Webometrics:

Universitetet i Oslo på tredjeplass i Norden på nett

Københavns Universitet er det mest synlege universitetet på nett i Norden, tett fylgd av Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo. NTNU er nummer 72 i Europa og 211 i verda.
Tredjeplass i Norden. UiO inntar tredjeplass i Norden på Webometrics si siste rangering over dei universiteta som er mest synlege på nett.
(Foto: Martin Toft, Uniforum)

Tredjeplass i Norden. UiO inntar tredjeplass i Norden på Webometrics si siste rangering over dei universiteta som er mest synlege på nett. Foto: Martin Toft, Uniforum

UiO hamnar på tredjeplass i Norden på Webometrics si siste rangering over dei universiteta som er mest synlege på nett.

– Det er alltid hyggeleg når UiO gjer det bra på rangeringar, men me må alltid ta atterhald om metodeavgrensingar. UiO har hatt både 1. og 2. plassen på denne rangeringa dei siste åra og det viser at me klarer oss godt i samanlikninga med andre universitet i Norden, synest Svein Stølen.

Københavns Universitet best i Norden

I Norden er det altså Købehavns Universitet som gjer det best, men på verdsrangeringa held det berre til 79.-plassen. Der kjem altså  Universitetet i Helsinki på 83.-plass medan Universitetet i Oslo inntar 84.-plassen. UiO går dermed opp 12 plassar på verdsrangeringa samanlikna med målinga frå juli i fjor. 

Svein Stølen  skryt også av nettsidene til UiO.

– Uavhengig av desse rangeringane veit me at UiO har gode nettsider og at det i det daglege vert jobba  svært godt med utviklinga av desse. Nettsidene våre er viktige for studentar og tilsette som løyser mange av dei daglege oppgåvene sine gjennom tenester i nettsidene, og som kanal for å formidla forsking frå UiO, seier Svein Stølen.

Aarhus Universitet er nummer 96 og blir med det nummer fire i Norden. Det beste svenske universitetet  på denne rangeringa er Lunds universitet, som endar som nummer 100.

  • Les meir i Uniforum:  UiO er mellom Nordens beste universitet på nett

Harvard på topp i verda

Ikkje heilt uventa er det Harvard University i USA som toppar verdsrangeringa.

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.

Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.

(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Det tar førsteplassen med seks andre amerikanske universitet som perler på ei snor,

mellom dei Stanford, Massachusetts Institute of

Technology (MiT) og Berkeley-universitetet.

Oxford best i Europa

Det beste  universitetet utanfor USA er University of Oxford på sjuandeplass. Naturlegvis er det også med den plasseringa på topp i Europa. På andreplass kjem nabouniversitetet, University of Cambridge, medan University College London kjem på bronseplass i Europa. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH /Swiss Federal Institute of Technology i Zürich, Sveits, som er på fjerdeplass i Europa og på 27.-plass i verda.

Det beste universitetet i Asia på denne rangeringa er Tsinghua University frå Kina.  Det er nummer 45 av verdas mest synlege universitet på nett, viser rangeringa frå Webometrics, som er eit byrå tett knytt til Spanias forskingsråd.

Mellom dei 16 beste i Europa

I Europa blir Københavns Universitet,Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo høvesvis nummer 13, 15 og 16. På denne rangeringa finn me først Karolinska Institutet på 42. plass i Europa. Det er dermed eit stykke bak det beste svenske universitetet, Lunds universitet som er nummer 21 i Europa-ligaen.

Mellom andre norske universitet dukkar Universitetet i Bergen opp som nummer 67 i Europa og nummer 203 i verda. NTNU er nummer 72 i Europa og 211 i verda. Universitetet i Tromsø er nummer 199 i Europa og 491 på verdsrangeringa.

Dette er Europas mest synlege universitet

Dette er verdas mest synlege universitet

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

NTNU vil ha to nasjonale aviser

Nasjonalt avissamarbeid står på dagsorden når rektorar frå dei fem største universiteta i Noreg møtes til såkalla U5-møte i Trondheim i dag.

NTNU til topps i omdømmemåling

NTNU topper en ny undersøkelse om utvalgte virksomheter i offentlig sektor.

Olsen avmystifiserer omstridt U5-gruppe

UiB-rektor Dag Rune Olsen forteller gjerne hva de skal snakke om, men når toppene for «de fem gamle universitetene» i Norge møtes i Trondheim, er det bak lukkede dører.

Ytring:

Et steg nærmere Nordens beste studieby?

Trondheim kommune lover å stille med 7,5 millioner kroner til å rassikre Nidelva, gitt at NTNU også bidrar med penger. De pengene må komme raskt, skriver inn- og utgående styreledere i StudbyTrondheim.