Språket er i hjernen

Om du ikkje kjenner deg heilt oppdatert på dei fundamentale spørsmåla i teoretisk morfologi, skulle du kanskje ha komme deg på sommarskolen til Mila Vulchanova. Dit kjem innleiarar frå 13 land.

Hjernen er aleine, skreiv Lars Lillo Stenberg. Han var 18, og hadde akkurat mista mora si. Songen har fått varig liv, sist oppfriska av Elgs versjon.

Og ja, hjernen er aleine, men den har det spennande nok for det. Nyare språkforsking fortel meir og meir om alt som går føre seg mellom ulike nettverk der inne. Overraskingane og oppdagingane står i kø. Blant anna derfor betaler European Science Foundation, ESF, for at 100 studentar og forskarar skal få møte kvarandre og utveksle lærdom i Trondheim. NetWordS Summer School går av stabelen frå 4. til 9. august.



Gru-gler seg

- Dette er stort, seier Vulchanova. Professoren på Institutt for språk og litteratur gru-gler seg, for arrangementet blir uhyre krevjande.

NetWordS, The European Network on Word Structure, er eit europeisk forskarnettverk som ser på ord frå ulike perspektiv. Den tverrfaglege tilnærminga er sentral. Sommarskolen skal sjå på strukturar, meiningsinnhald, læring og prosessering, og på kva for nettverk i hjernen som støttar opp om dei ulike aktivitetane.

- Blant tinga vi kjem til å få vite meir om, er korleis eit ord leier til eit anna, og korleis ord konkurrerer med kvarandre, fortel ho.



Stjernelag

Enkelte av førelesarane er for verdsstjerner å rekne. Blant dei er den kroatiske lingvisten Milena Žic-Fuchs, komitéleiar i ESF, og Harald Baayen, som deler tida si mellom Tübingen i Tyskland og Alberta i Canada. Han har utvikla datamodellar som blant anna har vore til stor hjelp for Mila Vulchanova og mannen Valentin Vulchanov når dei har forska på korleis kunnskap i nynorsk, bokmål, dialektar og framandspråk påverkar oss.

Dorit Ravid frå Israel veit meir enn dei fleste om korleis vi tileignar oss ord, medan Vito Pirelli frå Italia granskar korleis ord blir danna i hjernen om den er aldri så aleine.



Eksotisk

200 søkarar frå Europa og Nord-Amerika har meldt interesse for å delta på sommarskolen. Dessverre har NTNU berre plass til halvparten.

- Noreg er populært både på grunn av vår fleirspråklege kvardag og fordi vi blir opplevd som eit eksotisk reisemål. Kollegaene våre har også sett til vår forsking og den nasjonale forskarskolen vår, den språkvitskaplege koordineringa, og at vi har god infrastruktur, fortel Vulchanova.

Talet på søkarar heng òg i hop med interessa for forskinga på det mentale vokabularet, the mental lexicon, om korleis ord blir lært og lagra som del av større nettverk i hjernen. Eitt av mange fascinerande aspekt, er konkurransen som oppstår i hjernen når lydar er like, korleis konkurransen oppstår, og kor i prosessen hjernen trekker konklusjonane sine.



Siste gong

Den første sommarskolen til NetWordS gikk i Dubrovnik for to år sia. Årets blir den andre og siste, for neste år er NetWordS historie. Sånn er det gjerne med forskingsprogram, same kor spennande dei er.

Trøysta får vere at programmet har hatt varig verknad, også på Institutt for språk og litteratur. Blant anna har det fungert som rekrutteringsstasjon for forskarar.



PS:

Om du ikkje har slått det opp alt: Morfologi er læra om korleis ord er bygd opp.

Mila Vulchanova og kollegaene på Institutt for språk og litteratur gler seg til å ta imot verdsstjerner på feltet.
(Foto: Albert H. Collett)

Mila Vulchanova og kollegaene på Institutt for språk og litteratur gler seg til å ta imot verdsstjerner på feltet. Foto: Albert H. Collett

Hjernen er aleine, men har det utruleg spennande med å behandle språk, konstaterer Mila Vulchanova.
(Foto: Albert H. Collett)

Hjernen er aleine, men har det utruleg spennande med å behandle språk, konstaterer Mila Vulchanova. Foto: Albert H. Collett

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny studentleder:

- Når en har vært et sted en stund, merker en jo at mye kan forbedres

Den nye studentlederen tok et år på folkehøyskole fordi foreldrene anbefalte det, og ble med i Studenttinget fordi forbildet hans spurte om han ville.

Gjesteskribenten:

Likestilling må til for å fremme omstilling

«Skal vi få de best egnede hodene og hendene inn i disse nøkkelområdene for Norge nytter det ikke å rekruttere bare fra halve befolkningen», skriver UAs gjestekommentator Tord Lien.

Intelligente nettverk kan bli farlige for oss

Nå blir datamaskinene smartere enn menneskene. Det er ikke nødvendigvis godt nytt for oss, sier NTNU-professor Keith Downing.

AP konfronterte statsråden om nedgangen i fattige studenter

- Er det en villet politikk fra regjeringen at det kommer færre studenter til Norge fra Afrika? spurte Arbeiderpartiets Nina Sandberg i Stortingets spørretime.