Stadig fleire kan bli professor eller førsteamanuensis

Det viser Tilstandsrapporten for høgare utdanning for 2017.
Torbjørn Røe Isaksen presenterer Tilstandsrapporten i dag tysdag (arkivfoto).
(Foto: KD)

Torbjørn Røe Isaksen presenterer Tilstandsrapporten i dag tysdag (arkivfoto). Foto: KD

Det er stadig fleire vitskaplege tilsette ved universiteta og høgskulane som har kompetanse til å få stillingar som førsteamanuensis eller professor. Og no er 28 prosent av professorane, kvinner. Det kjem fram i Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017.

Noreg hadde 250 000 studentar ved norske høgskular og universitet i 2016. Samtidig var det 25 000 norske studentar ved utanlandske lærestader. Det syner tal frå Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017. Rapporten blir lagt fram av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen no i formiddag.

Andre generasjon tar oftare høgare utdanning

Tala viser også at norskfødde  i aldersgruppa 19 til 34 år med innvandrarforeldre oftare tar høgare utdanning enn andre i same alder. Av dei mellom 19 og 24 år er det ein endå større del av norskfødde med innvandrarforeldre som tar høgare utdanning.  Farmasi er det faget som har størst  del studentar med innvandrarbakgrunn. Dei norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 20 prosent medan innvandrarar utgjer 35 prosent av studentmassen. Resten av folket utgjer 45 prosent. På odontologi er 31 prosent av studentane innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Dei er overrepresenterte på naturvitskaplege og teknologiske fag, medan dei er underrepresenterte på lærarutdanningane, viser tala i tilstandsrapporten.

Flest Erasmus-studentar

Utanlandske studentar utgjorde under ti prosent, eller 24 341 av alle studentane i Noreg i 2016. Dei fleste av dei var Erasmus-studentar, altså utvekslingsstudentar frå EØS-området, som omfattar både EU-landa og EFTA-landa. Dei norske utvekslingsstudentane reiser i hovudsak til Australia og USA. Av dei 44 500 studentane som tok ein grad ved ein høgare lærestad i fjor, hadde 14 prosent vore på utveksling i utlandet i løpet av studietida. Ein viktig konklusjon på studiestatistikken, er at dei aller fleste studentane som tar mastergrad får seg jobb etterpå. Dei som har størst problem, er dei som tar små spesialiserte fag som allmenn lingvistikk og filosofi.

Færre tar doktorgrad

I 2016 var det 1410 personar som tok doktorgrad i Noreg. Det er det lågaste talet på fem år. Og det er tilbakegang blant kandidatar som er finansierte av både Forskingsrådet og av eksterne kjelder. 38 prosent av dei som tok doktorgraden i Noreg i fjor, var utanlandske statsborgarar. To av tre utlendingar med doktorgrad i teknologiske fag er sysselsette i Noreg to år etter at dei er ferdige med disputasen.

Mange nordmenn kjem også tilbake til Noreg med doktorgrad frå utlandet. I 2015 var Noreg det nordiske landet som hadde den høgaste delen med utanlandske doktorandar. Det har vore om lag like mange kvinner som menn som har tatt doktorgrad dei siste åra. Oppsummeringa til Kunnskapsdepartementet viser at målet for kor mange doktorgradar som skulle bli gjennomførte, ikkje er nådd.

Humaniora dåregast på gjennomføring

Humaniora har dei kandidatane som er dårlegast til å gjennomføra doktorstudiet. Det vil seia at dei ikkje brukar lengre tid på sjølve doktorarbeidet, men dei er eldre når dei begynner enn kandidatar på andre fagområde.

Det blei publisert fleire  forskingsartiklar av vitskapleg tilsette på statlege institusjonar i fjor, samanlikna med året før. I gjennomsnitt har kvar fagleg tilsett publisert 1,15 publiseringspoeng. Dei private institusjonane er i ferd med å ta igjen litt av forspranget til dei statlege forskingsinstitusjonane, går det fram av Tilstandsrapporten.

Returdelen frå EU går litt ned

Når det gjeld dei eksterne inntektene fekk norske forskingsinstitusjonar 445 millionar kroner frå  EUs rammeprogram, og i tillegg kom 72 millionar frå andre  program. I mars utgjorde Noregs returdel frå EU 1,82 prosent. Det er ein liten nedgang samanlikna med tal frå same periode i fjor. Kunnskapsdepartementet viser til at Noreg hentar for få stipend frå det europeiske forskingsrådet ERC samanlikna med dei andre nordiske landa.

Kompetanseheving mellom dei vitskapleg tilsette

Når det gjeld dei fagleg tilsette på universiteta og høgskulane har det gjennom fleire år vore ei heving av kompetansen. I dag har 73 prosent av alle dei faglege tilsette førstestillingskompetanse, noko som vil seia doktorgrad eller tilsvarande. I gjennomsnitt er 23 prosent av dei faglege tilsette, professorar. Av dei er 28 prosent kvinner. Det er over gjennomsnittet til EU-landa, men Kunnskapsdepartementet seier seg likevel ikkje nøgd. 

Noregs handelshøgskule har den høgaste delen av fagleg tilsette med førstestillingskompetanse. Der har 96 prosent av dei fagleg tilsette denne kompetansen. Men institusjonen blir tett fylgd av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.

17,5 prosent i mellombelse stillingar

Det blei i 2016 utført 2,5 faglege årsverk for kvart administrative årsverk ved universiteta og høgskulane i 2016. Samtidig har talet på mellombels tilsette i undervisnings og forskarstillingar gått litt opp samanlikna med 2015. Til saman utgjer dei 17,5 prosent av dei tilsette i denne gruppa.

Fekk 33,5 milliardar over  statsbudsjettet

I 2016 fekk universiteta og høgskulane ei samla løyving over statsbudsjettet på 33,5 milliardar kroner. I tillegg fekk dei tildelt 3,6 milliardar kroner frå Forskingsrådet, regionale forskingsfond og EU.  

Og dei universiteta og høgskulane som framleis held seg med vald rektor  som også leier styret, blir færre og færre. Frå august 2017 vil ni av 21 universitet og høgskular ha tilsett rektor med ekstern styreleiar. Frå 2016 blei også dette, gjennom ei lovendring, hovudmodellen for styring og leiing ved universitet og høgskular.

Uniforum fylgjer opp saka med meir tal og med kommentarar frå mellom andre kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Tilstandsrapporten:

Tilstandsrapporten er utarbeidt av analyseteamet i Universitets- og høgskuleavdelinga, i samarbeid med Avdeling for analyse, internasjonalt arbeid og kompetansepolitikk (AIK) og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Datagrunnlaget er i hovudsak frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) ved Norsk senter for forskingsdata (NSD).

UH-institusjonane med flest studentar
  • NTNU:    37 434 studentar
  • UiO:       27 582 studentar
  • BI:          20 738 studentar
  • HiOA:    18 494 studentar
  • UiB:      16 375 studentar
UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny studentleder:

- Når en har vært et sted en stund, merker en jo at mye kan forbedres

Den nye studentlederen tok et år på folkehøyskole fordi foreldrene anbefalte det, og ble med i Studenttinget fordi forbildet hans spurte om han ville.

Gjesteskribenten:

Likestilling må til for å fremme omstilling

«Skal vi få de best egnede hodene og hendene inn i disse nøkkelområdene for Norge nytter det ikke å rekruttere bare fra halve befolkningen», skriver UAs gjestekommentator Tord Lien.

Intelligente nettverk kan bli farlige for oss

Nå blir datamaskinene smartere enn menneskene. Det er ikke nødvendigvis godt nytt for oss, sier NTNU-professor Keith Downing.

AP konfronterte statsråden om nedgangen i fattige studenter

- Er det en villet politikk fra regjeringen at det kommer færre studenter til Norge fra Afrika? spurte Arbeiderpartiets Nina Sandberg i Stortingets spørretime.