Over 50 000 demonstrerte til støtte for universitet i Ungarn

Opp til 50 000 personar tok til gatene i Budapest sundag for å demonstrera mot regjeringa si avgjerd om å stengja Central European University.
DEMONSTRERTE: Mange tusen ungararar demonstrerte til støtte for universitetet Central European University sundag. Kravet deira var at presidenten skulle leggja ned veto mot framlegget frå Parlamentet om å stengja universitetet. (Foto: Ola Sæther, Uniforum)

DEMONSTRERTE: Mange tusen ungararar demonstrerte til støtte for universitetet Central European University sundag. Kravet deira var at presidenten skulle leggja ned veto mot framlegget frå Parlamentet om å stengja universitetet. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Dei håpa presidenten ville leggja ned veto mot lova som vil stengja universitet som er registrerte i utlandet, skriv Uniforum.

Demonstrasjonen på sundag var truleg den største som nokosinne er blitt arrangert mot dagens statsminister Viktor Urban og høgrepartiet hans, Fidesz.

Dei gjekk gjennom gatene i Budapest med krav om at president Janos Ader må leggja ned veto mot lova som opnar for at regjeringa kan stengja universitet som er registrerte i utlandet, melder BBC og The Guardian. Også Uniforums fotograf Ola Sæther var til stades og tok bilete frå demonstrasjonane. Men demonstrasjonane påverka ikkje president Janos Ader. Måndag ettermiddag underteikna han lovframlegget frå regjeringa, ifylgje Der Spiegel.

Lovframlegget frå regjeringa vil i hovudsak gå ut over the Central European University, grunnlagt av mangemilliardæren og filantropen George Soros. Universitetet vil ikkje få lov til å tildela vitnemål til studentane sine om lova blir sett i verk. Universitetet er nemleg registrert i USA.

Demonstrantane var både eldre, middelaldrande og unge. Dei gjekk i samla flokk til det ungarske parlamentet og la fram krava sine der.  Regjeringstalsmann Zoltan Kovacs stod fast på at regjeringa aldri ville innfri krava frå demonstrantane.

- Det er det ingen grunn til. Når lova er vedtatt, vil universitetet (CEU) ha eitt år på seg til å oppfylla vilkåra i lova, sa Kovacs, ifylgje BBC. 

Men det var ikkje berre planen om å stengja the Central European University som fekk demonstrantane til å ta til gatene. Dei markerte også avsky mot forsøka frå regjeringa om å leggja press på menneskerettsgrupper og miljøverngrupper som støttar flyktningar.

Amerikanaren Georg Soros som sjølv er fødd i Ungarn, sponsa også studieopphaldet til dagens statsminister Viktor Orban på Oxford-universitetet på slutten av 1980-talet.

Den europeiske universitetsorganisasjonen (EUA) protesterte mot trugsmåla mot den akademiske fridomen i Ungarn under møtet på Universitetet i Bergen før helga.

Fakta:

European University Association (EUA)

Organisasjonen representerer mer enn 800 universiteter i 47 land.

EUA2017 Annual Conference

The Central European University

1440 studenter, hvorav 335 fra Ungarn, resten fra 107 ulike land.

Presenterer seg som en forkjemper for ytringsfriheten, med linker til universiteter i Russland, Kirgisistan, Georgia og Kasakhstan.

Universitetet selv beskriver at det er grunnlagt for for å «gjenopplive intellektuell frihet i de deler av Europa som har vært tynget ned av kommunisme og fascisme.»

Grunnlegger er ungarskfødte George Soros, som fremdeles delvis finansierer universitetet.

Kilde: På Høyden

MOT PARLAMENTET: Demonstrantane gjekk mot det ungarske parlamentet og kravde at presidenten la ned veto mot forslaget frå regjeringa som kan føra til stenging av the Central European University.
(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

MOT PARLAMENTET: Demonstrantane gjekk mot det ungarske parlamentet og kravde at presidenten la ned veto mot forslaget frå regjeringa som kan føra til stenging av the Central European University. Foto: Ola Sæther, Uniforum

Relaterte artikler

Universiteter sjokkert over Ungarn

Den europeiske universitetsorganisasjonen EUA er dypt bekymret over det som skjer i Ungarn. EUA offentliggjorde sin protest i Bergen torsdag.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Når staben med forskere er mer likestilt blir forskningen bedre

Ny studie av medisinsk forskning viser at mangfold i forskergrupper gir bedre og mer konkret kunnskap.

Annenhver student frykter arbeidsledighet

Selv om arbeidsledigheten i Norge er på 4 prosent, frykter hele 50 prosent av norske studenter å stå uten jobb etter fullførte studier.

Sosiolog mener akademia er på ville veier

Sosiolog Svein Hammer mener antall publikasjoner er det eneste kriteriet for å kvalifisere seg til fast ansettelse i universitetssektoren: - Vi ser en arroganse i akademia.

Kontaktkonferansen 2018:

Utvalg skal se på hvordan samfunnets behov for utdanning skal bli ivaretatt

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opplyste tirsdag at han vil nedsette et utvalg som skal ta for seg dimensjoneringen av høyere utdanning.