Budsjettforliket reddar økonomien til Juss-Buss og JURK

Juss-Buss og Juridisk Rådgiving for Kvinner (JURK) og andre rettshjelptiltak unngår kutt og får ei påplussing på fem millionar kroner. Dermed får dei ei samla løyving på 20 millionar kroner. Men universiteta og høgskulane får auka effektiviseringskuttet med 0,2 prosent.
BUDSJETTFORLIK I STORTINGET: Budsjettforliket mellom regjeringspartia og samarbeidspartia på Stortinget har redda økonomien til Juss-Buss og JURK.
Foto: Stortinget
(Foto: Stortinget)

BUDSJETTFORLIK I STORTINGET: Budsjettforliket mellom regjeringspartia og samarbeidspartia på Stortinget har redda økonomien til Juss-Buss og JURK. Foto: Stortinget Foto: Stortinget

Det går fram av budsjettforliket som regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet inngjekk med Venstre og Kristeleg Folkeparti i går kveld. Uniforum skriv at basisfinansieringa av universitets- og høgskulesektoren blir styrkt med 100 millionar. 50 millionar blir øyremerkte til digitalisering, går det fram av budsjettforliket, ifylgje Venstres nettsider. Dei må likevel tola at effektiviseringskuttet i offentleg sektor blir auka frå 0,5 til 0,7 prosent av budsjettet. 

20 millionar til rettshjelp

Det var då regjeringa la fram forslaget sitt til statsbudsjett tidlegare i haust, at dei kom med framlegg om å kutta 15 millionar kroner i rettshjelpstiltak som Juss-Buss, JURK (Juridisk Rådgiving for Kvinner) og Noas. No er regjeringspartia altså blitt einige med samarbeidspartia på Stortinget, og Venstre syter for at det likevel ikkje blir noko kutt og samtidig aukar løyvinga med fem millionar kroner. Det vil seia at rettshjelpstiltaka totalt får 20 millionar kroner, melder Venstre.

– Skulle berre mangla

Justispolitisk talsperson i Venstre, Abid Raja er svært glad. 

– Eg veit at desse tiltaka gjer ein svært god jobb for folk og det skulle berre mange at me ikkje berre reddar dei, men forsterkar dei, seier Abid Raja til Dagbladet.

Også Gatejuristen, Jushjelpa i Midt-Norge Jusshjelpa i Nord-Norge og Jussformidlingen i Bergen blei råka av kuttet i det første budsjettforslaget frå regjeringa. No får dei også glede av at det kuttforslaget på 15 millionar er borte, og at det i tillegg er kome 5 millionar kroner ekstra til rettshjelpstiltaka.

Budsjettforliket inneber dessutan at effektiviseringskuttet blir auka frå 0,5 til 0,7 på budsjetta til universiteta og høgskulane,  melder nettavisa Khrono.

Samtidig er Norsk studentorganisasjon misnøgd med at det blir sett av pengar til utbygging av 2200 nye studentbustader i staden for til 2501, slik NSO hadde håpa på.   

Dette er andre postar innanfor forskings- og utdanningsbudsjettet som har fått påplussingar:

Forskingssenter for miljøvennleg teknologi, 15 mill.

Kunnskapsløft for havet: 20 mill.

SIVA (Selskapet for industrivekts SF /inkubatorprogram): 50 mill.

Næringsretta forsking: 50 mill.

Forskings-, innovasjons- og utviklingskontraktar: 50 mill.

Tilskot til rettshjelpstiltak: 20 mill.

(Kjelder: Venstres nettside, dokument om budsjettforliket, Dagbladet og Khrono)

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Exit ex.phil?

Statsråden er skeptisk til forslag om et felles førsteår for studenter

Bør dagens innføringsemner ex.phil og ex.fac erstattes av ett, felles første år? UiT-rektor Anne Husebekk foreslår dette. Statsråd Iselin Nybø er skeptisk avventende.

Mads Gilbert kommer til NTNU

Den kjente legen og palestinaaktivisten holder foredrag på Dragvoll under arrangementet «Palestinske dager»

- Også smartinger støtter Brexit

Akademikere vil tilbakevise at det bare er idioter som støtter utmelding av EU.

Ap og SV etterlyser romfartsstrategi

Sosialistisk Venstreparti og Arbeiderpartiet mener regjeringen somler med en romfartsstrategi. Norge henger etter og er ikke proaktive nok, mener partiene.