OSLO: Det var fullsett i Universitetets aula då Endre Szemerédi kunne gå opp på podiet og få utdelt Abelprisen og ein sjekk på seks millionar kroner frå Hans majestet kong Harald. Midt i takketalen klarte ikkje Endre Szemerédi å halda tårene tilbake. Det var tydeleg at han sette Abelprisen høgt.



Diskret matematikk



Det er forskinga ungararen Endre Szemerédi har gjort i diskret matematikk som har fått Abelpriskomiteen til å velja han ut som årets vinnar av Abelprisen. Diskret matematikk er studiet av strukturar som grafar, sekvensar, geometriske konfigurasjonar og å byte om einingar i ei talrekkje (permutasjonar).

Matematikken i slike strukturar dannar grunnlaget for teoretisk informatikk og informasjonsteori. Abelprisvinnaren har også gitt viktige bidrag til andre greiner av matematikken, og han har publisert over 200 vitskaplege artiklar.



Lykkeleg prisvinnar



Endre Szemerédi er knytt til Alfréd Rényi Institute of Mathematics i Budapest og Rutgers University i New Jersey i USA.



– Eg er svært lykkeleg over å få prisen, men eg meiner at det er mange andre matematikarar som fortener prisen minst like mykje som meg, sa ein beskjeden prisvinnar då prisen blei kunngjort i Vitskapsakademiet 21. mars i år.



I morgon blir det fest til ære for Abelprisvinnaren 2012 i Vitskapsakademiet i Oslo.