NTNUs rektor er nevnt oftest i media i 2018

NTNU-rektor Gunnar Bovim var mest i media i 2018. UiO-rektor Svein Stølen var minst, men universitetet hans har klippekort i hovudstadspressa.

Rektor ved NTNU, Gunnar Bovim (til venstre), kan smile breiast over mediestatistikken for 2018. Her er han saman med UiB-rektor Dag Rune Olsen
Publisert Sist oppdatert

NTNU-rektoren er langt hyppigare i media enn rektorane ved alle dei andre universiteta i Noreg. Bovim blei omtalt 1000 gonger i 2018. Minst i media var Universitetet i Oslo (UiO) sin rektor, Svein Stølen med 650 treff.

Det viser ei oppteljing På Høyden har gjort i mediearkivet Atekst.

Rice, Aasen, Husebekk, Olsen

Nest etter Bovim har Curt Rice ved Oslomet vore oftast å sjå i media, ifølgje statistikken. Han har 774 registreringar i Atekst gjennom året. Det er meir enn både rektor ved Universitetet i Tromsø (UiT), Anne Husebekk (694), og Dag Rune Olsen (693) frå Universitetet i Bergen (UiB) kan skilte med.

Dernest følgjer rektor ved Universitetet Sørøst-Norge (USN), Petter Aasen med 687 treff. Ein stor del av dette er frå april, då institusjonen fekk universitetsstatus, og frå desember då ein student ved universitetet vart drepen i Marokko.

Atekst omfattar dei fleste norske media utanom Dagens Næringsliv. Tala seier ikkje noko om omfanget av den enkelte artikkelen eller innslaget.

Oslo dominerer Oslo

Om UiO-rektor Stølen har ein lang lågare medieprofil enn sin kollega ved NTNU, har universitetet hans hårfint fleire medieoppslag: 20 640 mot NTNUs 20 431. Begge universitetet har om lag dobbelt så mange treff i Atekst som UiT og UiB, som har 10 193 og 11 678 treff.

Registreringane viser også at UiO er langt oftare referert i Oslo-avisene enn universiteta i andre byar. Medan UiO var i Aftenpostens spaltar (papir) heile 737 gonger i fjor, måtte UiB nøye seg med 195 og NTNU med 210.

Det same mønsteret gjer seg gjeldande i andre hovudstadsaviser:

UiO var langt oftare i både VG, Dagbladet, Klassekampen og Morgonbladet enn dei andre universiteta. NTNU, som er Noregs største universitet både målt i talet på studentar og tilsette, var til dømes berre halvparten så mange gonger i Dagbladet som UiO, fire gonger sjeldnare i Morgenbladet og tre gonger mindre hyppig i Klassekampen.

Regionar dominerer regionar

Størst er kontrasten mellom UiT og UiO, når det gjeld hovudstadsaviser og riksdekkande nisjeaviser. Medan UiO dukka opp i Dagbladets spalter 323 gonger og i VG 193 – var tilsvarande tal for UiT 25 og 33. Også Oslomet var oftare i alle aviser utgitt i hovudstaden enn UiT.

Til gjengjeld er UiT godt representert i Nordlys og iTromsø som kjem ut i Tromsø.

Og om NTNU og UiB taper i konkurransen om merksemda i hovudstaden, er dei desto meir synlege regionalt. NTNU figurerte meir enn 900 gonger i Adresseavisen. UiB hadde samla over 800 i treff i Bergens Tidende og Bergensavisen. UiO var 148 gonger i Bergens Tidende i 2018, skriv På Høyden

Mest Oslomet i Khrono

Sektorpressa utgjer ein vesentleg del av treffstatistikken for alle universiteta, og for alle rektorane. Ikkje minst er rektorane godt representert i sine «eigne» aviser. Særleg gjeld dette Curt Rice ved Oslomet og Dag Rune Olsen ved UiB.

Av dei 774 gongene Curt Rice er nemnd i media, er 215 i Khrono, som har vore eigd av Oslomet. Alle dei andre rektorane er langt sjeldnare i Khrono enn Rice.

60 prosent av dei gongene Dag Rune Olsen var i media var det i sektorpressa eller i studentavisene. Han var mellom anna 167 gonger i På Høyden, som har vore eigd av UiB, og 135 gonger i Khrono.