På flukt for å ha kjempa for akademisk fridom

Studentleiar Joanah Mamombe frå Zimbabwe og forskaren Abdo Al-Bahish frå Jemen blei trakasserte og forfylgde i heimlanda sine. No har dei fått ei trygg hamn i Bergen og i Oslo. Denne veka deltok dei på konferansen Academic Refuge på UiO.
Joanah Mamombe frå Zimbabwe og Abdo Al-Bahish frå Jemen lever begge i eksil i Noreg etter å ha kjempa for menneskerettane og akademisk fridom i heimlanda sine. Dei er no under vern av Students at Risk og Scholars at Risk.
Foto: (Foto: Martin Toft, Uniforum)

Joanah Mamombe frå Zimbabwe og Abdo Al-Bahish frå Jemen lever begge i eksil i Noreg etter å ha kjempa for menneskerettane og akademisk fridom i heimlanda sine. Dei er no under vern av Students at Risk og Scholars at Risk. Foto: Foto: Martin Toft, Uniforum

Det var Students at Risk og Scholars at Risk som tok Joanah Mamombe og Abdo Al-Bahish under sine venger, då det begynte å brenna under dei, skriv Uniforum.

Slik kom studentleiaren Joanah Mamombe under vern ved Universitetet i Bergen medan forskaren Abdoa Al-Bahish fekk ein trygg stad å vera ved Norsk senter for menneskerettar på Universitetet i Oslo. Det er dei glade for.

Begge opplevde å bli arresterte og mishandla i heimlanda sine før dei kom til Noreg. Denne veka møttest dei på UiO, der mange forskarar og studentar under vern var samla til konferansen Academic Refuge, der også grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn var til stades.

Følg Universitetsavisa på Facebook og Twitter.

LES OGSÅ: Nasser Karami ble fengslet på grunn av forskningen sin. Nå jobber han på NTNU

Kjempa for rettane til kvinner og studentar

Joanah Mamombe kjempa både for studentrettar og kvinnerettar i Zimbabwe, samtidig som ho tok bachelorgrad i molekylær bioteknologi.

– Eg var tidlegare studentleiar og likestillingsansvarleg i Zimbabwes nasjonale studentorganisasjon (Zinasu). Den kjempar både for menneskerettar og akademisk fridom. Eg var svært aktiv i å mobilisera kvinnelege studentar til å koma saman for å kjempa for menneskerettane og for å mobilisera alle studentar til å kjempa for akademisk fridom. I ein slik politisk situasjon som Zimbabwe er i i dag, ser styresmaktene på deg som eit trugsmål. Eg blei eit offer for denne politikken, og derfor blei eg arrestert fleire gonger og eg blei også torturert og mishandla. Derfor fekk eg til slutt høve til å koma under vern i Noreg gjennom programmet til Students at Risk, fortel ho til Uniforum.  

Forskaren Abdo Al-Bahish kom også i klammeri med det diktatoriske styret til tidlegare president Ali Abdullah Saleh i Jemen.

– Eg var ein sterk motstandar av regimet hans, og kjempa hardt mot det med fredelege metodar. Han hadde styrt landet mitt i 33 år. Saleh blei vald til president, men utvikla seg etter kvart til å bli ein slags konge eller diktator. Han sette grunnlova i Jemen til side, og overtok heile kontrollen med landet sjølv. Dessutan er det mange radikale islamske grupper i Jemen. Dei har dukka opp dei siste åra, og deira leiarar er også svært diktatoriske av seg og tillét ikkje folk noka slags form for menneskerettar eller akademisk fridom. Alt dette er synd under islamsk lov, ifylgje leiarane for desse gruppene.

– Eg har kjempa mot både den tidlegare presidenten og mot alle desse radikale, islamske gruppene. Ikkje minst har eg skrive mange kritiske artiklar. På grunn av det, og fordi eg er ein berømt forfattar i Jemen, er eg blitt trakassert og arrestert, fortel Al-Bahish til Uniforum.

Seinare har utviklinga i Jemen har gått frå ille til endå verre, og etter kvart blei det borgarkrig, der Saudi-Arabia også blanda seg inn i krigen mot radikale islamistar. Al-Bahish følte seg difor ikkje lenger trygg i Jemen.

– Så då tok eg kontakt med Scholars at Risk for å høyra om dei kunne gjera noko for å få meg til ein trygg stad. Dei kom med ein rask reaksjon og sende meg først til Ungarns hovudstad Budapest, før eg til slutt fekk ein plass som gjesteforskar ved Norsk senter for menneskekerettar på Universitetet i Oslo, seier Al-Bahish.

LES OGSÅ: - Drar jeg hjem havner jeg i fengsel, men jeg skal hjem

– Føler meg trygg i Bergen

For Joanah Mamombe var det tøft å forlata Zimbabwe og koma til våte og kalde Bergen i Noreg.

 – Det er aldri lett å forlata landet ditt. Du har venner og familie der. Heime er alltid best, ikkje sant? For meg var det for tøft å bu i heimlandet mitt. Eg kunne ikkje halda fram med studia mine, og eg kunne ikkje ta utdanninga mi. På grunn av internett, kan eg likevel ha kontakt med vennene mine i Zimbabwe. Eg føler meg trygg i Bergen og i eit demokratisk land som Noreg. Det gir meg tid til å reflektera over mitt eige liv og kva eg vil oppnå i framtida.  Dessutan kan eg tenkja ut nye strategiar og hjelpa dei som framleis er i Zimbabwe og kjempar for menneskerettar og akademisk fridom der, understrekar ho.

– Kjendest som om eg var i eit fengsel

For Abdo Al-Bahish var det tungt å forlata Jemen, men for han var det heller ingen andre alternativ.

– Det var ikkje lenger mogleg for meg å skriva kritiske avisartiklar, uttala meg om politiske spørsmål eller driva forsking i Jemen. For meg kjendest det som om eg var i eit fengsel. Eg frykta at eg ville bli angripen av både radikale islamske grupper og av folka til diktatoren, Ali Abdullah Saleh. Derfor var det eit godt og viktig val å forlata Jemen og få halda fram med forskinga og skrivinga mi i trygge omgivnader utanfor heimlandet mitt. No får eg skrive kritiske artiklar og eg får dessutan publisert forskingsartiklar i vitskaplege tidsskrift.

– Vil det nokon gong bli mogleg for deg å dra tilbake til Jemen?

– Akkurat no vil det vera heilt umogleg for meg å dra tilbake. Før det kan skje, må det bli slutt på borgarkrigen, og det må vera mogleg å føra eit vanleg liv der. Demokrati og fridom må ha blitt innført. Om eg reiser tilbake no, er eg overtydd om at eg vil bli arrestert eller drepen.

– Vender tilbake når eg er ferdig med studia

– Og for deg, Joanah Mamombe?

–Eg kan ikkje studera ved noko statleg universitet i Zimbabwe. Eg kan dra tilbake, men eg vil ikkje gjera det før eg har avslutta studia mine i Bergen. Styresmaktene stilte meg for retten, men eg blei frifunnen for alt som dei skulda meg for, så derfor kan eg venda heim utan at dei har nokon grunn til å arrestera meg. Men med eit slikt diktatur som me har i Zimbabwe, kan dei likevel finna på å koma med eit påskot for å arrestera meg.

– Derfor må eg vera svært forsiktig og tenkja nøye over konsekvensane, dersom eg reiser til Zimbabwe. Det hadde vore fint å kunna ha høve til å besøkja familie og venner, men det er også naudsynt å vera klar over risikoen det vil utgjera. Så snart eg er ferdig med studia mine, vil eg reisa til Zimbabwe for å halda fram med kampen for menneskerettane og akademisk fridom.

Ber om internasjonal støtte i kampen mot regima

Både Abdo Al-Bahish og Joanah Mamombe trur det internasjonale samfunnet og akademikarar i andre land kan leggja press på heimlanda deira for at forholda skal bli betre, slik at folk igjen kan ta i bruk dei demokratiske rettane sine. Abdo Al-Bahish har også tru på FN.

– Både FN, akademiske institusjonar og menneskerettsorganisasjonar kan setja i gang aksjonar både mot dei radikale, islamske gruppene og diktatoren  Saleh i Yemen. På den måten kan dei tvinga dei til å tillata folk til å ta i bruk sine demokratiske rettar igjen, respektera menneskerettane og den akademiske fridomen. Dei må også tvinga dei til å gi alle borgarane av Jemen sivile rettar.

– Gi pengane til dei som kjempar for menneskerettane

Joanah Mamombe meiner at det er svært viktig at heile verda får vita om overgrepa som desse diktatoriske regima står bak.

– For oss i Zimbabwe er internasjonal solidaritet det aller viktigaste nett no. Me må få ut informasjon om desse diktatura. Eg visste ikkje at Jemen var eit så diktatorisk regime. Det er viktig at det blir internasjonalt kjent, alt det som skjer i desse diktatura. Og for oss er det veldig bra at me kan koma saman på slike samlingar som dette, som Scholars at Risk og Students at Risk står bak. På den måten kan me lata andre få vita meir om den kampen me er i i Zimbabwe. Det internasjonale samfunnet kan også gi pengar til studentar , forskarar og andre som kjempar for akademisk fridom og for menneskerettane, seier Joanah Mamombe. Ho trekkjer fram at universiteta i Zimbabwe er finansierte 80 prosent av staten i dag.

– Difor vil ingen kritisera styresmaktene. Eg meiner at det er  betre at land som gir direkte pengehjelp til Zimbabwes regjering heller gir desse pengane direkte til dei personane som står midt i kampen for menneskerettar og akademisk fridom i Zimbabwe, er oppfordringa frå Joanah Mamombe.

Fakta om Scholars at Risk:

- Scholars at Risk Network blei etablert ved Chicago University i 1999

- Nettverket arbeider for å verna forfylgde akademikarar over heile verda.

- Har handsama over 2000 meldingar frå forskarar i fare sidan 2001.

- Tar imot mellom 50 og 60 forskarar ved medlemsinstitusjonane kvart år.

- Har medlemar frå meir enn 350 universitet i 36 land.

- I Noreg er 19 institusjonar med i nettverket og det finst også ei eiga avdeling av nettverket.

- Noreg tok imot fire forskarar i 2013-14 og vil ta imot fem eller seks i 2015-16.

- I 2012 fekk grunnleggjaren av Scholars at Risk, Robert Quinn UiOs menneskerettspris.

Juni 2015: Scholars at Risk legg fram rapporten «Free to Think» som dokumenterer 333 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar frå 2011 til 2015.

(Kjelder: Uniforum og Scholars at Risk)

Fakta om Students at Risk:

- Students at Risk er ei mellombels ordning i Noreg som gjer at studentar, som av tryggingsårsaker ikkje har høve til å halda fram studia i heimlanda sine, kan fullføra i Noreg. 

- Saman med Norsk studentorganisasjon jobba Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) i to år for prosjektet, som blei ein realitet hausten 2015. 

- Ordninga blir administrert av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) på vegner av Utanriksdepartementet. 

- Ordninga gjeld for studentar i land som er mottakarar av offisiell utviklingsbistand (ODA), og som over tid aktivt og utan omsyn til eigen tryggleik har involvert seg for å fremja menneskerettar og demokratiutvikling.

(Kjelder: SAIH og Senter for internasjonalisering av utdanning)

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

KD slår fast at NTNU brøt loven da de krevde egenbetaling for studieturer

Samtidig åpner departementet for å diskutere hvor linjene skal trekkes, og har bedt om tilbakemeldinger fra sektoren.

Studenter tar opp forbrukslån for å dekke månedlige utgifter

6 prosent av unge mellom 18 og 29 år tar opp kreditt- eller forbrukslån for å forsørge seg selv, viser en undersøkelse. 

Tøffere kamp om studentboligene

Mindre enn 15 prosent av studentene i Norge vil kunne bo i studentbolig i år, ifølge Norsk studentorganisasjon (NSO).

Titusenvis får ønsket studieplass, men ikke alle utdanninger leverer

Når om lag 55.000 nye studenter møter opp ved høyskoler og universiteter i høst, kan ikke kunnskapsministeren garantere at alle vil få god nok undervisning.