Publisering på engelsk har teke over

Forskarane publiserer 90 prosent på engelsk - no droppar også humanistane norsk.
Frå 2011 til 2017 har andelen forsking publisert på norsk innan humaniora gått ned med 30 prosent. (Foto: Sandra Jecmenica)

Frå 2011 til 2017 har andelen forsking publisert på norsk innan humaniora gått ned med 30 prosent. Foto: Sandra Jecmenica

Berre 10 prosent av dei 25 000 publikasjonane frå norske forskarar i 2017 vart skrivne på norsk. Nær 90 prosent av den vitskapelege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. Andre språk utgjer berre 1 prosent.

Ved dei tre største universiteta i Noreg er bruk av norsk i bøker og tidsskrift i ferd med å bli ein kuriositet. På NTNU er berre 5 prosent på norsk, ved Universitetet i Bergen (UiB) 7 og ved Universitetet i Oslo (UiO) 8 prosent.

Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk markant ned. Den same tendensen gjer seg gjeldande innanfor samfunnsvitskapen.

Det er tal som NIFU har tilrettelagt frå publiseringbasen Cristin til Indikatorrapporten 2018 (Forskningsrådet) som viser dette.

Humanistar: Mindre norsk

I 2011 vart ein av tre publikasjonar frå humanistiske forskarar i Noreg publisert på norsk – 2017 ein av fire.

Det er først og fremst ved NTNU og UiO at humanistane kuttar ut norsk når dei skal skrive om forskinga si. Ved UiO har andelen norsk dalt frå 43 prosent i 2011 til 24 prosent i 2017. Humaniorafaga ved NTNU har gått frå 35 til 21 prosent norsk i publikasjonane sine. UiB held seg derimot meir stabilt, men relativt lågt, gjennom dei siste åra med med rundt 30 prosent publisering på norsk.

Samla går samfunnsvitarane i same retning som humanistane. Medan 35 prosent vart publisert på norsk så seint som 2012, var talet i fjor nede i 23 prosent. Her skil UiO seg ut med den klaraste nedgangen, frå 35 prosent i 2011 til 17 prosent i 2011.

Innan medisin og helsefag har engelsk lenge vore dominerande som publiseringsspråk. No kan det sjå ut som om norsk er på veg til å bli ein kuriositet i publiseringa av medisinsk forsking frå norske institusjonar. Sidan 2011, då andelen norsk låg på 9 prosent, har talet blitt nær halvert og låg i 2017 på 5 prosent.

Realfaga har ei flat kurve i heile perioden NIFU har rekna på, frå 2011 til 2017. Berre 1 prosent blir publisert på norsk.

(Foto: Norske vitskapelege publikasjonar etter fagområder, 2011–2017.
Kjelde: NIFU/Cristin)

Foto: Norske vitskapelege publikasjonar etter fagområder, 2011–2017. Kjelde: NIFU/Cristin

Gjer som dei blir bedne om

I Indikatorrapporten 2018 blir den stadig reduserte bruken av norsk forklart med aukande internasjonalt samarbeid.

Fleire evalueringsrapportar har peikt på at forskarane bør publisere meir av forskinga si internasjonalt.

– Dette har skjedd, på kostnad av norsk publisering, seier seniorrådgivar i NIFU, Kristoffer Rørstad.

Også i absolutte tal har det vore ein nedgang. I 2011 var det totale talet på norske publikasjonar 2898, i 2017 2437 - ein nedgang på 15 prosent. I humaniora var nedgangen på 22 prosent i same periode, medan samfunnsvitenskapen har ein nedgang på 6 prosent.

– Det har vore ein sterk vekst i publiseringsvolumet generelt, men den har ikkje kome på norsk.

Rørstad peikar også på ulike publiseringsmønster for ulike fagfelt: Innan realfag og teknologi finst det knapt norske tidsskrift å publisere i. Innan humaniora og samfunnsvitskap finst det langt fleire. Publiseringsform kan også påvirke skilnaden mellom fagfelta. Det blir skrive meir i bøker og bokkapittel i samfunnsvitskap og humaniora enn i realfaga, og andelen norsk er større i bøker enn i artiklar.

Andelen vitskapelege artiklar med medforfattarar frå andre land har gått gradvis oppover frå 17 prosent i 1981 – til 67 prosent i 2017, målt etter artiklane indeksert i Web of Science. Med andre ord har to av tre artiklar publisert av norske forskarar no medforfattarar frå andre land. Tilsvarande andel for publikasjonane i Cristin utgjorde 50 prosent i 2017. Den lågare andelen har samanheng med at humaniora og samfunnsvitskap er betre dekt og at omfanget av internasjonalt samarbeid er mindre i desse fagområda, ifølgje Indikatorrapporten.

Mindre internasjonalt på Oslomet

Samstundes er det store forskjellar mellom fagområda når det gjeld internasjonalt medforfattarskap. Innan realfag og teknologi er seks av ti i denne kategorien – innan humaniora berre 16 prosent. Dette må sjåast i lys av at dei fleste publikasjonane frå humaniora er forfatta av ein person, ifølgje Indikatorrapporten.

Av alle universiteta er det Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) som har flest utanlandske forfattarar med på skrivinga, målt etter andelen i Cristin. Der er 60 prosent av publikasjonane samarbeid mellom norske og utanlandske forfattarar. Deretter følgjer Universitetet i Bergen (UiB) med 56 prosent og Universitetet i Oslo med 51 prosent.

Ved Oslomet, der rektor Curt Rice har gjort seg til talsmann for å kutte ut norsk som publiseringsspråk, har berre 27 prosent av publikasjonane internasjonalt medforfattarskap.

På Høyden skreiv tidlegare i år om Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved UiB der null prosent publisering gjekk føre seg på norsk i 2017. Dekan Helge Dahle forklarte dette med at det knapt finst aktuelle publiseringskanalar på norsk.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

37 ansatte ved Oslomet sier de har blitt utsatt for seksuell trakassering

37 ansatte ved Oslomet har blitt utsatt for seksuell trakassering ved OsloMet de siste tolv månedene, går det fram av universitetets medarbeiderundersøkelse.

NTNUs jentesatsning inspirerer andre nordiske universiteter

Universitetene Chalmers og Aalto har begge kopiert NTNUs satsninger for å lokke flere jenter til teknologifag. – Jeg ble veldig inspirert av Jenteprosjektet Ada, sier finske Marja Niemi.

GDPR og forskning:

- Dette er en forskningsvennlig reform

Norsk senter for forskningsdata omtaler GDPR som en forskningsvennlig reform, selv om den fører med seg noen strengere krav til norske forskere.

Nybø mener det er opp til universitetene å vurdere om det skal være lærerutdanning i distriktene

Under onsdagens muntlige spørretime i Stortinget ble statsråd Iselin Nybø konfrontert med den ventede lærermangelen i norsk skole.