- Eg har lært noko nytt kvar einaste dag som rektor

Etter åtte år som rektor ved Universitetet i Oslo, begynner Ole Petter Ottersen denne veka som rektor ved Karolinska Institutet i Stockholm. No skal han leia arbeidet med å gjenoppretta omdømmet til Karolinska etter Macchiarini-skandalen.
- Eg er blitt overraska over resultata til UiO I innovasjon. Dei overgår dei ambisjonane eg hadde, seier Ole Petter Ottersen. Denne veka avsluttar han rektorjobben ved UiO og startar rektorjobben ved Karolinska Institutet.
(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

- Eg er blitt overraska over resultata til UiO I innovasjon. Dei overgår dei ambisjonane eg hadde, seier Ole Petter Ottersen. Denne veka avsluttar han rektorjobben ved UiO og startar rektorjobben ved Karolinska Institutet. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Det siste intervjuet med Ole Petter Ottersen som rektor ved Universitetet i Oslo, skjer på det gamle kollegierommet i Urbygningen i sentrum.  Sjølv om lokala er formelle og høgtidelege er det ein svært uformelt kledd avgåande rektor som tar i mot Uniforum. Blå kortbukse og  kvit t-skjorte.

– Akkurat no prøver eg å skriva på svensk. Planen er å skriva ein blogg som rektor ved Karolinska også, på same måten som eg har gjort det ved UiO.  Sjølv om svensk og norsk er like språk, er det ikkje like lett å skriva på svensk, synest Ole Petter Ottersen.

I åtte år har han vore rektor ved Universitetet i Oslo. Før det hadde han vore leiar for eit senter for framifrå forsking, vore prodekan på Det medinske fakultetet og ein internasjonalt prislønna hjerneforskar. Han vedgår at det blir spesielt å forlata UiO.

- Ja, det er rart. Det har jo vore ein viktig del av mitt liv i så mange år. Og når ein er rektor ved UiO så må ein jo vera det med hud og hår, og då blir heile UiO ein slags storfamilie, slik eg også sa i talen min under rektorinaugurasjonen i juni. Derfor blir det spesielt å forlata UiO og Oslo. Men det er ei tid for alt.

– Er det noko du vil sakna meir enn andre ting?

– Noko av det eg har gledd meg over her, vil eg sikkert gleda meg over ved Karolinska også. Det er jo eit høgt rangert universitet, sjølvsagt med litt mindre fagleg breidde enn det me har her. Det er ikkje slik at arbeidsdagen min blir veldig forskjellig. For eg vil framleis treffa studentar, noko eg har hatt stor glede av dei åra eg har sete som rektor ved UiO. Dei er både samfunnsengasjerte, framtidsretta og dei har mange gode initiativ. Derfor er dei ein god ressurs for universitetet. I det siste blogginnlegget mitt har eg tenkt gjennom desse tinga, og eg har kome fram til at samarbeidet med studentane har vore svært sentralt.

- Dessutan vil eg sakna alle dei tilsette. Eg føler at me heile tida har hatt dei same måla og dei same verdiane. Det har vore gledeleg ved UiO. Oppslutnaden om Akademisk dugnad er eit godt døme på dette. Me har hatt stor semje om kva eit universitet skal vera og kva det skal kjempa for, konstaterer han, før han tar ein liten kunstpause og held fram med det temaet han truleg har vore mest engasjert i.

– Då kjem me jo inn på akademisk fridom. Det er viktig og det har også vore viktig å signalisera tydeleg at ein ikkje må blanda det å ta stilling til enkeltsaker og det å hevda og forsvara eit individ sin rett til å ha meiningar og ytra seg. Den blandinga er det då fleire som ikkje har forstått heilt, og det har vore eit vonbrot, synest eg.

– Trur du det vil vera like vanskeleg å få forståing for det ved Karolinska Institutet?

– Eg er ganske sikker på at Sverige også har ein kultur for å ta vare på akademisk fridom, som jo er grunnpilaren i eit universitet, og eg håpar og trur at det både på Karolinska og i det svenske samfunnet er ei forståing av at akademisk fridom er ein ressurs som ein må ta vare på fordi det er eit gode for dei mange og ikkje eit privilegium for dei få, slår han fast.

– Då du begynte som rektor ved UiO i 2009, hadde du rekna med at jobben som rektor ville vera annleis enn det den blei?

– Nei, eg har kjent UiO heilt sidan 1970-talet, så derfor var det ingen store overraskingar. Eg hadde jo jobba i dekanatet ved Det medisinske fakultetet, så eg gjekk til eit universitet som eg kjende ganske godt. Men noko av det eg har sett mest pris på, var at eg måtte læra nye fag kvar einaste dag, for du kan ikkje vera rektor ved eit breiddeuniversitet utan å ha ei viss kjensle av den store faglege breidda. Det er heile tida morosamt å få innsikt i nye fag og i nye kulturar, nye måtar å tenkja på og nye måtar å kopla kunnskap på. Det er det som er ein konstant læringsprosess for ein leiar på eit universitet. Så ein blir aldri utlært verken på godt eller vondt. Eg kunne sikkert har vore leiar på forskjellige universitet i 40 år, og eg ville likevel aldri ha følt meg utlært.

– Du har vore rektor i åtte år. Kva er det du er mest nøgd med av det som har blitt oppnådd i desse åra?

– Det er vanskeleg å trekkja fram berre ein ting. Noko av det eg er svært nøgd med, er at me har fått utdanning høgare opp på prioriteringslista. Det er viktig. Me har fått inn digitale eksamenar, som har skapt mange positive tilbakemeldingar frå studentane, og Universitetsbiblioteket har gjort ein stor innsats for læringsmiljøet. Me får no eit senter for læring og utdanning som også vil ta utdanninga vidare, me har til saman to senter for framifrå utdanning.

- Det matematisk--naturvitskaplege fakultetet har lagt om heile utdanningsporteføljen sin, og andre fakultet fylgjer etter med nye måtar å utforma programma sine på. Eg synest det har skjedd utruleg mykje på utdanningssida, konkluderer Ottersen med.  

Samtidig vil han gjerne trekkja fram andre område der det har skjedd store forandringar.

– Når det gjeld formidling står UiO fram som eit heilt anna universitet. Me har blitt mykje opnare, med festivalar, Store Norske leksikon, som er svært viktig, me har hatt store foredragsseriar i samband med politiske kriser og når det skjer dramatiske ting i storsamfunnet, så fylgjer me opp med forelesingsseriar fordi me føler at me kan bidra til at alle dei som bur i dette samfunnet, kan få eit betre
intellektuelt fotfeste når ting skjer som fører til at me reflekterer over tryggleiken i samfunnet, over samfunnet og over den politiske utviklinga. Då skal universitetet stilla opp med kunnskapen sin, og det synest eg me har gjort gjennom desse forelesingsseriane som eg tykkjer er noko av det viktigaste me har drive med, er Ottersen overtydd om.

Og så vil han gjerne ta med Norgeshistorien på nett som eit anna døme på god formidling frå UiO. På eit heilt anna område, innovasjon, er han blitt positivt overraska over resultata UiO har fått til.

– Der har UiO gjort det mykje betre enn eg hadde trudd. Noko av det første me gjorde, var å etablera innovasjonsselskapet Inven2. Det er blitt Nordens største innovasjonsselskap, og utvikinga har overgått det som var mine ambisjonar. Det er fantastisk. Me treng jo ein ny og grøn økonomi. Og på forskingssida har me klart å oppretthalda UiO som eit grunnforskingsuniversitet. Me har liten grad av oppdragsforsking, noko har me og noko skal me ha, men me skal ikkje vera eit oppdragsforskingsuniversitet, men eit grunnforskingsuniversitet. Me har halvparten av alle forskingsstipenda til Noreg frå Det europeiske grunnforskingsrådet (ERC), der det berre er kvalitet som gjeld, nesten halvparten av alle sentra for framifrå forsking, var det fem av ti i siste runde? Det viser at UiO er eit forskingsuniversitet som skårar svært høgt på grunnforskinga. Det skal me halda fram med å gjera, håpar eg. Eg tvilar ikkje på at den nye leiinga vil tenkja på den same måten. UiO leverer altså på dei fire hovudpilarane  - utdanning, forsking, innovasjon og formidling. Og eg er også svært nøgd med arbeidet som blir gjort på Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum.

– Universitetet i Oslo er ikkje Noregs største universitet lenger etter at NTNU har fusjonert med tre andre institusjonar. Synest du det er greitt eller synest du at UiO også burde fusjonera?

– Det er ei heilt tabloid problemstilling. Storleiken har ingenting å seia. Når journalistar er opptekne av det, synest eg at dei burde ha spurt om noko heilt anna. Det er ei avsporing av debatten å snakka om kva universitet som er størst eller minst. Det er overhovudet ikkje i mi tankeverd å tenkja på den måten. Dersom ein vel å fusjonera må det vera fordi det gir fagleg gevinst, ikkje for å bli størst. Eg er overtydd om at NTNU tenkjer på den same måten.

- Synest du fusjonsprosessane har tatt merksemda vekk frå andre ting?

– Ja, eg synest dagens regjering har vore altfor innoverretta i politikken sin. Det handlar om heile strukturmeldinga fordi det stort sett har gått ut på å tenkja gjennom kva me gjer nasjonalt i staden for internasjonalt. Det blir vanskeleg å oppretthalda merksemda rundt det faktum at me er ein del av den  globale akademiske fellesskapen, når me er så opptekne av det som skjer på heimebane. Det har vore ei feilprioritering av den sitjande regjeringa.

- Og når ein samanliknar dei norske utdanningsinstitusjonane, så er det Universitetet i Oslo som har fåttden dårlegaste budsjettutviklinga over dei siste 10-15 åra, trass i at det er ingen tvil om at det er UiO som hevdar seg best på  kvalitet på den internasjonalearenaen.

– Er det opplevingar i rektorperioden din du gjerne kunne tenkt deg å ha vore utan?

– Eg er ikkje den som ruminerer på negative opplevingar. Det har heile tida vore ei reise gjennom eit fascinerande landskap av forskjellige fag og forskjellige spennande personar gjennom ei spennande tid.

- I byrjinga av den andre rektorperioden din, måtte Ruth Vatvedt Fjell gå av som prorektor etter vel eitt år. Korleis var den situasjonen som oppstod då?

– Det har eg jo sagt før, og me oppfattar at dette er ei sak som er av personmessig karakter. Og derfor har eg også heile tida sagt at denne saka kommenterer eg ikkje.

- I fjor haust fekk Nobelinstituttet kritikk for å ha invitert dei tidlegare amerikanske tryggingsrådgjevarane Henry Kissinger og Zbigniew Brzezinski til Universitetetsaula for å diskutera verdssituasjonen etter det amerikanske presidentvalet. Og du som rektor var til stades, men tok ikkje ordet. Var det ein spesiell grunn til det?

– Nei, det var ikkje lagt opp til det heller. Det skal vera  ekstremt høgt under taket på eit universitet. Me skal ikkje vera redde for å invitera inn kontroversielle personar og lata dei få ein talarstol. Men til ytringsfridom høyrer også fridomen til å ytra seg imot. Det som gjekk gale under besøket til Kissinger og Brzezinski var at det ikkje var opna i tilstrekkeleg grad for intervensjon og motargument og
kommentarar frå publikum. På slike arrangement bør både tilsette og studentar få koma til ordet. Det skal vera lett å få sagt noko frå talarstolen i Aulaen, men kritikarar og kommentatorar må ha like lett for ytra seg imot det som blir sagt derifrå.

- Då vinnaren av Nobels fredspris, Dalai Lama besøkte Noreg i 2014, ville verken stortingspresident Olemic Thommessen eller representantar for regjeringa helsa på han. Det gjorde derimot UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– Eg synest det er veldig merkeleg at ikkje politikarane klarer å balansera betre mellom interesser og verdiar. Det er klart at det er ein vanskeleg balansegang, men eg synest at i den saka, var det ein altfor tydeleg tendens til å navigera nærmast mogleg interessene og altfor langt frå verdiane.

– Så dersom vinnaren av Nobels fredspris frå 2010 Liu Xiabo, ikkje hadde døydd, men fått høve til å koma til Noreg for å ta imot fredsprisen, då ville du ha tatt imot han også?

– Det er klart. Eg ville ha sett det som mi absolutte plikt å møta Liu Xiabo, dersom han hadde kome hit. No skjedde jo ikkje det, og det er forferdeleg trist. Og noko av det eg vil hugsa best frå desse åtte åra, er den tomme stolen i 2010, då Liu Xiabo skulle ha vore her og tatt imot Nobels fredspris.

– No drar du frå det valde rektorvervet ved Universitetet i Oslo for å overta som tilsett rektor ved Karolinska Institutet i Stockholm. Kva trur du blir den viktigaste skilnaden?

– Karolinska er ikkje eit breiddeuniversitet som UiO, så jobben blir meir kopla inn mot medisin og relaterte fagområde.

- Og i starten er det heller ingen tvil om at det gjeld å koma seg over denne Macchiarini-skandalen. Å bringa universitetet tilbake igjen på det same omdømmet som det fortener å ha blant folk. Ein må sørgja for at alle som arbeider på Karolinska Institutet får tilbake arbeidsgleda og at Karolinska får tilbake den posisjonen i samfunnet som institusjonen fortener. Det er eit av verdas leiande universitet innanfor det medisinske fagområdet og eit universitet som på alle vis er framifrå. Det står berre igjen å gjera det slik at den
skandalen som har vore, bidrar til å styrkja Karolinska. Og det trur eg det er stort håp om at me kan klara å få til.

– Kunne Macchiarini-saka også ha skjedd hos oss?

– Ja. Det ville ha vore arrogant å seia at det ikkje kunne ha dukka opp hos oss.  Det gjeld for ein kvar institusjon, også UiO,  å ha ein kultur og ein etisk beredskap som
gjer det mest mogleg usannsynleg at slike skandalar skjer, meiner Ole Petter Ottersen.

Dei neste fem åra skal han vera rektor ved Karolinska Institutet, men han vil ikkje brenna alle bruer til Universitetet i Oslo. 

– Nei, eg skal ha ein professor II-stilling, og når åremålet er slutt, vender eg tilbake til UiO for å driva med forsking, lovar han. 

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ytring

Norwegian svarer: "Grunnløse påstander"

- Grove påstander uten rot i virkeligheten, svarer Norwegians kommunikasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen på kritikken om at selskapet ikke respekterer grunnprinsipper i norsk arbeidsliv.

Hjelseth vil ikke fly med Norwegian:

«En rammeavtale med Norwegian undergraver norsk arbeidsliv»

Arve Hjelseth får støtte i UAs kommentarfelt for sin personlige boikott av Norwegian, som NTNU har inngått rammeavtale med. Kritikken av Berg-Hansen møter delte reaksjoner.

Ytring:

Berg-Hansen svarer på kritikken

- Den enkelte kan oppleve at friheten begrenses, men man må huske at virksomheten oppnår store besparelser kan brukes til kjernevirksomheten, skriver administrernde direktør Per Arne Villadsen i Berg-Hansen.

Ni norske studenter kastes ut av Russland

Ni norske og ni svenske studenter på utveksling i St. Petersburg må forlate Russland innen tre dager, ellers vil de bli deportert.