Kritisk til at Bygdeforskning blir til Ruralis

Norsk senter for bygdeforskning har endra namn til Ruralis, og trur det vil slå betre an.
Norsk senter for bygdeforskning var ikkje dekkande for alt det senteret forskar på, seier direktør Harald Lein i Ruralis. (Foto: Kai-Wilhelm Nessler / NN / Samfoto/Scanpix)

Norsk senter for bygdeforskning var ikkje dekkande for alt det senteret forskar på, seier direktør Harald Lein i Ruralis. Foto: Kai-Wilhelm Nessler / NN / Samfoto/Scanpix

– Vi har som prinsipp at namn bør vere så enkle som mogleg. Ruralis er døme på eit namn som seier lite eller ingenting om kva verksemda driv med. Det kunne òg vore ein musikkfestival, eit matmerke eller eit rådgivingsorgan, seier Kjetil Aasen, seniorrådgjevar i Språkrådet, til Nynorsk pressekontor.  Artikkelen er publisert i Framtida.no

Direktør i det nydøypte Ruralis, Harald Lein, trur namnet vil fungere betre internasjonalt. Dessuten peiker han på at det gamle namnet ikke famnar breitt nok til å fange opp heile fagfeltet.

Kjetil Aasen hos Språkrådet meiner Ruralis er like uforståeleg på engelsk som på norsk og tilrår kontinuitet i namn.

– Det er heilt klart ein trend med denne typen namneendringar i halvstatlege og halvprivatiserte organ. Det verkar som mange vil bort frå dei trauste, men tydelege namna, legg han til.

RURALIS har hovudkontor i Trondheim og eit kontor for utgreiing i Oslo. Styret til Ruralis blir utnemnd av NTNU, NMBU,  KS, dei to bondeorganisasjonane og tilsette ved Ruralis.


UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Meklingsfrist ved midnatt:

Eksamen, sensur og opptak går i stå hvis det blir streik

Mens partene i statsoppgjøret forhandler på spreng hos riksmekleren, forbereder 6 200 statsansatte seg på streik fra torsdag morgen. Ved NTNU tar Forskerforbundet og NTL ut over 300 ansatte om meklingen ikke fører frem.

- Universitetene må ta ansvar for seksuell trakassering av studenter

Marianne Synnes (H) i utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget reagerer på omfanget undersøkelsen av seksuell trakassering av studenter avdekker.

13.500 studenter har opplevd seksuell trakassering

Én av tjue av norske studenter har opplevd seksuell trakassering, viser en ny undersøkelse. 28 prosent av trakasseringen kommer fra forelesere eller veiledere.

Styringsgruppa for samlokalisering:

Foreslår at samlokalisering ved NTNU utsettes i ett år

Samlokaliseringsprosjektet ved NTNU trykker på pauseknappen.