Vil leggja ned Universitetets barnehage: – Det kom som lyn frå klar himmel
– For meg og mannen min er det veldig praktisk å kunna levera barna i Universitetets barnehage kvar morgon og henta dei kvar ettermiddag like ved der me jobbar, seier Rebecca Lund.
Universitetets barnehage vil truleg bli lagt ned frå juli 2027. UiO-leiinga viser til at barnehagedrift er utanfor kjerneområdet til universitetet, og kan derfor ikkje forsvarast. UiO har kalla inn til eit foreldremøte i morgon.Foto: Martin Toft
Martin ToftMartinToftUniforum
Publisert
I mai 2024 vedtok UiO sitt universitetsstyre at Universitetets barnehage i Gaustadalleen skulle skiljast ut som eit eige aksjeselskap. Grunnen var at i barnehagelova frå 2023 går det fram at UiO som statleg institusjon ikkje lenger kan driva barnehage som ein del av verksemda si.
Vedtaket gjekk ut på at barnehagen dermed skulle bli eit aksjeselskap under UiOs randssoneselskap UniRand AS.
Vedtaket frå mai 2024 har aldri blitt sett i verk, går det fram av eit brev som organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Pedersen Lange sende til dei føresette i UiOs barnehage onsdag 14. oktober.
Vil kosta sju millionar i året
I brevet grunngjev UiO-leiinga forslaget om å leggja ned barnehagen med dei høge kostnadane universitetet vil få for å halda fram med å driva barnehagen.
Det blir vist til at det vil kosta sju millionar kroner året å halda oppe drifta. I tillegg støttar UiO den foreldreeigde barnehagen Blindern barnestuer med fire millionar kroner i året. Det blir også argumentert for at barnehage som eit gode for dei tilsette har endra seg over tid.
No er det tilnærma full barnehagedekning i Oslo kommune, og foreldre som har barn i dei to barnehagane til Universitetet i Oslo blir rådde til å søkja om plass i andre barnehagar innan fristen 1. mars.
– Kom som lyn frå klar himmel
Uniforum har vore i kontakt med fleire foreldre som er svært leie seg over at UiO no ynskjer å leggja ned dei to barnehagane. Ei av dei er danske Rebecca Lund som til dagleg er leiar for Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO. Ho og mannen har to barn på fem og tre år i Universitetets barnehage.
FORTVILA: Rebecca Lund er lei seg for at UiO-leiinga vil leggja ned Universitetets barnehage: – Det er ein fantastisk barnehage for internasjonale barn. Og personalet har vore der lenge og trivest godt. Og det smittar over på barna, seier ho.Foto: Martin Toft
– Forslaget frå UiO-leiinga om å leggja ned barnehagen kom som lyn frå klar himmel på oss i førre veke, fortel ho fortvila til Uniforum. Sjølv bur ho og familien i Bærum.
– For meg og mannen min er det veldig praktisk å kunna levera barna i Universitetets barnehage kvar morgon og henta dei kvar ettermiddag like ved der me jobbar. Det er fint for meg som ein internasjonal forskar også, synest ho.
Rebecca Lund er imponert over både barnehagen og dei som jobbar der.
– Det er ein fantastisk barnehage for internasjonale barn. Og personalet har vore der lenge og trivest godt. Og det smittar over på barna. For barna våre stortrivst der, seier ho begeistra.
Alle foreldra til barna i Universitetets barnehage er kalla inn til eit eige møte om forslaget om å leggja ned barnehagen i morgon klokka 17.00.
Forslaget frå universitetsleiinga om å leggja ned dei to barnehagane, kjem opp til endeleg behandling i universitetsstyret den 1. desember i år. Først då kan avviklinga bli formelt vedtatt.
Barnehagen har tre avdelingar med tre tilsette i kvar avdeling. Barnehagen har eksistert sidan 1970 og er godkjent for 63 heildagsplassar for barn i alderen 1-6 år.
Kva som vil skje med dei 12 tilsette om barnehagen blir lagt ned, står det ingenting om i brevet frå universitetsleiinga.