Ytring:

Vi som studerer i dag er heldige

Denne veka feirar vi Noregs desidert vakraste 70-åring – nemleg Lånekassen.
Ingenting kjem av seg sjølv. Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular, skriv dei tre studenttillitsvalgte i NTL Ung.
(Foto: Marit Solheim/NTNU)

Ingenting kjem av seg sjølv. Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular, skriv dei tre studenttillitsvalgte i NTL Ung. Foto: Marit Solheim/NTNU

Eit bursdagsbarn som berre har blitt betre med åra. Frå den spede starten i 1947, kor ein fekk rundt 1000 kroner i året – i lån. Etter andre verdskrigen skulle Noreg byggast opp igjen, og det var eit stort behov for arbeidskraft. Det var viktig for fagbevegelsen, då som no, at utdanning ikkje berre skulle vere noko for dei med tjukk lommebok, men også for vanlege folk. Vegen mot statleg studiefinansiering var eit faktum, og Lånekassen blei oppretta 1.november 1947.

Følg UA på FacebookTwitter og Instagram.

Arbeidsplass nr 1: lesesalen

Ideen bak var strålande, og konsekvensane likeins. Vi har aldri vore fleire som tek høgare utdanning i Noreg i dag, og foreldra dine kan like godt vere mekanikarar eller omsorgsarbeidarar som advokatar og legar. Vi som studerer i dag er heldige.

Men – for det er alltid eit men: 75% av oss som studerer, har deltidsjobb utanom studia. Dette er eit problem. Ikkje fordi det er galt å skaffe seg arbeidserfaring, men vi må gjenreise ideen om heiltidsstudenten. Vi i NTL Ung jobbar for at det skal vere så bra som mogleg å vere student. Det er lesesalen som fyrst og fremst er arbeidsplassen vår, og det er der vi lærar det vi skal bidra med i arbeidslivet når vi er ferdige å studere. I tillegg vil vi auke stipenddelen til 50%, binde studiestøtta til to gonger Folketrygda sitt grunnbeløp (G), og ha ei politisk styrt, låg rente på studielånet.

LES OGSÅ: Styrkene ved en akademisk klassereise

LES OGSÅ: Studentjuks i millionklassen

Unge er ikkje fagorganiserte

Alt dette er det mogleg å få til. Men slik som alle andre rettar i arbeidslivet og ordningar i velferdssamfunnet, så er det ingenting som kjem av seg sjølv. Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular.

Stadig fleire norske ungdommar er ikkje fagorganiserte, fordi dei ikkje veit kvifor det er lurt. Rettane i arbeidslivet og i studiekvardagen heng saman, og det er vi som studerer i dag som skal bygge landet når vi skal ut i arbeid. Difor ropar vi høgt hurra for Noregs vakraste 70-åring, og ynskjer velkommen på laget til dei som vil vere med å jobbe for eit arbeidsliv for framtida!

Marie Træland, studenttillitsvalgt i NTL Ung, Bergen

Lone Lunemann Jørgensen, studenttillitsvalgt i NTL Ung, Oslo og Akershus

Simen André Knuttsøn, studenttillitsvalgt i NTL Ung, Trondheim

Dette innlegget ble først publisert i Universitas

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Utdanningskvalitetsprisen gikk til Nasjonal delprøve i medisin

Kunnskapsdepartementets pris for kvalitet i utdanningen går til et samarbeidsprosjekt mellom de fire breddeuniversitetenes medisinske fakulteter.

Macchiarini-skandalen:

43 medforfattere funnet uredelige

En svensk ekspertgruppe har gått gjennom seks artikler i Macchiarini-saken. De konkluderer med at samtlige 43 medforfattere har opptrådt vitenskapelig uredelig.

Nå blir hun svensk æresdoktor

Anne Borg, prorektor for utdanning ved NTNU, utnevnes til æresdoktor ved Lunds universitet i Sverige.

NTNU vurderer guttepoeng

NTNU vurderer å innføre guttepoeng for å bedre kjønnsbalansen på sykepleiefag og andre kvinnedominerte studier.