Omfamna helseklynga i Arendal

«Alle» ville ha ein bit då UiB serverte forsking og innovasjon i primærhelsetenesta til frukost.
Dag Rune Olsen UiB debatt Arendal
(Foto: Dag Hellesund, På Høyden)

Dag Rune Olsen UiB debatt Arendal Foto: Dag Hellesund, På Høyden

I mylderet av arrangement hadde 70-80 personar funne vegen til møtet om Helsecampus Årstadvollen, og arrangøren måtte fram med ekstra stolar.

Måte å jobbe i framtida

Klynge-initiativet får mykje skryt både frå kunnskaps- og helsesektoren:

– Eg er svært begeistra for korleis det blir jobba med helseklynge i Bergen. Ikkje berre fordi eg har ein sjef som er derfrå, men fordi eg ser at dette er måten å jobbe med dette i framtida, sa helsemininster Bent Høie.

– Dette er eit flott initiativ! Her har vi eit universitet, eit helseforetak, ein kommune og ein høgskule som har gått saman. Det er ein utruleg viktig arena for innovasjon, og næringslivet blir òg ein del av det heile, seier direktør for Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

Det er mange helsearrangement under Arendalsveka, og ei rekke representantar for alt frå fagforeiningar til kommunar. Og då UiB-rektor Dag Rune Olsen, prorektor Robert Bjerknes og kommunaldirektør Nina Mevold i Bergen kommune fortalde at målet er å få til forsking og innovasjon i primærhelsetenesta, som kommunane har ansvaret for, gjekk det nøgde sukk gjennom forsamlinga.


Helseklyngemøtet var godt besøkt, og fleire stolar måtte til for å huse alle. 

50 prosent aktivitet, 10 prosent forsking

– Det er ein ubalanse i forskinga når det gjeld kommunale helsetenester. Mens helsekronene er delt 50-50 mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta, er det berre 10 prosent av forskinga som handlar om kommunale helsetenester, seier Nina Mevold.

– Det er altså ein stor samfunnsinnsats som blir gjort, men kunnskapsgrunnlaget er for dårleg, seier ho.

Kommunalråden er klar på at kommunane òg må bidra med midlar i forskinga.

– Vi skal løfte fram forskinga vår. Vi har faktisk 34 med doktorgrad i Bergen kommune. Og i den nye helseklynga vil vi opprette eit universitetslegekontor. Høgskulen på Vestlandet kjem òg til å plassere heile omsorgsteknologi-labben sin der, fortel Mevold.

Olsen: Vi har svaret!

– Primærhelsetenesta skal og må ha ein større plass i forskinga. Og vi må skifte fokus over på det som både er meir kostnadseffektivt og som vil hjelpe folk betre. Vi må tenke radikalt nytt, og samarbeide. Vi meiner at vi har svaret på korleis vi skal arbeide fram nye løysingar, og det er ei kunnskapsklynge, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen under arrangementet, som var ei form for nasjonal lansering av helseklynga i Bergen.

– Vi blir dobbelt så mange menneske over 70 år dei neste åra, og vi er nøydde til å tenke nytt, seier Høie.

Fokus må over frå å kurere til å forebygge, meiner han.

– Men forebygging vil i stor grad foregå i andre sektorar enn helsetenesta. Men då må kommunane komme tidlegare inn, for det er i skulane, barnehagane, kulturtilbodet og korleis ein planlegg butilboda at helse blir skapt, seier Høie.

Han er difor sterkt imot å fjerne ansvaret for primærhelsetenesta frå kommunane.

– Vi kan bli endå betre på å hjelpe einskildmenneska til å mestre liva sine. Men då må vi vite kva som er viktig i liva deira. Difor er eg så imot at staten skal overta ansvar for helse. Då vil ikkje kommunane sjå konsekvensen av politikken sin, meiner Høie.

Svarteper-spel

Forskingsrådsdirektør John-Arne Røttingen er særleg opptatt av kor finansieringa til forskinga skal komme frå, samt infrastrukturen for forskinga.

– Men eg synest eg aner eit svarteper-spel mellom kommunane og Kommunenes Sentralforbund på den eine sida, og ministrane og staten på den andre, åtvarar han.

– Det er viktig at vi får på plass ei finansiering av forskinga. Summen av helse- og omsorgs- og kommunal- og moderniseringsminister må skjønne at her må vi investere, sa Røttingen, som gratulerte UiB og Bergen kommune med å få dette på plass.

Inga særbehandling

Men sjølv om Høie er begeistra for ideen lovar han ikkje ekstra pengar:

– Eg synest det er eit godt tiltak. Men det er etablert ordningar for å finansiere slike prosjekt, og helseklynga kan ikkje få noko særbehandling der, seier Høie til På Høyden. 


_16.08.2017_11_25_06.jpg

Berit Rokne og Høgskulen på Vestlandet fekk òg skryt av Bent Høie for engasjementet i helseklynga. Dag Rune Olsen serverte helseklynge til frukost i Arendal. Frå venstre på menyen prorektor Robert Bjerknes, kommunaldirektør Nina Mevold, forskingsrådsdirektør John-Arne Røttingen og helseminister Bent Høie. Men Høie lovar ikkje å ta rekninga.




UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

- Jeg er ikke bekymret for den akademiske friheten ved NTNU

«Universitetsledelsen skal aldri opptre på en måte som fører til selvsensur», slår SU-dekan Marit Reitan fast i dette intervjuet.

Mener NTNUs akademiske frihet blir innskrenket

NTNU får flengende kritikk av Kristian Gundersen for sin håndtering av kontroversen omkring nettstedet Resetts intervju med Øyvind Eikrem. Han får delvis følge av Anine Kierulf. Begge er kritiske til dekan Marit Reitans bruk av begrepet «ytringsansvar.»

Professor leverte bok for sent, ilagt 2250 euro i bot

En tysk psykologiprofessor er ilagt en bot på 2.250 euro for å ha levert tilbake 50 bøker til høyskolens bibliotek for sent. Saken har nå havnet i retten.

Norce-tilsette mistar millionar i pensjon

Ei gruppe tilsette i Norce protester mot den nye pensjonsordninga deira, som eldre arbeidstakarar taper pengar på.