UiO mellom Nordens mest synlege universitet på nett

Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden over dei universiteta som er mest synlege på nettet.
GODT SYNLEG PÅ NETT: Universitetet i Oslo er på tredjeplass mellom dei mest synlege universiteteta på nett i Norden, syner den siste rangeringa frå Webometrics.
(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

GODT SYNLEG PÅ NETT: Universitetet i Oslo er på tredjeplass mellom dei mest synlege universiteteta på nett i Norden, syner den siste rangeringa frå Webometrics. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Det viser julirangeringa frå Webometrics over dei universiteta i verda som har mest mogleg av den samla vitskaplege produksjonen tilgjengeleg på nettet.

Det er Københavns Universitet og Universitetet i Helsinki som gjer det best av dei nordiske universiteta på den siste rangeringa frå Webometrics, som er eit byrå tett knytt til Spanias forskingsråd. På tredjeplass kjem Universitetet i Oslo, før dei svenske universiteta Uppsala universitet og Lunds universitet kjem på fjerde- og femteplass i Norden. I rangeringa som blei publisert i januar, var det UiO som tok førsteplassen i Norden. No må det altså sjå seg slutt av universiteta i København og i Helsinki.

Harvard best i verda

Heilt øvst på lista over verdas aller mest synlege universitet på nett ligg Harvard University, Stanford University, Massachusetts Institute of Technology (MiT) og Berkeley-universitetet i USA. På topp i Europa ligg University of Oxford, som tar sjuandeplassen på verdsrankinga. University of Cambridge tar andreplassen i Europa, medan University College London kjem på tredjeplass. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH/Swiss Federal Institute of Technology Zürich i Sveits. Det er på ein 34.-plass på verdsstatistikken og nummer fire i Europa.

På topp 20 i Europa

Førsteplassen i Norden gir Københavns Universitet ein 13.-plass i Europa, medan Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo kjem på 15.- og 18.-plass. På verdsrangeringa plasserer UiO seg som nummer 96. I januarmålinga kom UiO på ein tolvteplass i Europa og på ein 83.-plass i verda.

Les meir: Universitetet i Oslo mest synleg på nett i Norden

Karolinska blir slått på heimebane

På denne rangeringa kjem Karolinska Institutet i Stockholm på 43.-plass i Europa, 20 og 19 plassar bak Uppsala universitet og Lunds universitet.

Av dei norske universiteta finn me NTNU på 67.-plass i Europa, medan Universitetet i Bergen ligg som nummer 73. Universitet i Tromsø/Noregs arktiske universitet hamnar som nummer 204 i Europa.

Dei mest synlege universiteta på nett i verda

Dei mest synlege universiteta på nett i Europa

Fakta om Webometrics:
  • Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.
  • Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
  • I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
  • Vekting av indikatorar: Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
  • Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
  • Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
  • Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
  • (Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny klynge for treindustrien:

- Dette vil føre til bedre kvalitet på undervisningen

Stedlig leder for Studentparlamentet i Gjøvik og Studenttinget NTNU mener den nye klyngen for treindustri er en tillitserklæring til campus Gjøvik.

Teslas toppsjef advarer mot utvikling av robotvåpen

Tesla-sjef Elon Musk advarer mot drapsroboter. Han mener framtidas krigsteknologi kan løpe fra oss, med mindre vi bremser den raske robotutviklingen.

NTNU Tilrettelegging:

Tusenvis av studenter sliter - her får de hjelp

NTNU har samlet kreftene som bistår studenter med behov for støtte og tilrettelegging.

Arrangerer NM i hacking for å kapre de klokeste hodene

Mange forbinder nok fagfeltet mest med småkriminelle tenåringer. Nå arrangerer NTNU norgesmesterskap i hacking for å få tak i de skarpeste hodene på området.