- Vestlandet får ein ny kunnskapsveg

Han har slett ikkje vore sikker på at denne dagen ville kome. Men i dag kom kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Bergen for å feire at tre høgskular har slått seg saman for å bli Høgskulen på Vestlandet.
Mens ei rekke andre utdanningsinstitusjonar elles i landet starta 2016 med å feire sine nyfusjonerte institusjonar, møtte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meir motstand på Vestlandet. I dag kunne han kome til Bergen for å gratulere studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet med vel gjennomført fusjon.
(Foto: Tor Farstad)

Mens ei rekke andre utdanningsinstitusjonar elles i landet starta 2016 med å feire sine nyfusjonerte institusjonar, møtte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meir motstand på Vestlandet. I dag kunne han kome til Bergen for å gratulere studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet med vel gjennomført fusjon. Foto: Tor Farstad

Tysdag kunne Erna Solberg stå på Campus Fosshaugane i Sogndal og løfte ei forgylt saks, og med denne virtuelt klippe over snora for den nye Høgskulen på Vestlandet. Det vesle snippet frå saksa blei vist på storskjerm på dei øvrige nærregionane Bergen og Stord/Haugesund. Like etter kunne Torbjørn Røe Isaksen ta ordet, og snakke til heile den nye høgskulen, skriv På Høyden.

– Dette er ein viktig dag for Norge, og Vestlandet. Dette er på mange måtar opning av ein ny kunnskapshovudveg på Vestlandet. Den vil binde regionane saman, sa Torbjørn Røe Isaksen i sin tale.

Han minna om at det no reisa kan starte.

Éi klar melding til dei tilsette

– Fusjonen er ikkje punktum. Dette er starten. Det å bli større, gjev i seg sjølv ikkje høgare kvalitet. Men moglegheitene ein får, gjer at det er verdt det. Ein får høve til å markere seg på ein heilt annan måte, sa Torbjørn Røe Isaksen.

Han ønsker at dei tilsette ved Høgskulen skal nytte seg av dei nye moglegheitene som ein fusjon gir.

– Karpe diem. Grip moglegheitene. No gjenstår det mykje hardt arbeid, men belønninga  som ventar kan vere desto større, seier Torbjørn Røe Isaksen til På Høyden.

– Kva belønning tenker du på?

– Synergiar. Tettare samarbeid. Betre undervisning. Målretta rekruttering. Tettare kontakt med arbeidsliv og næringsliv. Kan ein bygge på styrkene som allereie finst, vil ein nå langt.

– Førre vinter var representantar for dei tre høgskulane samla på Kokstad, for å prøve å bli kjende med kvarandre. Sjølv sterke krefter har ønskt  fusjon, har det også vore ein djuptloddande motstand mot fusjonen. Har kunnskapsministeren på noko tidspunkt tvilt på om Høgskulen på Vestlandet ville bli ein realitet?

– Eg har ikkje vore sikker på at vi ville få fusjon i den forma vi no har fått.  Det har jo vore ulike konstellasjonar. Stord/Haugesund låg i forhandlingar med Universitetet i Stavanger, som det viste seg ikkje gjekk. Samtidig blei det gitt eit inntrykk at at motstanden i Sogndal var så massiv, at det ikkje ville gå. Då eg besøkte Sogndal, opplevde eg at motstanden ikkje var så innbitt som lokalmediene hadde gitt inntrykk av. Det var faktisk delte meiningar om fusjonen, både mellom ulike campusar og mellom ulike fagmiljø. Så eg var optimistisk med tanke på at eg skulle få til noko, seier Torbjørn Røe Isaksen til På Høyden.

Ikkje redd fusjonstoget har gått for fort

– I juni kom dei positive styrevedtaka, eit halvt år seinare er fusjonen er faktum. Dette har vore eit halvår kor viktige prosesser har gått i eit høgt tempo. Er du uroa for at tempo kan ha gått på bekostning av grundigheit i arbeidet med å få fusjonert tre høgskular?

– Nei. men det å få fusjonsvedtaket i styra og resolusjonen i statsråd, det var viktig for å få fokusert prosessen vidare. Det blei på ein måte å sette ein sluttstrek. Så kan ein heller no legge inn energien på å få fusjonen til å verke, seier han til På Høyden.

– Og når kan Høgskulen på Vestlandet bli universitet, slik dei har ambisjon om?

– Når dei oppfyller dei faglege kriteria vi har sett. Eller, la meg omformulere: Når NOKUT seier at kriteria er oppfylt, kan vi gjere vedtaket. Men som rektor Berit Rokne seier: Det å bli universitet, har liten praktisk betydning. Det er først og fremst eit teikn på at ein held ein viss, akademisk standard.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Starmus:

- Mye har vært interessant, men det er også noe jeg ikke har forstått

Selv om de ikke forsto alt som ble sagt fra scenen var de besøkende under festivalen som vi snakket med fornøyde.

Body Worlds:

Over åtte tusen har vært innom for å se de døde menneskene

Direktøren er storfornøyd med besøkstallene etter tre uker med døde menneskekropper på Vitenskapsmuseet.

Arkitektbedriftene i Norge:

Kritiserer konkurransen i NTNUs campusprosjekt

Arkitektbedriftene i Norge kritiserer NTNU-ledelsen for dårlig gjennomføring av idé- og plankonkurransen for campussamlingen i Trondheim.

Tyrkia fjerner Darwin fra pensum

Charles Darwins evolusjonslære skal ikke lenger være en del av pensum ved Tyrkias skoler. Den er for kontroversiell og vanskelig, hevder myndighetene.