NRK braut ikkje god presseskikk i Macchiarini-saka

Den italienske skandalekirurgen Paolo Macchiarini hadde klaga NRK inn for Pressas Faglege Utval etter å ha vist dokumentaren «Experimenten». Konklusjonen blei at NRK ikkje hadde brote god presseskikk.
Paolo Macchiarini har nå fått sin endeliger oppsigelse ved KI.
(Foto: Staffan Larsson/Karolinska Institutet)

Paolo Macchiarini har nå fått sin endeliger oppsigelse ved KI. Foto: Staffan Larsson/Karolinska Institutet

Då Pressas Faglege Utval handsama saka tysdag, blei konklusjonen altså at NRK ikkje har brote god presseskikk, melder Medier24. I uttalen blir det understreka at sjølv om Sveriges Televisjon (SVT)  har produsert dokumentaren, har NRK framleis redaktøransvar for alt som blir publisert, skriv Uniforum.

PFU peikar på at dokumentaren viser påstand mot påstand på fleire område, men kan ikkje sjå at klagaren har påvist faktafeil eller at anna i dokumentaren bryt mot god presseskikk.  Det blir også trekt fram at Paulo Macchiarini i liten grad ynskte å kommentera dokumentaren medan han venta på ei gransking. Dessutan avbraut han sjølv eit intervju med SVT.  På den måten har han sjølv medverka til eventuelle manglar i imøtegåinga si, står det i uttalen frå PFU, ifylgje Medier24.

Fekk sparken frå Karolinska Institutet

Det var i januar 2016 dokumentaren "Experimenten" blei vist i Sveriges Televisjon. Over eitt år seinare, i april 2017, blei dokumentarserien vist på NRK.

Programserien viste korleis kirurgen Paolo Macchiarini, som då var tilsett ved Karolinska Institutet i Stockholm, hadde operert inn sine eigenproduserte luftrøyr i plast i åtte pasientar som hadde fått defekte luftrøyr på grunn av forskjellige lidingar. Funna i dokumentaren førte til Paolo Macchiarini fekk sparken frå jobben som kirurg ved Karolinska Institutet, samtidig som også dåverande rektor ved Karolinska Institutet måtte trekkja seg. Også fleire av medlemane i komiteen for Nobelprisen i medisin måtte gå etter opplysningar som kom fram i dokumentaren.

Sende inn klage til PFU

Det var i førre veke det blei klart at Paolo Macchiarini hadde klaga NRK inn for Pressas Faglege Utval for programmet «Experimenten» . I klagen sin viser Paolo Macchiarini til at dokumentaren har brote fleire viktige prinsipp i Ver Varsam-plakaten:

• 3.7, om å gjengi meiningsinnhaldet i uttalar og sitera presist

• 4.1, om saklegheit og omtanke

• 4.2, om å skilja fakta og kommentar

• 4.5, om føerhandsdom

• 4.13, om å retta feil

• 4.14, om samtidig imøtegåing

• 4.15, om tilsvar

NRK svara på klagen og avviste at dei og dei programansvarlege ved Sveriges Televisjon(SVT) hadde gjort noko kritikkverdig.  I saksdokumentet frå Pressas Faglege Utval opplyste NRK at det er Sveriges Televisjon (SVT) som står bak dokumentaren. Den blei send på SVT i januar 2016. NRK opplyste også at dokumentaren førte til ein stor debatt i Sverige om etikken i eksperimentell behandling, og undersøkingar og etterforskingar som har fått store konsekvensar. Det blir også peika på at Paolo Macchiarini ikkje har levert inn ein klage direkte til SVT. Derimot har han levert inn tre klager på dokumentaren til  Granskningsnämden i Sverige, og den har ikkje funne grunn til å gi klagene full behandling, går det fram av tilsvaret frå NRK.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ytring:

Vi trenger ikke universiteter som kaller seg bærekraftige for omdømmets skyld

Er de villige til å ta de virkelig tøffe valgene, eller har bærekraftmålet nå blitt så utvannet at det har blitt uproblematisk å slutte seg til det?

Entreprenørskolen 15 år:

- Vi ble sett på som en litt rar og annerledes gjeng


Trappehjelp for de som er dårlig til beins, digitale læringssystemer i økonomi og et system som høster informasjon fra tre millioner artikler hver dag.

Slik jobber sektoren med entreprenørskap

Egne sentre, studier og samarbeid med næringsliv.

Gjestekommentaren:

«Å glemme krever altså arbeid»

Hva er innovasjon? Vi forstår mer om vi kikker nærmere på termodynamikkens mekanismer, argumenterer pinsehelgens gjestekommentator, som etterlyser et «Thermodynamics of Innovations.»