- Studentar må krevje ei nærskap til næringslivet

Vi studentar må krevje meir. Vi må krevje ei nærskap til næringslivet, som strekk seg lenger enn strategiske forskingssamarbeid og bedriftspresentasjonar, skriv Gjermund Kvernmo Langset.
- Samarbeid kring bachelor- og masteroppgåver, prosjektoppgåver, gjesteforelesarar eller bedriftsbesøk vert ikkje målt. Eg er einig i at dei er vanskelege å måle, det er vanskeleg å finne gode indikatorar, men samstundes er det jo det som gjer ei utdanning arbeidslivsrelevant, skriv Gjermund Kvernmo Langset, stedleg leiar i Studentparlamentet i Ålesund.
(Foto: Solveig Mikkelsen)

- Samarbeid kring bachelor- og masteroppgåver, prosjektoppgåver, gjesteforelesarar eller bedriftsbesøk vert ikkje målt. Eg er einig i at dei er vanskelege å måle, det er vanskeleg å finne gode indikatorar, men samstundes er det jo det som gjer ei utdanning arbeidslivsrelevant, skriv Gjermund Kvernmo Langset, stedleg leiar i Studentparlamentet i Ålesund. Foto: Solveig Mikkelsen

I Ålesund er vi stolte over å kalle oss Noregs mest næringsnære campus. Dette er eit varemerke både NTNU, næringsliv, kommune og andre aktørar har stått saman om for å bygge opp. Vi har gode samarbeid på tvers innanfor mange områder, både fagleg og utanomfagleg. Noko av det nyaste er at Brødrene Sunde ynskjer å investere 20 millionar i eit nytt studentvelferdsbygg på Campus Ålesund. Brødrene Sunde verdsett, og ynskjer å bidra til å vidareutvikle eit godt studiemiljø i regionen. Dei veit kor viktig det er for framtida.

8. November skreiv leiar ved Studentersamfundet, Tale Bærland, eit innlegg i Dusken med tittel «Samfundets våte drøm». Her legg ho på ein god måte fram det langvarige ynskje til Studentersamfundet om å bygge ut, men som ein aldri har fått realisert. Grunnen er som i mange andre gode saker, at ein ikkje har midlar. Dei etterlyser økonomisk stønad og skriv; «Og her ser vi til stat og kommune. Som Norges største Studentersamfund, som noe unikt i hele Nord-Europa, er vårt bidrag til Trondheim og Norge noe det er verdt å investere i. For det er også det vi ber om, en investering i framtida». Dette fekk meg til å tenke. Kvar er næringslivet i Trondheim? Og kvifor etterlyser ikkje studentane dei?

Tale ber om ei investering i framtida, og det er jo det dette er. Tal frå SSB (2016) viser at 60% av studentane vert buande der dei studerer. Dette betyr at studentane er ein enorm rekrutteringsarena av svoltne, nyutdanna medarbeidarar. Noko både kommune, stat og næringsliv vil nyte godt av. I Trondheimsregionen er talet kring 50%, det betyr at regionen ligg bak resten av landet på dette området.

Som Ålesundsstudent er eg vand med at samarbeid med næringslivet betyr at ein har jamleg samarbeid med og innslag frå næringslivet gjennom heile studieløpet. Vi er i stor grad ein del av det same fellesskapet på campus og i regionen. Eg vart litt forundra da det på strategisamling med NTNU var sett tal på kor mykje samarbeid NTNU hadde med næringslivet, dette var kring 10 000 prosjekt, vart det sagt. Det viste seg derimot at dette berre var dei samarbeida som gav NTNU inntekt i form av økonomiske midlar.

Samarbeid kring bachelor- og masteroppgåver, prosjektoppgåver, gjesteforelesarar eller bedriftsbesøk vert ikkje målt. Eg er einig i at dei er vanskelege å måle, det er vanskeleg å finne gode indikatorar, men samstundes er det jo det som gjer ei utdanning arbeidslivsrelevant. At ein vert oppdatert på kva som skjer i dag, ikkje kva som skjedde når studieplanen vart laga. Studenttinget vedtok i haust at «NTNU skal sørge for tett kontakt med relevant nærings- og arbeidsliv gjennom studiet, for å sikre at studentar har eit godt innblikk i framtidige moglegheiter.»

Her må vi studentar krevje meir. Vi må krevje ei nærskap til næringslivet, som strekk seg lenger enn strategiske forskingssamarbeid og bedriftspresentasjonar. Det er og utan tvil viktig, men vi treng nærskap vi kjenner på kroppen. NTNU må tilby næringsnær utdanning, og næringslivet må involvere seg i vår kvardag. Skal ein vere med på å hauste fruktene, må ein også vere med å så frøa. For vi er verdt å investere i, vi er framtida.

Så min tanke kring «Samfundets våte drøm» er, kvar er næringslivet?

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ny utstilling viser døde dyr på innsida

NTNU Vitenskapsmuseet og Institutt for klinisk og molekylær medisin har brukt «Body worlds»-teknikken for å lage en unik utstilling.

Nokut gir HiOA klarsignal til å bli universitet

Nokut har i styremøte i dag tirsdag besluttet å gi Høgskolen i Oslo og Akershus klarsignal til å bli universitet.

Slik forsøker de å stanse bygging i Høyskoleparken

- Vi vil gi trærne i Høyskoleparken en stemme, sier Elisabeth Østgaard i Folkeaksjonen Bevar Høyskoleparken.