UiO verdas 62. beste universitet

Shanghai-rankinga plasserer Universitetet i Oslo som nummer 62 av dei beste universiteta i verda. NTNU er mellom dei 101 og 150 beste.
Det svinger for UiO. Svein Stølen er rektor ved det 19. beste universitetet i Europa. Her ved Focaults pendel. (Foto: Tore Oksholen)

Det svinger for UiO. Svein Stølen er rektor ved det 19. beste universitetet i Europa. Her ved Focaults pendel. Foto: Tore Oksholen

Universitetet i Oslo tangerer med 62.-plassen fjorårsresultatet på Shanghai-rangeringa, som offisielt ber namnet Academic Ranking of World Universities, skriv Uniforum.  

Fjerdeplass i  Norden

Det gir UiO ein nittandeplass i Europa. I Norden kjem universitetet på fjerdeplass bak Københavns Universitet, Karolinska Institutet og Universitetet i Helsinki.  Københavns Universitet tar til og med ein imponerande 29.-plass i verda.  

Glad UiO-rektor

UiO-rektor Svein Stølen er godt nøgd med både UiOs resultat på denne rangeringa og på tidlegare rangeringar:  - Alle rangeringane og fagevalueringane er konsistente. Me held eit høgt internasjonalt nivå,og det er me svært glade for. Denne rangeringa stadfestar dette biletet og er svært hyggeleg, kommenterer han både i Uniforum og i Rektorbloggen.  Stølen viser at andre gode nyhende byggjer opp under dette. - Det er ikkje tilfeldig at me nyleg fekk 6 ERC starting grants. Det var berre nok ei stadfesting, slår han fast.

Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet kan notera seg at denne gongen endar Institutet på plass nummer 44 i verda. Det er også første gongen at Karolinska er vurdert i denne rangeringa etter at han begynte som rektor der i fjor sommar. 

NTNU og UIB langt bak

Noregs største universitet NTNU kjem på ein plass mellom nummer 101 og 150. Universitetet i Bergen ligg mellom nummer 201 og 300. Ingen andre norske universitet er med på lista over verdas 500 beste universitet. 

I denne rangeringa blir universiteta mellom anna vurderte etter kor mange vitskaplege artiklar forskarane deira har hatt i publikasjonar som Nature, Science og andre vitskaplege tidsskrift med godt ord på seg. Også kor mange nobelprisar og Fieldsmedaljar i matematikk  institusjonen sine forskarar eller tidlegare studentar har fått, tel med i denne rangeringa. Også kor mykje kvar forskar på ein institusjon  i gjennomsnitt yter av ulike former for forsking, er rekna med i vurderinga.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Ser frem til å jobbe med utviklingen av Norges første private universitet

Jens Barland går fra Institutt for design ved NTNU på Gjøvik til Høyskolen Kristiania.

UiO ønsker egnethetstest for medisinstudiet:

Flere er skeptiske til å basere opptaket på egnethetstest

Universitetet i Oslo ønsker å basere deler av opptaket til medisinstudiet på en test. Det har kommet inn 20 høringssvar til forslaget, flere er skeptiske.

Strykprosenten falt fra 30 til 0 med ny studiemetode

På juss- og fysikk-kursene hos Nord universitet Stjørdal har strykprosenten gått ned etter at de har innført en ny studiemetode. – Virker interessant, sier Ela Sjølie, førsteamanuensis hos Eksperter i team, NTNU.

Utvekslingsstudent anklager veileder ved NTNU for langvarig trakassering

Student fra Kina påstår å ha blitt møtt av diskriminerende spørsmål under veiledningsmøter.