Abelprisvinnar rørt til tårer

Endre Szemerédi blei svært rørt då han tok imot Abelprisen i matematikk frå kong Harald i Universitetets aula tirsdag ettermiddag. Det er tiande gongen Abelprisen blir delt ut.






OSLO: Det var fullsett i Universitetets aula då Endre Szemerédi kunne gå opp på podiet og få utdelt Abelprisen og ein sjekk på seks millionar kroner frå Hans majestet kong Harald. Midt i takketalen klarte ikkje Endre Szemerédi å halda tårene tilbake. Det var tydeleg at han sette Abelprisen høgt.



Diskret matematikk



Det er forskinga ungararen Endre Szemerédi har gjort i diskret matematikk som har fått Abelpriskomiteen til å velja han ut som årets vinnar av Abelprisen. Diskret matematikk er studiet av strukturar som grafar, sekvensar, geometriske konfigurasjonar og å byte om einingar i ei talrekkje (permutasjonar).

Matematikken i slike strukturar dannar grunnlaget for teoretisk informatikk og informasjonsteori. Abelprisvinnaren har også gitt viktige bidrag til andre greiner av matematikken, og han har publisert over 200 vitskaplege artiklar.



Lykkeleg prisvinnar



Endre Szemerédi er knytt til Alfréd Rényi Institute of Mathematics i Budapest og Rutgers University i New Jersey i USA.



– Eg er svært lykkeleg over å få prisen, men eg meiner at det er mange andre matematikarar som fortener prisen minst like mykje som meg, sa ein beskjeden prisvinnar då prisen blei kunngjort i Vitskapsakademiet 21. mars i år.



I morgon blir det fest til ære for Abelprisvinnaren 2012 i Vitskapsakademiet i Oslo.

Varm applaus. Midt i takketalen klarte ikkje Abelprisvinnar i matematikk, Endre Szemerédi å halda tårene tilbake. Ein fullsett Aula gav han hjarteleg og varm applaus då han hadde fått utdelt prisen av Hans majestet kong Harald.
(Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Varm applaus. Midt i takketalen klarte ikkje Abelprisvinnar i matematikk, Endre Szemerédi å halda tårene tilbake. Ein fullsett Aula gav han hjarteleg og varm applaus då han hadde fått utdelt prisen av Hans majestet kong Harald. Foto: Ola Sæther/Uniforum

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny klynge for treindustrien:

- Dette vil føre til bedre kvalitet på undervisningen

Stedlig leder for Studentparlamentet i Gjøvik og Studenttinget NTNU mener den nye klyngen for treindustri er en tillitserklæring til campus Gjøvik.

Teslas toppsjef advarer mot utvikling av robotvåpen

Tesla-sjef Elon Musk advarer mot drapsroboter. Han mener framtidas krigsteknologi kan løpe fra oss, med mindre vi bremser den raske robotutviklingen.

NTNU Tilrettelegging:

Tusenvis av studenter sliter - her får de hjelp

NTNU har samlet kreftene som bistår studenter med behov for støtte og tilrettelegging.

Arrangerer NM i hacking for å kapre de klokeste hodene

Mange forbinder nok fagfeltet mest med småkriminelle tenåringer. Nå arrangerer NTNU norgesmesterskap i hacking for å få tak i de skarpeste hodene på området.