Olsen vann på walkover

Som venta får Dag Rune Olsen fire nye år som rektor ved Universitetet i Bergen.
- Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier attvald UiB-rektor Dag Rune Olsen.
(Foto: Tore Oksholen)

- Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier attvald UiB-rektor Dag Rune Olsen. Foto: Tore Oksholen

Dag Rune Olsen har vore rektor ved UiB i perioden 2013 - 2017, er professor i biomedisinsk fysikk og tidlegare dekan ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet.

1. august skal han ta fatt på sin andre periode saman med ny prorektor Margareth Hagen, og viserektorar Robert Bjerknes og Oddrun Samdal. Det nye rektoratet blei valde utan motkandidatar, skrivPå Høyden.

Kristin Bakken, leiar av valstyret, stadfesta onsdag ettermiddag at Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valt til rektor og prorektor ved UiB i perioden 2017-2021.

LES OGSÅ:Dag Rune Olsen: - Valgt rektor er den beste ordningen

Valstyret ved UiB har hatt møte, og protokollen er underteikna. Ikkje overraskande vann Dag Rune Olsen rektorvalet. Han vart først valt til rektor i 2013, og går no inn i sin andre periode.

Fekk 3 av 4 avlagde stemmer

Valet hadde 17,5 prosent valgoppslutning og 75 prosent av dei avlagde stemmene gjekk til Dag Rune Olsen og hans valplattform.

– Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.

– Tolkar du mangelen på andre kandidatar som at UiB-tilsette jamt over er nøgde med leiinga?

– Ja, det kan lesast slik. Men vi såg også at det var nokre blanke stemmer. Det kan vere eit ønske om ein annan kurs. Det må ein ha respekt for. Det kan også vere eit ønske om at ein heller vil ha tilsett rektor, seier Dag Rune Olsen.

– Korleis skal de feire?

– Vi rekk ikkje feire. Vi skal ha ein EUA-konferanse som startar i dag, samt eit foreståande besøk frå olje- og energiministeren. Så er det påske, og då tenkte eg å ta fri. Men vi vil ha ei lita markering etter påske.

I 2013 var Kuvvet Atakan motkandidat. Denne gongen var det ingen andre som meldte sitt kandidatur.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny klynge for treindustrien:

- Dette vil føre til bedre kvalitet på undervisningen

Stedlig leder for Studentparlamentet i Gjøvik og Studenttinget NTNU mener den nye klyngen for treindustri er en tillitserklæring til campus Gjøvik.

Teslas toppsjef advarer mot utvikling av robotvåpen

Tesla-sjef Elon Musk advarer mot drapsroboter. Han mener framtidas krigsteknologi kan løpe fra oss, med mindre vi bremser den raske robotutviklingen.

NTNU Tilrettelegging:

Tusenvis av studenter sliter - her får de hjelp

NTNU har samlet kreftene som bistår studenter med behov for støtte og tilrettelegging.

Arrangerer NM i hacking for å kapre de klokeste hodene

Mange forbinder nok fagfeltet mest med småkriminelle tenåringer. Nå arrangerer NTNU norgesmesterskap i hacking for å få tak i de skarpeste hodene på området.