KI-guru Yoshua Bengio: – Me kan ikkje tapa kontrollen over kunstig intelligens

– Me treng politiske løysingar. For me kan ikkje tapa kontrollen over kunstig intelligens. Det sa den kanadiske KI-professoren Yoshua Bengio, då startskotet for TRUST, Noregs nye nasjonale senter for påliteleg kunstig intelligens blei markert på UiO.

BØN TIL KI-FORSKARAR I EUROPA: – Dei må utvikla kunstig intelligens som er grunnlagt på sanning og på verdiar som nesten alle dei europeiske landa deler, sa KI-«gudfar» Yousua Bengio under opninga av forskingssenteret TRUST.
Publisert

Den kanadiske KI-guruen professor Yoshua Bengio, forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og digitaliseringsminister Karianne Tung var alle på plass då det norske senteret for påliteleg KI (TRUST) blei lansert på UiO mandag forrige uke.

Det skriv Uniforum.

TRUST er eitt av seks nye KI-senter. I dette senteret samarbeidar UiO, Norsk reknesentral og SINTEF saman med over 70 forskingsinstitusjonar og partnarar frå privat og offentleg sektor og sivilsamfunnet.

Senteret samlar leiande forskarar, industripartnarar, offentlege institusjonar og internasjonale samarbeidspartnarar for å utvikla ein type kunstig intelligens som er gjennomsynleg, ansvarleg og laga for å vera eit gode for heile samfunnet. 

Utfordra Europa til å ta ansvar for å regulera KI

Etter at leiaren for TRUST biostatistikkprofessor Arnoldo Frigessi hadde halde opningstalen, slapp Yoshua Bengio til med hovudføredraget sitt.

STOLTE IKKJE PÅ TECH-MILLIARDÆRANE: Dei folka som eig dei systema, vil ha altfor mykje makt, sa Yoshua Bengio i talen sin. Den kanadiske professoren har grunnlagt eit institutt som samarbeidar nært med næringslivet og samfunnet for å få fart på tilpassinga til ansvarleg kunstig intelligens.

Kanadiske Yoshua Bengio er ein global leiar innanfor forsking på djup læring og grunnleggjar av Mila-Quebec Artificial Intelligence Institute. Instituttet samarbeider nært med næringslivet og samfunnet for å få fart på tilpassinga til ansvarleg kunstig intelligens.

I talen sin åtvara Yoshua Bengio mot å sleppa kunstig intelligens laus utan kontroll og utan å regulere dei teknologiselskapa som står bak utviklinga. 

– Dei folka som eig dei systema, vil ha altfor mykje makt. Derfor må europeiske land ta utfordringa med å regulera kunstig intelligens. Då må dei utvikla kunstig intelligens som er grunnlagt på sanning og på verdiar som nesten alle dei europeiske landa deler, sa han. 

Bengio åtvara også Europa mot ikkje ta KI på alvor.

– Då vil verdsdelen tapa masse arbeidsplassar på grunn av KI, frykta han. 

– Med felles kapital og kunnskap kan me ta utfordringa 

Håpet hans er at Canada og dei europeiske landa kan samarbeida om dette.

– Med felles kapital og kunnskap kan me klara å ta utfordringa frå kunstig intelligens, var han overtydd om. 

Han kom også med ein bodskap til alle som jobbar med KI.

– Eg håpar de vil styra utviklinga av kunstig intelligens på ein måte som gjer at barna våre får ei fin framtid, sa han.

– Det skal vera etterrettelege metodar i alt me gjer

Då lanseringa av forskingsenteret var over, fekk Uniforum også ein kort samtale med forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og digitaliseringsminister Karianne Tung.

PANELSAMTALE: Yoshua Bengua deltok i ein panelsamtale om påliteleg kunstig intelligens saman med forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og digitaliseringsminister Karianne Tung. Jussprofessor Malcolm Langford leia samtalen.

– Kva meiner de må til for at forskarane og dei andre tilsette på universitetet kan ta i bruk kunstig intelligens utan at det vil gå gale av stad?

– Då gjeld dei generelle reglane, svara Sigrun Aasland. 

– Det skal vera etterrettelege og etterprøvbare metodar i alt me gjer. Det skal ettergåast kjelder, slik at metoden kan forståast og forklarast og vera etterretteleg, understreka ho.

Så peika ho på formålet med forskingssenteret TRUST: 

– Det skal ikkje forska på teknologien i seg sjølv, men på korleis me brukar KI på ein måte som inngir tillit. Kor gjennomsynlege er avgjerdssystema våre?

Karianne Tung la vekt på at det er store skilnader innanfor kunstig intelligens og korleis den blir brukt. 

– Kunstig intelligens er jo å ha tilgang til tungreknekapasitet. Det vil jo vera ein verkeleg "booster" for å kunna forska meir og mykje djupare enn ein nokonsinne har gjort. Evna til å ta i bruk teknologien på den måten er kjempeviktig, understreka ho.

– Nyttig å forstå kunstig intelligens på tvers av fag

– I dag forstår studentar kanskje kunstig intelligens endå betre enn mange vitskaplege tilsette. Kva vil de gjera for å utlikna den skilnaden? 

Sigrun Aasland er først ute med å svara.

– Både for førelesarar og forskarar er det nyttig å forstå meir av kunstig intelligens på tvers av fag om korleis det blir brukt og korleis det bør brukast. Der veit eg at mange universitet gjer interessante ting med KI-ambassadørar for å breia ut kunnskap om kunstig intelligens. 

FULLSETT: Det var fullt i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus under lanseringa av TRUST Noregs nye nasjonale senter for påliteleg kunstig intelligens. Senterleiar Arnoldo Frigessi står bak talarstolen.

Karianne Tung kom også på andre tiltak som var sett i verk:

– KI-råd om korleis ein skal gjera det i kvardagen: Ver nysgjerrig og kritisk, var rådet hennar. 

– Ja, det er alltid eit godt råd, istemte Sigrun Aasland.