UiO og NTNU rangert høgt som nyskapande universitet

Både NTNU og UiO er på lista over Europas mest innovative universitet.
NTNU er den einaste nykommaren på lista over dei hundre universiteta, og kjem på 56. plass. 
        
            (Foto: Info/NTNU)

NTNU er den einaste nykommaren på lista over dei hundre universiteta, og kjem på 56. plass.  Foto: Info/NTNU

Noreg har to universitet inne blant Europas mest innovative eller nyskapande universitet. For nokre plassar bak Universitetet i Oslo, kjem NTNU som nummer 56, skriv Uniforum.

Universitetet i Oslo er nummer 51 i Europa og nummer 3 i Norden over dei mest innovative universiteta. Det går fram av ei rangering som det britiske pressebyrået Reuters har gjort.

I ei melding på Twitter uttrykkjer UiO-rektor Svein Stølen stor glede over at universitetet han leier plasserer seg som nummer 51 på denne rangeringa.

«Godt fornøyd med at et breddeuniversitet som @UniOslo med fokus på grunnleggende forskning ligger så høyt på en liste hvor mange er teknisk-orienterte».  

Universiteta blir målte på kor flinke dei er til å utnytta forsking til å utvikla nye teknologiar og styrkja industrien.

Også NTNU jublar:


 

Belgisk universitet på topp

Det er det belgiske universitetet KU Leuven som toppar rangeringa over dei 100 mest nyskapande universiteta i Europa.  Deretter fylgjer University of Erlangen i Nürnberg i Tyskland på andreplass og Imperial College London på tredjeplass. Heile 23 av dei 100 universiteta på rangeringa ligg i Tyskland.

Danske universitet best i Norden

Det mest nyskapande universitetet i Norden er Danmarks Tekniske Universitet, medan Københavns Universitet kjem på andreplass før UiO på tredjeplass, skriv Uniforum.  

Danmarks Tekniske Universitet kjem på trettandeplass i Europa samtidig som nabouniversitetet Københavns Universitet plasserer seg som nummer 35.  Ingen svenske eller finske universitet gjer det så godt som dei to norske universiteta.  NTNU er den einaste nykomaren blant dei 100 mest innovative universiteta i Europa, skriv pressebyrået Reuters.

Les heile lista over Europas 100 mest innovative universitet: 

Dette er dei beste:i Europa og i Norden:

1. KU Leuven, Belgia

2. University of Erlangen Nürnberg, Tyskland

3. Imperial College London, Storbritannia

4. University of Cambridge, Storbritannia

5. EPFL - Swiss Federal lnstitute of Technology Lausanne, Sveits

6. University College London, Storbritannia

7. Det tekniske universitetet,  München, Tyskland

12. Danmarks Tekniske Universitet

31. Københavns Universitet

51. Universitetet i Oslo

56. NTNU 

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Tvingende nødvendig med sterkere fagmiljø

Det handler om være attraktive for studenter, ansatte og for omverden, skriver dekan Egil Solli om de endringene Nord universitet ønsker å gjennomføre.

Gjesteskribenten:

Skam er et hinder for å endre livsstil

Vi trenger ikke mer dårlig samvittighet i folkehelsearbeidet.

Ytring:

Misvisande argumentasjon om InnoCamp på Steinkjer

Eg er provosert over påstandane frå ordførar Gram og Ketil Lindseth sin ville kommentar i media, skriv innsendaren.

Universitetenes rolle i regionene

Nedlegging av studiesteder er foreslått på en slik måte at universitetet skal kunne høste langsiktige effekter i fremtiden.