Eit fleirtal ved Høgskulen i Volda ønsker å fortsette med vald rektor

Leiinga foreslår å halda fram med dagens styringsmodell
Rektor Johann Roppen er i dag vald. Også neste HiVolda-rektor kan bli vald framfor tilsett. (Foto: Olav Standal Tangen)

Rektor Johann Roppen er i dag vald. Også neste HiVolda-rektor kan bli vald framfor tilsett. Foto: Olav Standal Tangen

Ei spørjeundersøkinga ved Høgskulen i Volda viser fleirtal for vald rektor blant tilsette og studentar. På komande styremøtet innstiller leiinga på å halda fram med dagens styringsmodell, skrivPå Høyden.

Medan fleire høgskular og universitet dei siste åra har bestemt seg for å gå frå valt til tilsett rektor, ønsker eit fleirtal ved Høgskulen i Volda å halda fram med styringsstrukturen dei har i dag. 

I dag, onsdag, skal saka opp i høgskulestyremøtet, og høgskuledirektøren har innstilt på å halda fram med vald rektor. 

Høgskulen i Volda har hatt ei spørjeundersøking blant tilsette og studentar, og oppslutnaden for valt rektor er klart størst blant faglege og vitskaplege tilsette. Her seier 73 prosent at dei ønsker å halda fram med styringsstrukturen slik den er i dag. Samla er fleirtalet på 65 prosent for å halda fram med vald rektor. 

Les også: HiVolda pluss UiB er lik sant

Studenttinget ønsker tilsett rektor

«Høgskuledirektøren går inn for at HVO skal halde fram med gjeldande ordning som er vald rektor. Det er ikkje støtte i litteraturen for at skifte av modell gjer HVO betre i stand til å møte utfordringane i framtida.  Det er difor meir erfaringsbaserte og pragmatiske omsyn enn prinsipielle som ligg til grunn for ein slik konklusjon», skriv Høgskuledirektør Jacob Kjøde i saksframlegget. 

Studenttinget i Volda stemte over saka i oktober i fjor, og fleirtalet ønska ein overgang til tilsett rektor. Men i spørjeundersøkinga er det eit knapt fleirtalt på 53 prosent for vald rektor blant studentane som har delteke.

Saka har også vore ute på høyring, og det er ingen av høyringsinstansane som uttalar at dei ønsker tilsett rektor, bortsett frå Studenttinget. Hjå éin av høyringsinstansane er synet delt, og éin tar ikkje stilling til modellen. Fleirtalet seier at dei ønsker å halda fram med vald rektor, skrivPå Høyden.

Per i dag er det berre Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, UiT Norges arktiske universitet og Høgskulen i Molde som framleis har ordninga med vald rektor.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny klynge for treindustrien:

- Dette vil føre til bedre kvalitet på undervisningen

Stedlig leder for Studentparlamentet i Gjøvik og Studenttinget NTNU mener den nye klyngen for treindustri er en tillitserklæring til campus Gjøvik.

Teslas toppsjef advarer mot utvikling av robotvåpen

Tesla-sjef Elon Musk advarer mot drapsroboter. Han mener framtidas krigsteknologi kan løpe fra oss, med mindre vi bremser den raske robotutviklingen.

NTNU Tilrettelegging:

Tusenvis av studenter sliter - her får de hjelp

NTNU har samlet kreftene som bistår studenter med behov for støtte og tilrettelegging.

Arrangerer NM i hacking for å kapre de klokeste hodene

Mange forbinder nok fagfeltet mest med småkriminelle tenåringer. Nå arrangerer NTNU norgesmesterskap i hacking for å få tak i de skarpeste hodene på området.