UiO

Ingrid Alexandra søkte etter fristen, fekk studieplass likevel

- Me er fleksible er det er praktisk mogleg, seier studiedirektøren.

Prinsessa søkte om å bli utvekslingsstudent frå University of Sydney, for å vera nær si sjuke mor. – UiO sender fleire studentar til Universitetet i Sydney enn dei som kjem den andre vegen, fortel studiedirektøren.
Publisert Sist oppdatert

Den 1. mai gjekk fristen ut for å søkja om å bli utvekslingsstudent på UiO. Ei veke seinare kom søknaden frå prinsesse Ingrid Alexandra. – Me er fleksible der det er praktisk mogleg, seier studiedirektør Audun Digerud til Uniforum.

På fredag blei det kjent at prinsesse Ingrid Alexandra blir utvekslingsstudent på Universitetet i Oslo frå hausten. Då begynner ho som student gjennom ein utvekslingsavtale mellom Universitetet i Sydney og Universitetet i Oslo.

Nyhendet blei kjent gjennom ei pressemelding frå Det norske kongehuset fredag morgon. Der står det at grunnen til det er at ho skal kunne vera meir saman med familien sin. «For å kunne være nærmere familien sin, har Hennes Kongelige Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra reist tilbake til Norge, og vil være på utveksling fra Universitetet i Sydney til Universitetet i Oslo høstsemesteret 2026.», går det fram av pressemeldinga. Før helga blei det klart at  mora kronprinsesse Mette-Marit er blitt endå  dårlegare av den  alvorlege sjukdomen ho lir av,  og er no sett på lista over dei som ventar på lungetransplantasjon.

Les også: Prinsesse Ingrid Alexandra blir utvekslingsstudent ved Universitetet i Oslo

Ei veke for sein

Søknadsfristen for å koma inn som utvekslingsstudent på UiO, gjekk ut den 1. mai. Søknaden frå prinsesse Ingrid Alexandra om å bli utvekslingsstudent på kvota til Universitetet i Sydney kom den 8. mai. 

Følg UA på Facebook og Instagram.

Studiedirektør Audun Digerud viser til at UiO er fleksibel og tar imot søknader fram til rundt midten av mai for partnarar som av ulike årsaker ikkje får nominert innan 1. mai.

– Fint å seia ja til ein ekstra utvekslingsstudent

Studiedirektør Audun Digerud

– Nokre partnarar har andre tidslinjer enn oss, eller det kan skje feil som gjer at førespurnader kan koma etter 1. mai. Så me er fleksible der det er praktisk mogleg, slik som i dette tilfellet der med fekk førespurnaden den 8. mai, opplyser han i ein e-post til Uniforum.

Han viser til at det i tillegg er slik at UiO sender fleire studentar til Universitetet i Sydney enn dei som kjem den andre vegen.

– Så det var fint å seia ja til ein ekstra utvekslingsstudent hos oss, synest han.

I ei melding som blei lagt ut på Universitetet i Oslos nettsider på fredag går det fram at prinsessa er tatt opp på emne ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet gjennom UiOs utvekslingsavtale med Universitetet i Sydney. Ho startar altså til hausten.

– Me ynskjer Den høgvørde prinsessa Ingrid Alexandra velkomen til Universitetet i Oslo, der ho vil møta ein god studiestad og eit sterkt fagmiljø. Me ser fram til å ta imot henne og alle andre nye studentar til hausten, seier rektor Ragnhild Hennum i meldinga. Når det gjeld kva fag prinsessa skal studera, er det enno ikkje kjent. UiO nemner berre at SV-fakultetet på UiO er i verdstoppen innanfor blant anna psykologi og statsvitskap.