- Eldre forskarar som ikkje leverer bør få sluttpakker

– Dei eldre forskarane som ikkje lenger leverer godt nok, må få høve til å gå av før dei blir pensjonistar. Derfor bør det opprettast sluttpakker som vil gjera det mogleg, foreslår biologiprofessor Nils Chr. Stenseth.
Yngre forskarar slit med å få fast jobb: - Etter mi meining må me difor tilby sluttpakker til dei eldre forskarane som ser at dei yngre forskarane som er i mellombels stillingar gjer det langt betre enn dei, sier professor og senterleder Nils Chr. Stenseth.
(Foto: Ola Sæther)

Yngre forskarar slit med å få fast jobb: - Etter mi meining må me difor tilby sluttpakker til dei eldre forskarane som ser at dei yngre forskarane som er i mellombels stillingar gjer det langt betre enn dei, sier professor og senterleder Nils Chr. Stenseth. Foto: Ola Sæther

Hausten 2016 slo Nils Chr. Stenseth på stortromma og på førstesida i Uniforum fortalde han at han gjerne ville bli rektor ved Universitetet i Oslo. Men då fristen for å melda seg på i rektorløpet gjekk ut 10. januar kl. 16.00 var ikkje Nils Chr. Stenseths namn der, skriv Uniforum.

– For elititistisk

– Eg sa den gongen at eg var for elitistisk til å bli vald, og det står eg framleis fast på. Og så er vel ikkje alle einige med meg når det gjeld forholdet mellom faste og mellombels stillingar, trur han. Ingenting tyder på at han har endra meining på dei områda sidan han sjølv kunngjorde at han ville bli rektor. – Personalpolitikk er viktig for at det skal bli eit godt fagmiljø. Den kan gjera miljøet godt, dynamisk, og vera med på å støtta opp om gode fagmiljø. Men når nokre gode miljø blir støtta ekstra, må andre miljø lida under det. I nokre tilfelle må dei leggja ned, slår han fast.

– Kan tilby sluttpakker

Nils Chr. Stenseth meiner at det av og til må vera naudsynt å seia stopp til dei som ikkje lenger held oppe tempoet i forskinga.

– Den personen som ikkje publiserer gode, nye ting må me ta oss av, og eventuelt tilby vedkomande eit insentiv for å avslutta forskarkarrieren, synest han.

Stenseth er overtydd om at det er svært viktig å støtta opp om dei yngre forskartalenta.

– Me må begynna å sjå problema dei yngre forskarane har ved ikkje å få fast jobb. Etter mi meining må me difor tilby sluttpakker til dei eldre forskarane som ser at dei yngre forskarane som er i mellombels stillingar gjer det langt betre enn dei. Det kan ikkje vera hyggeleg for dei å sjå. Eg veit at mange eldre, inkludert meg sjølv, produserer like bra som før, sjølv om me nærmar oss pensjonsalderen, men dei som ikkje lenger orkar å vera med i denne dansen må få høve til å slutta som forskar. Mesteparten av dei tinga me arbeider med, feilar jo. For me får heile tida avslag på vitskaplege artiklar me har skrive, slår han fast.

Utfordrar rektorkandidatane

No ynskjer rektorkandidaten Universitetet i Oslo aldri fekk, å høyra korleis rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen ynskjer å fremja forskinga ved UiO.

– Korleis vil dei støtta dei gode fagmiljøa som vil nå til topps i internasjonal toppforsking. Samtidig ville det vera viktig å vita korleis dei ville trappa ned fagmiljø som ikkje er så sterke. Å velja mellom slike fagmiljø er ikkje trivielt, tykkjer han. Men han trur ikkje det er vanskeleg å blinka ut kva fagmiljø som det må satsast på. Dei fagmiljøa som leverer artiklar jamt og trutt til vitskaplege tidsskrift, trekkjer til seg kandidatar frå heile verda. Dessutan skaffar dei eksterne pengar til forskingsprosjekta, understrekar han.

– Naudsynt med fleksible jobbordningar

Og for å visa korleis han sjølv tenkjer, trekkjer han inn nobelprisvinnaren i medisin Maj-Brit Mosers personalpolitiske syn.– Eg deler hennar synspunkt om at det er naudsynt med fleksible jobbordningar. Det er sjølvsagt viktig med jobbtryggleik, men ein forskar bør ikkje vera på den same plassen heile tida, understrekar Stenseth. Han forklarar gjerne kva han meiner med det.

Mobilitet

– For oss er det viktig å få folk til å byggja nettverk over alt. Ved senteret eg leier, CEES, Senter for økologisk og evolusjonær syntese, kjem det folk frå heile verda. Dei har sett korleis me har markert oss i det internasjonale fagmiljøet gjennom dei artiklane forskarane på senteret har skrive. Dei utanlandske forskarane som kjem hit, har ikkje noko nettverk frå før. Dermed blir CEES deira nettverk. Men samtidig trekkjer dei inn dei norske forskarane i dette nettverket, sjølv om dei ofte har sosiale nettverk utanfor senteret. Når alle fast tilknytte og mindre fast tilknytte er til stades, vil 39 land vera representerte. Det kallar eg for mobilitet, slår han fast.

Stenseth peikar også på korleis senteret han leier, hjelper yngre, talentfulle forskarar frå andre land. – Me assisterer dei mellom anna med å skriva søknader om støtte til Forskingsrådet.

Ettersom Nils Chr. Stenseth aldri formelt blei rektorkandidat, nyttar han no den fridomen han har til å stilla kritiske spørsmål til dei to som blei rektorkandidatar ; Hans Petter Graver og Svein Stølen.

– Eg vil vita korleis dei verdset mobilitet. Og korleis vil dei byggja opp sterke fagmiljø og byggja ned dårlege miljø. I Noreg finst det universitet som har sterke fagmiljø på nokre område, medan andre universitet har det på heilt andre område. Difor meiner eg at det ikkje er naudsynt for Universitetet i Oslo å byggja opp nye fagmiljø frå grunnen av, dersom det allereie eksisterer eit godt fagmiljø på det området ved eit anna universitet i Noreg, er han overtydd om.


– Gjekk inn i depresjon

Sjølv hugsar han godt korleis han reagerte då han i 1980 fekk vita at han hadde fått fast vitskapleg stilling ved UiO.

– Eg gjekk faktisk inn i ein slags depresjon. For det gjekk etter kvart opp for meg at eg kunne få lønn, og få lønnsauke utan å gjera noko som helst. Det skræmde meg, hugsar han.Stenseth meiner at forskingsleiarar på UiO må bli strengare.– Den første dagen ein nytilsett kjem på jobb, må han eller ho få beskjed om at det blir stilt krav til dei, og at om dei ikkje leverer, må dei finna seg noko anna å gjera, er rådet frå Nils Chr. Stenseth.

Uniforum har vore i kontakt med både rektorkandidat Svein Stølen og rektorkandidat Hans Petter Graver om utspelet frå Nils Chr. Stenseth. Dei lovar å svara i byrjinga av neste veke når dei har sett seg betre inn i synspunkta hans.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Solberg erkjenner nederlag om lærernorm

Statsminister Erna Solberg (H) innrømmer at budsjettenigheten om en lærernorm betyr at regjeringen har akseptert et tiltak den ikke mener er det beste.

Flere voksne innvandrere deltar på norskopplæring

I 2016 deltok 41.600 personer i opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere. Det er en økning på 12 prosent fra året før. 

Håper på byggestart om to år:

Trenger 50 millioner til utbygging av Samfundet

Studentersamfundet trenger mer plass, og ønsker byggestart i andre halvdel av 2019. Men først må de få inn 50 millioner kroner for å finansiere utbyggingen.

Nå kommer robotene som kan skrive forskningsartikler

Et amerikansk selskap har utviklet en programvare som sies å kunne skrive forskningsartikler.