Eikeseth på ein fredag

Realist-tørke i media

Er det media eller naturvitarane sin feil at det er så få journalistar med realist-bakgrunn?

Publisert Sist oppdatert

Mens utdanningar innan humanistiske, samfunnsvitskaplege og økonomiske fag er nokså vanleg ballast for journalistar, er det omtrent like langt mellom journalistar med realfagbakgrunn som oasar i ein ørken.

Mange, meg sjølv inkludert, synest det er eit problem i seg sjølv at naturvitarane er så underrepresentert i media. Det er ei ulempe at redaksjonane manglar ekspertise på naturvitskapleg forsking, eit område som sysselset mange tusen menneske, og som skal gi grunnlag for det vi skal leve av etter oljen.

Redaktøren i Forskning.no hevda nyleg at realist-tørken i media skuldast naturvitarane sjølve. Det er naturvitarane som ikkje ønsker å utdanne seg til journalistar. Redaktøren stilte så spørsmålet om kvifor dei ikkje ønsker å gjere det.

Spørsmålet er interessant. Dersom det er slik at det er naturvitarane som er uinteresserte i å bli journalistar, kva skulle i så tilfelle vere årsaka?

Handlar om å stille spørsmål og finne svar

Kan det vere at naturvitskaplege studium står lenger unna journalistikk enn andre fag, fordi ein legg vekt på presisjon, grundigheit og fakta? Dette må i tilfelle vere ei misforståing. For journalistikk har mange likheitstrekk med ein naturvitskapleg tenkemåte. All forsking handlar til sjuande og sist om å stille spørsmål og finne svar - ikkje så heilt ulikt journalistikk.

Ein annan grunn til at realistane ikkje vil bli journalistar kan vere at dei aller helst vil arbeide med forsking, og at dei vel bort journalistyrket fordi det har for låg prestisje og/eller for dårlig løn. Dersom dette er grunnen, må ein i tilfelle gå ut frå at naturvitarar ikkje veit at ein gjennomsnittsjournalist i VG tener 705.000 kroner, noko som kan konkurrere med ei professorløn.

Manglande samfunnsengasjement kan også vere ei forklaring. Men i tilfelle må ein gå ut frå at naturvitarar er mindre interessert i kva som føregår i samfunnet enn dei som studerer andre fag.

Haar redaktørane skulda?

Eller kan det tenkast at forklaringa ikkje ligg hos naturvitarane, men tvert imot hos redaktørane i landets mediebedrifter?

Mens avisene set av spalteplass og gir ut bilag om kjendisar, politikk, utanriks, kultur, sport og økonomi, er det sett av lite plass til forsking. Det manglande fokuset på forskingsstoff i media, gjer det sannsynlegvis mindre attraktivt for naturvitarar å søke seg til media. Det er lite attraktivt å skrive om Kim Kardashians nye graviditet, når ein har lyst til å bruke spisskompetansen sin i bioteknologi eller kjernefysikk til å skrive om ny forsking.

Uansett kva grunnen måtte vere, så er det ikkje unaturleg å tru at media ville sett annleis ut med fleire journalistar med realfagsbakgrunn. Truleg ville til no oversette og viktige stoffområde bli løfta fram i lyset. Sannsynlegvis ville media i større grad evne å sette enkeltstudiar inn i ein større samanheng, og til å finne riktig kjelde til riktig sak.

NRK-tabbe

Kanskje kunne ein også oftare unngå tabbar lik den NRKs aktualitetsprogram Her og Nå gjorde i ein vaksinedebatt i 2014. Då inviterte dei redaktøren av konspirasjonsnettstaden Nyhetsspeilet til å debattere HPV-vaksinen med ein vaksineforskar. Det kan godt vere at det finst ei reell usemje blant forskarane når det gjeld HPV-vaksinen, men den går nok ikkje ut på at vaksinar er eit komplott frå ein hemmeleg organisasjon som vil forgifte unge kvinner.

Det eksisterer planar om ei integrert journalistutdanning for naturvitarar ved Universitetet i Oslo. Kanskje burde Noregs største naturvitskaplege utdanningsinstitusjon også vurdere eit slikt studietilbod?

Følg Unni Eikeseth på twitter