Eikeseth på ein fredag

Realist-tørke i media

Er det media eller naturvitarane sin feil at det er så få journalistar med realist-bakgrunn?

Mens utdanningar innan humanistiske, samfunnsvitskaplege og økonomiske fag er nokså vanleg ballast for journalistar, er det omtrent like langt mellom journalistar med realfagbakgrunn som oasar i ein ørken.

Mange, meg sjølv inkludert, synest det er eit problem i seg sjølv at naturvitarane er så underrepresentert i media. Det er ei ulempe at redaksjonane manglar ekspertise på naturvitskapleg forsking, eit område som sysselset mange tusen menneske, og som skal gi grunnlag for det vi skal leve av etter oljen.

Redaktøren i Forskning.no hevda nyleg at realist-tørken i media skuldast naturvitarane sjølve. Det er naturvitarane som ikkje ønsker å utdanne seg til journalistar. Redaktøren stilte så spørsmålet om kvifor dei ikkje ønsker å gjere det.

Spørsmålet er interessant. Dersom det er slik at det er naturvitarane som er uinteresserte i å bli journalistar, kva skulle i så tilfelle vere årsaka?

Handlar om å stille spørsmål og finne svar

Kan det vere at naturvitskaplege studium står lenger unna journalistikk enn andre fag, fordi ein legg vekt på presisjon, grundigheit og fakta? Dette må i tilfelle vere ei misforståing. For journalistikk har mange likheitstrekk med ein naturvitskapleg tenkemåte. All forsking handlar til sjuande og sist om å stille spørsmål og finne svar - ikkje så heilt ulikt journalistikk.

Ein annan grunn til at realistane ikkje vil bli journalistar kan vere at dei aller helst vil arbeide med forsking, og at dei vel bort journalistyrket fordi det har for låg prestisje og/eller for dårlig løn. Dersom dette er grunnen, må ein i tilfelle gå ut frå at naturvitarar ikkje veit at ein gjennomsnittsjournalist i VG tener 705.000 kroner, noko som kan konkurrere med ei professorløn.

Manglande samfunnsengasjement kan også vere ei forklaring. Men i tilfelle må ein gå ut frå at naturvitarar er mindre interessert i kva som føregår i samfunnet enn dei som studerer andre fag.

Haar redaktørane skulda?

Eller kan det tenkast at forklaringa ikkje ligg hos naturvitarane, men tvert imot hos redaktørane i landets mediebedrifter?

Mens avisene set av spalteplass og gir ut bilag om kjendisar, politikk, utanriks, kultur, sport og økonomi, er det sett av lite plass til forsking.  Det manglande fokuset på forskingsstoff i media, gjer det sannsynlegvis mindre attraktivt for naturvitarar å søke seg til media. Det er lite attraktivt å skrive om Kim Kardashians nye graviditet, når ein har lyst til å bruke spisskompetansen sin i bioteknologi eller kjernefysikk til å skrive om ny forsking.

Uansett kva grunnen måtte vere, så er det ikkje unaturleg å tru at media ville sett annleis ut med fleire journalistar med realfagsbakgrunn. Truleg ville til no oversette og viktige stoffområde bli løfta fram i lyset. Sannsynlegvis ville media i større grad evne å sette enkeltstudiar inn i ein større samanheng, og til å finne riktig kjelde til riktig sak.

NRK-tabbe

Kanskje kunne ein også oftare unngå tabbar lik den NRKs aktualitetsprogram Her og Nå gjorde i ein vaksinedebatt i 2014. Då inviterte dei redaktøren av konspirasjonsnettstaden Nyhetsspeilet til å debattere HPV-vaksinen med ein vaksineforskar.  Det kan godt vere at det finst ei reell usemje blant forskarane når det gjeld HPV-vaksinen, men den går nok ikkje ut på at vaksinar er eit komplott frå ein hemmeleg organisasjon som vil forgifte unge kvinner.  

Det eksisterer planar om ei integrert journalistutdanning for naturvitarar ved Universitetet i Oslo. Kanskje burde Noregs største naturvitskaplege utdanningsinstitusjon også vurdere eit slikt studietilbod?

Følg Unni Eikeseth på twitter

Gjesteskribenten
(Foto: Elin Iversen)

Foto: Elin Iversen

  • Unni Eikeseth er universitetslektor i naturfag ved Fakultet for lærer- og tolkeutdanning ved NTNU. Ho kjem frå ein jobb som vitskapsjournalist i NRK der ho har vore tilsett i 13 år.
  • Ho var blant anna programleiar for det populærvitskaplege barne- og ungdsomsprogrammet Newton frå 2002-2005. Eikeseth har også jobba som lektor i vidaregåande skule.
  • Eikeseth har hovudfag i organisk kjemi, ein uferdig doktorgrad, og praktisk pedagogisk utdanning (PPU) frå NTNU. Er opptatt av naturvitskapleg formidling og kritisk forskingsjournalistikk.
Relaterte artikler

Flor på en fredag

Fusjonering på bakrommet

"Eposten jeg fikk forrige fredag bad om innspill fra studenter og ansatte om hvordan den nye fakultetsstrukturen bør være. Høringsfristen var påfølgende mandag klokken 10."

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
Siste fra forsiden

VG: Iselin Nybø kan bli ny kunnskapsminister

Nybø var nestleder i Stortingets utdanningskomite fram til valget i fjor.

Jenteprosjektet Ada:

9 av 10 søkte seg til NTNU

Hele 89 prosent av dem som gikk i 3.-klasse på videregående skole da de deltok på Teknologicampen i 2015 søkte seg til NTNU. Nå skal Teknologicampen og Jentedagen slås sammen til Teknologiuka.

Sturla Søpstad fikk en idé. Det førte til bonus

For første gang skal NTNU gi de administrativt ansatte bonus. Hovedtillitsvalgt Sturla Søpstad i NTL har lenge jobbet for at dette skulle bli noe av.

Kunst på campus

Landets største fagmiljø for skapende disipliner og kunstfag trenger lokaler, skriver Jørgen Langdalen, leder for Institutt for musikk.