Rotevatn tilsett som museumsdirektør

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er tilsett som administrerande direktør i regionmuseet Musea på Sunnmøre.

Rotevatn med ny jobb etter ein turbulent periode.
Publisert Sist oppdatert

Det har storma rundt Rotevatn etter at ho ikkje fekk fortsette i jobben som dekan ved Høgskulen i Volda. No kan ho sjå framover, i ein ny jobb.

– Eg er svært glad og audmjuk for den tilliten styret og dei tilsette har vist meg når eg no har takka ja til å verte administrerande direktør. Musea på Sunnmøre har eit sterkt fagmiljø med stor kompetanse på kunst, arkiv og museum, og forvaltar av vår materielle og ikkje- materielle kulturarv. Eg gler meg til å bli ein del av kollegiet, seier Rotevatn i ei pressemelding, gjengitt i Sunnmørsposten.

Den tidlegare dekanen vart i fjor haust omplassert etter at ei undersøking av arbeidsmiljøet viste misnøye med leiinga.

Rotevant meinte det ikkje var rettsleg grunn til ei slik omplassering.