Fagerberg-utvalet:

Redusert forskingstid for ineffektive forskarar

Det bør vurderast om dei forskarane som publiserer lite eller ingenting i løpet av ein fireårsperiode skal få redusert den delen av arbeidstida som er øyremerkt forsking. Aktive forskarar bør samtidig få naudsynte driftsmidlar til forskinga si frå universiteta og høgskulane.

Det foreslår fleirtalet i Fagerberg-utvalet som i dag la fram rapporten ”Et åpnere forskningssystem”. Det mest kontroversielle forslaget til Fagerberg-utvalet er utan tvil forslaget om å redusera forskingstida til dei forskarane som i løpet av fire år nesten ikkje publiserer i vitskaplege tidsskift eller i andre kanalar som forskingssamfunnet har peika ut som viktige.

Samtidig vil fleirtalet i utvalet at dei mest aktive forskarane skal få tildelt driftsmidlar direkte frå institusjonen dei arbeider ved. På dette punktet reserverte mindretalet i utvalet, Gry Alsos, Randi Søgnen og Astrid Lægreid seg. Dei meiner at dette er ein liten formålstenleg bruk av midlane til institusjonane.

Forsvarar forslaget

Utvalsleiar Jan Fagerberg er økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo og forsvarar forslaget.

– Synest du ikkje det høyrest fornuftig ut då? Både i Noreg og i andre land er det mellom 10 og 20 prosent av forskarane som produserer over halvparten av publikasjonspoenga, understreka han overfor Uniforum då han presenterte innhaldet i rapporten ”Et åpnere forskningssystem” på ein pressekonferanse måndag 2. mai.

Kunnskapsdepartementet sette ned utvalet i desember 2009, med mandat til å sjå på samsvaret mellom ressursinnsats og resultat i norsk forsking og om forskingssystemet fungerer godt.

Open konkurransearena

Eit anna forslag som Fagerberg-utvalet trekkjer fram frå ermet, er å etablera ein ny open konkurransearena i Forskingsrådet for frie forskingsprosjekt.I dag får svært få av alle dei som søkjer støtte frå Forskingsrådet til prosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til. Fagerberg-utvalet meiner at det bør satsast to milliardar kroner ekstra på ein ny konkurransearena for denne forskinga, som som regel fell utanom dei store, tematiske satsingane til Forskingsrådet. Etter utvalets meining kan dette finansierast ved at kontingenten til EUs forskingsprogram på 720 millionar kroner (2011) kan bli tatt frå ein annan post på statsbudsjettet, i staden for å bli løyvd direkte frå Forskingsfondet. Resten kan finansierast gjennom dagens løyving til frie prosjekt, som er på 600 millionar kroner. I tillegg skal 510 millionar kroner gå til 600 øyremerkte stipendiatstillingar. Dessutan ser utvalet føre seg at 170 millionar kroner frå Forskingsrådets program kan omprioriterast til den opne konkurransearenaen.

To tusen doktorkandidatar kvart år

Utvalet varslar også at Noreg vil trenga to tusen doktorgradskandidatar årleg dei komande åra. Årsaka er at rundt halvparten av jobbane for dei forskarutdanna framover vil vera utanfor det offentlege forskingssystemet. Då vil Noreg koma opp på det nivået som Sverige og Finland er på i dag, konstaterer utvalet. Opptrappinga bør skje så fort som mogleg, i første omgang med ein vekst på 300 nye stillingar i året dei fire neste åra. Til saman vil dette kosta staten 1,020 milliardar kroner ekstra.

Fagerbergutvalet peikar også på helseføretaka si rolle i forskinga. Reint konkret foreslår utvalet at det må vera mogleg å søkja om støtte frå forskingsbudsjetta til helseregionane også for forskarar som ikkje er tilsette ved sjukehusa, men på universiteta eller høgskulane.

Nytt forskingsbarometer

Dei meiner også at det bør etablerast eit norsk forskingsbarometer. Det skal mellom anna innehalda vitskapleg publisering frå norske og internasjonale databasar, bruk av forsking gjennom siteringar i fagtidsskrift og internasjonalisering av forsking. Det skal styrkja kunnskapsgrunnlaget om tilstanden i norsk forsking, både samanlikna med andre land og mellom norske institusjonar. Etter utvalet si meining skal dette kunna brukast til dokumentasjon av resultat og samanlikningar, bidra til betre mål- og resultatstyring og vera til hjelp i utviklina av resultatbaserte finansieringssystem. Indikatorane i barometeret skal visa samanhengen mellom mål, ressursar og resultat. Utvalet understrekar at ikkje alle typar resultat er like lette å måla. Det er behov for meir forsking for å styrkja kunnskapsgrunnlaget, ikkje minst når det handlar om samfunns- og næringslivseffektar. Naturleg nok foreslår utvalet difor at det blir sett av midlar til eit eige forskingsprogram på dette området.

Har ikkje svart på oppgåva

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest forslaget om å betre finansieringa av frie forskingsprosjekt er veldig bra. Men han synest ikkje utvalet har svart på oppgåva med å visa effekten av forsking på samfunnsøkonomien.

– Det burde mellom anna ha sett på korleis forskinga har vore ein fundamental og uhyre viktig reiskap i utvinninga av olje- og gassressursane frå dei norske havområda. Ikkje minst utviklinga av kunnskapen som har gjort det mogleg å bora horisontalt på djupt vatn og å senda olje og gass i same røyr. Teknologien som har gjort det mogleg å utnytta endå meir av olje- og gassressursane frå oljebrønnane, er forskingsbasert. Og forskinga har også vore årsaka til utviklinga av den norske oppdrettsindustrien, som i dag er ei av Noregs største næringar etter olje- og gassindustrien og oljeteknologiindustrien. Etableringa av Hydro og Yara ville også vera relevant å ta med. Her ligg norsk forsking bak. Slike døme burde utvalet tatt med, meiner Ole Petter Ottersen. Han tykkjer også utvalet kunne tatt med andre viktige område.

Rart av regjeringa

– Utdanninga ved norske universitet og høgskular er forskingsbasert. Og denne utdanninga er grunnlaget for det samfunnet som Noreg er i dag. Samtidig synest eg det er rart at regjeringa har oppretta eit slikt utval. Andre land tar for gitt den store effekten forskinga har på samfunnsøkonomien. Dei fleste land har svært høge ambisjonar for forskinga, men manglar ofte ressurane. Her har me ressursane, men manglar ambisjonane Det understreka også USAs president Barack Obama i sin siste tale om nasjonen sin tilstand. USA skulle "outinnovate, outeducate og outbuild the rest of the rest of the world". Det seier noko om ambisjonsnivået i eit land som slit økonomisk. Og det får oss til å stilla spørsmål ved vårt eige ambisjonsnivå, seier Ottersen.

Misnøgde studentar

Norsk studentorganisasjon er slett ikkje nøgd med framlegget frå Fagerberg-utvalet.

– Me er uroa for at dei beste og mest aktive forskarane kan ”forska seg fri” frå undervisninga, viss Fagerbergutvalets forslag blir gjennomført, seier leiar Anne Karine Nymoen i ei pressemelding.

Aasland ikkje glad

Forskingsminister Tora Aasland er ikkje glad for forslaget til utvalet om å løyva to milliardar kroner ekstra til forsking.

– Eg hadde venta meg nokre meir djuptgåande analysar bak framlegget om auka løyvingar. Utvalet kjem mellom anna med få forslag til omprioriteringar av dagens forskingsmidlar. Som ansvarleg statsråd hadde eg sett fram til fleire råd om det er endringar som kan gjerast slik at samfunnsnytten av forsking kan bli endå betre, sa Aasland på pressekonferansen.

No skal ho senda rapporten ut på ei brei høyring, før ho vil bruka innspela ho får i arbeidet med den nye forskingsmeldinga som skal leggjast fram i 2013.

Utvalsleiar Jan Fagerberg er økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo. Mandag la han fram rapporten ”Et åpnere forskningssystem.”
(Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Utvalsleiar Jan Fagerberg er økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo. Mandag la han fram rapporten ”Et åpnere forskningssystem.” Foto: Ola Sæther/Uniforum

Eg hadde venta meg nokre meir djuptgåande analysar bak framlegget om auka løyvingar

Tora Aasland, forskingsminister
Dette er Fagerberg-utvalet
  • Jan Fagerberg, professor ved UiO
  • Gry Alsos, Nordlandsforskning, Bodø
  • Marianne Andreassen, Senter for statleg økonomistyring
  • Ådne Cappelen, Statistisk sentralbyrå,
  • Inge Jan Henjesand, Abelia
  • Astrid Lægreid, professor, NTNU
  • Curt Rice, prorektor Universitetet i Tromsø
  • Agnar Sandmo, professor, NHH
  • Randi Søgnen, direktør i Forskingsrådet
Ikkje glad. Forskingsminister Tora Aasland er ikkje glad for forslaget til utvalet om å løyva to milliardar kroner ekstra til forsking. – Eg hadde venta meg nokre meir djuptgåande analysar bak framlegget om auka løyvingar, sa Aasland på pressekonferansen i dag. Arkiv.
(Foto: Thor Nielsen)

Ikkje glad. Forskingsminister Tora Aasland er ikkje glad for forslaget til utvalet om å løyva to milliardar kroner ekstra til forsking. – Eg hadde venta meg nokre meir djuptgåande analysar bak framlegget om auka løyvingar, sa Aasland på pressekonferansen i dag. Arkiv. Foto: Thor Nielsen

Relaterte artikler

Fagerberg-utvalgets rapport

- Mistillit til forskere

Fagerberg-utvalgets ferske rapport om det norske forskningssystemet møter motbør fra flere hold. Forskerforbundet mener utvalget uttrykker mistillit til ansatte i sektoren, mens Norges forskningsråd mener det ikke gir svar på de viktigste spørsmålene.

Kritiske innvendinger til Fagerbergutvalget

Fagerbergutvalget får det glatte lag av NTNU på flere punkter. Rektor Torbjørn Digernes og prorektor for forskning Kari Melby savner mer inngående analyser, og er direkte uenig i flere av utvalgets situasjonsbeskrivelser.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

- Jeg er kjempe, kjempe, kjempeglad!

- Dette har vært en veldig viktig sak for instituttet, sier instituttleder Jørgen Langdalen ved Institutt for musikk.

NTNUs unike samling av teaterhistorie

«Teatersamlingen» ved Gunnerusbiblioteket er en spennende kilde til Trondheims teaterhistorie.

Statsråd Iselin Nybø varsler at fokuset nå blir på kvalitet

Oppdal: - Strukturreformen i universitets- og høgskolesektoren er gjennomført. Det som gjelder nå, er å jobbe med kvaliteten i alt det sektoren leverer, sier ministeren for forskning og høyere utdanning.

Hykleri i offentlig sektor - og hvorfor små endringer er bedre enn de store

Noen ganger må offentlige virksomheter være hyklerske for å være legitime. Hvorfor er det slik?