Massiv motstand mot skulepengar

Forslaget til regjeringa om skulepengar for internasjonale studentar utanfor EU/EØS møter massiv motstand.
Leiar av Studentparlamentet ved UiB, Tommy Aarethun, ristar på hovudet av forslaget til regjeringa om skulepengar for internasjonale studentar.
(Foto: På Høyden)

Leiar av Studentparlamentet ved UiB, Tommy Aarethun, ristar på hovudet av forslaget til regjeringa om skulepengar for internasjonale studentar. Foto: På Høyden

Leiaren i Studentparlamentet ved UiB, Tommy Aarethun, meiner det er hårreisande at studentar frå land utanfor EU skal finansiere eit kutt til UH-sektoren på 80,5 millionar.

– Dette er uhaldbart og no blir det kamp. Allereie i dag har Norsk studentorganisasjon varlsa at det vil verte demonstrasjonar i Oslo. Vi i Studentparlamentet skal også jobbe opp mot politikarane, særleg i Krf og Venstre, seier Aarethun til På Høyden.

- Angrep på lik rett til utdanning

Han meiner at budsjettet som vart lagt fram i dag ikkje tek studenten på alvor og at innføringa av skulepengar for internasjonale studentar utanfor EU er ein dårleg idé.

– Dette er eit angrep på lik rett til utdanning og ei fjerning av gratisprinsippet. Erfaringar frå andre land syner at vegen er kort til skulepengar for alle studentar. No set vi vår lit til at stortinget stoggar forslaget om skulepengar for internasjonale studentar, seier Aarethun.

No håpar Aarethun at samarbeidspartia til regjeringa vil setje ein stoppar for dette forslaget.

– Eg fryktar det kan bli ein realitet, men eg håpar at Krf og Venstre står på sine prinsipp og stansar dette. Dei må vise at dei satsar på utdanning, og dei må ta desse kampane no.

Aarethun har også sett fleire reaksjonar blant studentane på UiB etter at dette forslaget vart lagt fram.

– Vi har registrert ein del reaksjonar på sosiale medier og den samla studentmassen verkar veldig kritisk til dette. Gratisprinsippet er, og bør vere, eit sentralt punkt i norsk utdanning.

Bør oppretthalde tilbodet om gratis utdanning


Også leiar for Universitets og høgskulerådet, Ole Petter Ottersen, er overraska over forslaget. I UHR si pressemelding seier Ottersen mellom anna dette:

– Internasjonalisering er av stor betyding for norsk høgare utdanning, og som eit høgkostland i utkanten av Europa er det viktig å ikkje legge stein til byrda for dei som ynskjer å studere i Noreg. Norske utdanningsinstitusjonar har også eit samfunnsansvar, og Noreg bør som eit rikt land oppretthalde tilbodet om gratis utdanning til alle, seier Ottersen.

Fryktar Noreg vil gå glipp av mange talent


Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, reagerer også sterkt på forslaget om skulepengar. I ei pressemelding frå UiB er rektoren redd Noreg vil gå glipp av mange talent og peikar på at det ved UiB er rundt 600 studentar som vil verte råka av dette forslaget.

– Eg håpar verkeleg ikkje at dette går igjennom i Stortinget, seier Olsen.

Regjeringa seier at det er opp til kvar enkelt institusjon å krevje ei eventuell eigenbetaling frå studentane frå disse landa. Konstituert universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier at dette vil tilsvare 7,9 mill. kroner for UiB.

Om UiB vil ta rekninga på nesten åtte millionar, har ikkje vore diskutert enno.

– Dette er alt for ferskt, seier Bernstrøm.

Relaterte artikler

- 16 mill? NTNU har brukt 300 på Moser alene

Hva mener Gunnar Bovim om statsbudsjettet? Se intevju med NTNU-rektoren her.

- Skolepenger kan knuse drømmen min

Masterstudent Iryna Prykhodko fra Ukraina er redd for at drømmene hennes kan gå i knas dersom hun må betale skolepenger for å studere i Norge.

Skolepenger for utenlandske studenter

Skolepenger for studenter fra utlandet og 16 millioner til eliteforskere ved NTNU.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny studentleder:

- Når en har vært et sted en stund, merker en jo at mye kan forbedres

Den nye studentlederen tok et år på folkehøyskole fordi foreldrene anbefalte det, og ble med i Studenttinget fordi forbildet hans spurte om han ville.

Gjesteskribenten:

Likestilling må til for å fremme omstilling

«Skal vi få de best egnede hodene og hendene inn i disse nøkkelområdene for Norge nytter det ikke å rekruttere bare fra halve befolkningen», skriver UAs gjestekommentator Tord Lien.

Intelligente nettverk kan bli farlige for oss

Nå blir datamaskinene smartere enn menneskene. Det er ikke nødvendigvis godt nytt for oss, sier NTNU-professor Keith Downing.

AP konfronterte statsråden om nedgangen i fattige studenter

- Er det en villet politikk fra regjeringen at det kommer færre studenter til Norge fra Afrika? spurte Arbeiderpartiets Nina Sandberg i Stortingets spørretime.