigmeskifte i menneskets plass i verden

- Det kan komme et nytt paradigmeskifte i menneskets evolusjon, skriver geologiprofessor Allan Krill i dette innlegget.

Uenighet om polklinikkene:

Uenighet om framtida for poliklinikkene

- Studentene mener klinikkene bør være en del av Institutt for psykologi, sier studenttillitsvalgt Kristin Tange Harbø.