- Fram med spaden

Meir graving. Kulturedaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten vil ha meir gravejournalistikk på forskingsprogramma. Både han og Nature-redaktør Adam Rutherford meiner folk flest er svært interesserte i forskingsstoff. Foto: Martin Toft

– Norske journalistar bør driva meir undersøkjande journalistikk på dei store forskingsprogramma. I dag er for mange artiklar om forsking basert på berre ei kjelde, meiner kulturredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten.

Av Martin Toft
Uniforum
Publisert: 08.05.2012 kl. 12:00
Endret: 08.05.2012 kl. 12:01

Det var i ein debatt om forskingsformidling i regi av Vitskapsakademiet kulturredaktør Knut Olav Åmås etterlyste meir undersøkjande journalistikk om resultata frå dei store forskingsprogramma til Forskingsrådet. – Dei kostar mange hundre millionar kroner, så det er viktig å gå grundigare inn i kva forsking som har kome ut av dei og kva typar forsking som har fått pengar frå dei. Når journalistar skriv om forsking i dag, er artikkelen i hovudsak basert berre på ei kjelde, nemleg forskaren sjølv. Media må bli betre til å sjå kritisk på forskingsverda også, vedgjekk Åmås.

Eit gen gav fire ulike overskrifter

I debatten i Litteraturhuset deltok også Nature-redaktør, Adam Rutherford, som er kjent frå fleire forskingsprogram i BBC. Han meinte at forskingsartiklane i avisene i seg sjølve som regel var korrekte, men at dei lett kunne bli radbrekte på desken. Som døme viste han til funn av ein bestemt eigenskap i det same genet, som resulterte i fire heilt forskjellige konklusjonar i fire britiske aviser. I den eine avisa var genet karakterisert som transseksualitetsgenet, i ei anna som det liberale genet, i ei tredje som utruskapsgenet og i ei fjerde som det genet som ville få deg frå sans og samling. – Dette viser kor gale det kan bli når ein er opptatt av å selja mest mogleg aviser og det ikkje er så nøye om overskrifta er heilt korrekt, slo Rutherford fast.

–Ynskjer forskingsstoff

Knut Olav Åmås meinte at både forskarar og journalistar kunne ta sjølvkritikk.

– Me må begynna å ta forskingsformidlinga alvorleg gjennom å fremja eit betre samarbeid mellom forskarar og journalistar. Det me veit er at lesarane våre, lyttarane våre og sjåarane våre ynskjer forskingsstoff. Og når redaktørane saman med journalistane ser at der stor interesse for slikt stoff og ein marknad for det, då vil det også få meir plass i media enn i dag, spådde Åmås.

Geologiprofessor Bjørn Jamtveit er leiar for Senter for geologiske prosessar sin fysikk (PGP) ved Universitetet i Oslo. Han var opptatt av at forsking og journalistikk er to forskjellige profesjonar. – Me forskarar er truleg langt betre vitskapsfolk enn kommunikatorar. Som fotballgal er eg svært begeistra for ein mann som Arne Scheie når han kommenterer fotballkampar. Han spelar ikkje fotball sjølv, men han er ein fotballentusiast og ein glimrande kommunikator. På same måten håpar eg at journalistar som er entusiastiske for forsking, vil dekkja forskingssaker, sa Jamtveit.

Inviterte journalistar med på feltarbeid

Han peika på at senteret han leier heilt medvite inviterte journalistar med på eit feltarbeid på Svalbard. – Der var dei saman med oss heile tida og såg at me gjorde funn og fann ut kva funna hadde å seia reint vitskapleg. Samtidig overnatta dei i telta saman med oss. Dei kunne ikkje gå og leggja seg på eit hotell medan me gjekk til eit anna. Dei blei ein del av fellesskapen. Resultatet blei mange gode og velskrivne artiklar om dette forskingsprosjektet på Svalbard, fortalde han.

– Den gode historia sel forsking

Rutherford understreka at det som svingar aller mest er den gode historia. – Med den gode historia kan forskarane lett selja forskinga si til journalistane. Og den kan bli endå betre av at journalisten skriv om den i staden for at forskaren gjer det. Den beste forskingsjournalisten i The Times er utdanna historikar. Men han er glimrande til å skriva om naturvitskapleg forsking. Og The Guardian har ein forskingsjournalist som tidlegare var operakommentator. Likevel skader det ikkje om journalistar som i hovudsak har bakgrunn frå humaniora eller samfunnsvitskapen set seg ekstra godt inn i naturvitskapleg og medisinsk forsking. Det er ganske opplagt at økonomijournalistar har spesialisert seg i økonomi. Og dei journalistane som skriv om forsking bør også spesialisera seg, sa Rutherford til Uniforum etter debatten. Han viste til at i Storbritannia er det mogleg å studera forskingsformidling. – Det kan absolutt vera ein mogleg karriereveg for studentar som er interesserte i forskingsjournalistikk, meinte Rutherford.

– Komplekse problem utan enkle svar

I intervjuet med Uniforum utdjupa Adam Rutherford nærare motsetningane mellom forskaren og journalisten.

– I hovudsak handlar forsking om komplekse problem som ikkje har enkle svar. Det er bra for forskaren, men ikkje for journalisten, som skal ha ei god og fengjande sak. Difor hender det at det kan gå ordentleg gale når ein journalist skriv om forsking. Det er grunnen til at det er naudsynt med endå betre kontakt mellom journalistar og forskarar, slik at dei kan sjå at dei har forskjellige oppgåver. Når forskaren kjem med dei gode historiene og journalistane formidlar dei vidare, kan dei saman vekkja meir appetitt hos publikum for meir forskingsstoff, sa Adam Rutherford entusiastisk. Sjølv hadde han tenkt å ta seg tid til å få eit glimt av Noregs mest berømte fossil.

– Før eg drar tilbake til England, skal eg skal ta ein tur til Naturhistorisk museum på Tøyen for å sjå apefossilet Ida.

 

Skriv ny kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

E-post *

 

Universitetsavisa ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

- Statsbygg bør overta universitetsbygningane

– Alle universitetsbygningane i landet bør overførast til Statsbygg. Det meiner direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum.

 

Støtter iranerne i å ta saken til retten

- Jeg tror de har en veldig god sak, sier stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad (Frp). Han mener de iranske studentene og stipendiatene blir utsatt for urettferdig behandling.

KS1 forsinket -neppe campusvalg i år

Flere forhold i Rambølls rapport om framtidas NTNU-campus er ikke dokumentert godt nok, mener konsulentene som kvalitetssikrer den. Det betyr at fremdriftsplanen sprekker og at det neppe blir gjort noe valg i år.

SMK: - Vi følger med

Erna Solbergs taleskriver, Rolf Erik Tveten, mottok onsdag nesten 13 000 protestunderskrifter mot diskriminering av iranere og ble selv stanset i sikkerhetskontrollen.

Protestsignaturer til statsministeren

NTNU-stipendiaten Hamideh Kaffash leverer 13 000 protestunderskrifter til Regjeringen og Stortinget.

God historie. – Den gode historia er den beste måten å selja forsking til media på, seier Nature-redaktør Adam Rutherford. Foto: Martin Toft/Uniforum