Svært få underkjente i Tromsø og Trondheim

NTNU og Universitetet i Tromsø har færre underkjente avhandlingar enn universiteta i Bergen og Oslo. I Tromsø trur ein to rettleiarar til alle og forskargrupper er noko av forklaringa.

Tala viser at om lag 2,6 prosent av avhandlingane ved NTNU vert underkjent. Her frå doktorpromosjonen i 2014.
Publisert
Ragnhild Lofthus jobbar med forskarutdanning ved NTNU. Under tre prosent av avhandlingane vert underkjente, og Lofthus seier at leiinga vil sjå på ut.

I 2013 var det berre 2,45 prosent av dei innleverte avhandlingane som enda opp med å ikkje verta godkjente for disputas ved Universitetet i Tromsø.

På Høyden har den siste tida skrive fleire saker om underkjenning av doktorgrader. I tillegg til å samla inn tal frå dei ulike fakulteta ved UiB, har redaksjonen òg fått tal frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og NTNU i Trondheim. Ikkje alle ville gi tal for dei ulike fakulteta, og På Høyden får òg opplyst at tala ikkje er hundre prosent vasstette. Men tendensen er klår: UiT og NTNU har færre underkjente grader enn UiB og UiO.

Les mer: Mange doktorgrader blir underkjent

Les også: - Det største ansvaret har ein sjølv

Populært kurs

– Me har krav om at alle stipendiatane skal ha to rettleiarar, seier Pål Vegar Storeheier.

Han er forskingsdirektør ved Universitetet i Tromsø.

Storeheier seier at kravet om to rettleiarar er gjort for å sikra at forskarar med ulik kompetanse tek del i doktorgradsarbeidet. I tillegg har universitetet fokus på både forskarskule og forskingsgrupper.

– Forskingsgrupper er noko me har jobba mykje med, og no har me det ved alle fakultet. Universitetet i Tromsø er eit breiddeuniversitet, men me er eit lite breiddeuniversitet. Det gjer nok at det vert tett kontakt mellom forskarar og stipendiatar, trur Storeheier.

Ved Universitetet i Tromsø vert det òg satsa på opplæring av dei som skal vera rettleiarar.

– Me har eit eige kurs i rettleiing, etter modell frå Universitetet i Umeå, som me samarbeider med. Røynslene frå Umeå er at dette kurset vart så populært at dei no har gjort det obligatorisk. Me har hatt kurset i to år, og det vert fullteikna med ein gong, seier Storeheier om kurset som har plass til tjue kvart semester.

2,6 prosent underkjente

Dei siste åra har UiT hatt i overkant av hundre disputasar kvart år. Ingen av åra har meir enn fire kandidatar fått avhandlinga si underkjent. NTNU har tre gongar så mange disputasar, men berre om lag ti kandidatar har fått underkjent kvart år.

Tala viser at om lag 2,6 prosent av avhandlingane ved NTNU vert underkjente. Ragnhild Lofthus, som er koordinator og seniorrådgivar i rektor sin forskingsstab, seier at universitetet har ei ordning der alle ph.d.-ar skal ha to rettleiarar. Mange av stipendiatane er òg med i forskargrupper, saman med både andre stipendiatar og røynde forskarar.

– Då får ein rettleiing frå heile gruppa undervegs. Det er klart at det har mykje å seia å vera del i ei forskargruppe som i tillegg ofte er ein del av eit internasjonalt nettverk, seier Lofthus.

Anne Lise Fimreite, prorektor ved UiB, har tidlegare sagt at forma på avhandlinga kan ha noko å seia for underkjenning. Lofthus trur det kan vera rett.

– Her ved NTNU har me jobba mykje med å få artikkelbaserte avhandlingar, og hos oss går òg dei humanistisk og dei samfunnsvitskapelege faga òg meir og meir over til doktorgrader basert på artiklar. I mange tilfelle er ein eller fleire av artiklane allereie publiserte før avhandlinga er levert. Då veit ein at ein er på rett veg, seier ho.

– Med ein monografi, som først er ferdig etter fleire år, legg ein hovudet meir på blokka, legg ho til.

Kan gi ekstra tid

Både Universitetet i Oslo, NTNU og UiT brukar i ulik grad Universitets-og høgskolerådet (UHR) sine «veiledende retninglinjer for graden philosophiae doctor (ph.d.)». Her vert det opna for at dei ulike institusjonane kan gi løyve til ei mindre omarbeiding av avhandlinga før endeleg innstilling vert gitt. Det heiter at komiteen skal gi ei konkret oversikt over kva kandidaten må gjera om, og institusjonen skal gi ein frist for slik omarbeiding. Fristen bør ikkje vera lenger enn tre månader.

– Ein av grunnane til at denne paragrafen kom medi UHR si rettleiande forskrift, skal vera av omsyn til harmonisering mot andre land. I fleire andre land er det slik at den sakkunnige komiteen kjem inn på slutten av arbeidet og gir kandidaten konkrete tilbakemeldingar, seier Storeheier.

Han seier at paragrafen ikkje er mykje i bruk ved UiT, og dersom han vert brukt, gjeld det i hovudsak dr. philos.

– Den vanlege forskarutdanninga er meir kvalitetssikra undervegs. Dr. philos-ordninga er jo ei doktorgrad utan rettleiing undervegs, og kandidatane har altså ikkje den same kvalitetssikringa, seier Storeheier.

Men i nokre tilfelle er det også ph.d.-ar som får høve til å gjera om på arbeidet sitt før det vert levert inn.

– Dei fleste avhandlingane er basert på artiklar, og dei er ofte godkjende. Difor er det gjerne ting i kappa som vert peika på, seier Storeheier.

Han viser til to døme. I eitt tilfelle meinte komiteen at innleiinga var for omfattande og med for stort fokus på forhold artiklane ikkje omtalte. I eit anna tilfelle meinte komiteen at kandidaten ikkje hadde vurdert alle alternativ.

– Tidlegare kunne kandidatane få opp til seks månader ekstra. No er det tre, seier Storeheier.

UiB tillet ikkje

UiO tillet omarbeiding i inntil seks månader. I 2012 var det 35 av dei godt over 500 avhandlingane som vart sendt til omarbeiding. 34 enda med disputas. På Høyden har fått tilsendt kommentarar frå nokre av fakulteta ved UiO. Ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet får kandidatane beskjed om kva som er anbefalt å gjera om på. Det er fakultetet sitt ansvar at komiteen kjem med ei klår og tydeleg oversikt over dei punkta kandidaten bør gjera om på, men det er opp til kandidaten sjølv å gjera endringane.

I NTNU si doktorgradsforskrift frå 2012 er det ein paragraf som gir kandidaten moglegheit til ei mindre omarbeiding i løpet av tre månader. Dette vert ikkje rekna som underkjenning. Avhandlinga vert underkjent når det er store manglar på henne, og då kan kandidaten levera inn på ny etter minimum seks månader.

– Når det gjeld kven som gjer ei mindre omarbeiding og kven som får underkjenning, er talmaterialet vårt førebels ganske tynt. Men me vil følgja med på utviklinga, seier Lofthus.

Universitetet i Bergen har valt å ikkje nytta UHR sin rettleiar. Prorektor Anne Lise Fimreite seier til På Høyden at punktet i rettleiinga har vorte nøye diskutert.

– Grunnen til at me ikkje tok han med då regelverket vart revidert, var ei redsle for at det ville føra til eit krav om «den perfekte avhandlinga». Forskingsutvalet meinte at dei rettingane ein kan gjera i løpet av så kort tid, bør vera noko ein kan ta på disputasen. Utvalet meinte at ei moglegheit til å utsetja ikkje ville vera ei hjelp for å få fleire gjennom, snarare kunne ein tenkja at ein ville få fleire avvisingar med kort, ny innleveringsfrist, seier Fimreite.

– Skal ikkje gjennom uansett kvalitet

Fimreite har tidlegare sagt at ikkje avhandlingar skal verta godkjende.

– Det er eit mål at alle skal koma seg gjennom forskarutdanninga. Men alle gjer ikkje det, seier Storeheier.

– Det eine er dei som får underkjent. Men det er òg ein del som gjer seg undervegs. Det er nok ulike grunnar til det, men å ta doktorgrad er ikkje for alle.

Forskingsdirektøren seier at sjølv om målet er at alle skal få godkjent avhandlingane sine og koma til disputas, er det ikkje alt som vert levert inn som er godt nok til å koma gjennom.

– Rettleiarane legg mykje prestisje i kandidatane. Ei underkjenning handlar om deira rykte, og dei strekkjer seg langt for å få kandidatane gjennom, seier Storeheier.

Òg ved NTNU er målet at kandidatane skal koma gjennom. Men ikkje uansett.

– Me ønskjer i utgangspunktet at alle skal koma gjennom. Men me er ikkje interesserte i at dei skal koma gjennom med noko som har dårleg kvalitet. Ei doktorgrad skal ha internasjonal kvalitet. Dersom kandidatane ikkje kjem dit, skal dei ikkje koma gjennom, seier Lofthus.

Ho seier at ein ting er dei som får underkjent avhandlinga si. Ein annan ting er dei som aldri leverer noko avhandling.

– Me ser at det er utfordringar knytt til både gjennomføringstid og slutting. Me veit veldig lite om kven som hoppar av doktorgradsløpet og kvifor dei gjer det. Universitetet investerer mykje i kandidatane, så me lurer på kva det er som gjer at nokon vel å hoppa av.