Eikeseth på ein fredag

Feige kvinner

Berre ein av fem ekspertkjelder i media er kvinner. Er kvinnene for feige til å stille opp?

Eg hadde lenge planlagt å skrive ein tekst om at kvinner oftare enn menn seier nei takk til å stille opp i media. Så vart eg plutselig ringt opp av ein radiojournalist sjølv.

Før eg rakk å tenke meg om hadde eg servert han dei svara som eg har høyrt mange gonger når eg som journalist har ringt kvinner og bedt dei om å stille opp: « Vel, eg er ikkje eigentleg ekspert på dette temaet.» Og «Du burde heller snakke med den eller den».  

Kvifor svarar vi kvinner ofte slik?   

Misforstå meg rett, både menn og kvinner i akademia har mykje å gå på når det gjeld å stille opp i media og snakke om deira fag. Eg kan telje på ei hand kor ofte eg vart tipsa direkte av forskarar i dei ti åra eg arbeidde som vitskapsjournalist.

Nettopp fordi ekspertane ikkje kjem til journalisten, må journalistar ofte tråle universiteta for å få tak i relevante kjelder. Og naturligvis er det viktig å snakke med folk av begge kjøn. Media skal jo trass alt spegle samfunnet, og halvparten av samfunnet er kvinner. I 2014 var 52,5 prosent av dei tilsette i universitets- og høgskolesektoren damer. Men likevel snakkar journalisten som oftast med ein mann. Berre ein av fem ekspertkjelder i norske media er kvinner, ifølgje rapporten The Global Media Monitoring Project frå 2010.

Ofte kunne media gjort ein betre jobb. Journalisten ringer den personen han kjem på først – som regel ein mann, og som regel Frank Aarebrot. Aarebrot var den mest siterte professoren i Noreg i 2008, ifølgje ein rapport laga på oppdrag frå Morgenbladet. Eg tippar han tronar høgt på denne lista også i val-året 2015. Den same undersøkinga viste også at blant dei hundre mest siterte professorane i Noreg var berre 14 kvinner. Sidan menn er oftare i media, er det lettare å komme på namnet til ein mann når ein travel journalist treng ein ekspert. Slik får dei mannlege kjeldene meir mediatrening, og blir endå meir attraktive å ringe til. På denne måten reproduserer media sine eigne ekspertval.

Men dei kvinnelege kjeldene må også ta ein del av skylda. For mens menn sjeldan kvir seg for å stille opp i media, skjer det langt oftare at kvinner seier nei takk og viser journalisten vidare.

La meg ta ein døme. For nokre år sidan fekk eg eit tips frå ein informasjonsmedarbeidar på NTNU om ein kvinnelege forskar som haldt på med eit spennande forskingsprosjekt. Då eg ringte den kvinnelege forskaren for å høyre meir om forskinga hennar, svara ho: «Huff ja, eg frykta at du ville ringe». Deretter sa ho at det ikkje passa for henne å snakke om dette før fleire månader fram i tid. Ho virka heller ikkje særleg interessert i å finne eit tidspunkt som passa.

Eg ringte ikkje tilbake.

Med beina godt planta i naturvitskap, står det som ganske klart for meg at ein grunnane til at menn oftare seier ja til media er at dei frå biologiens side er større risikotakarar enn kvinner. Det gjer nok sannsynlegvis menn mindre  følsame for janteloven, og mindre redde for å stikke seg fram med saftige sitat.  Ei rekke medieoppslag den siste tida viser dessutan at det er ein større risiko for at kvinner blir hetsa når dei ytrar seg i media. Kanskje ikkje så rart at vi kvinner tenker oss ekstra godt om. Men ærlig talt, vi er ikkje berre biologi, men også kultur. Kvinner har også eit ansvar for likestilling i media.

For at det skal bli fleire kvinnelege ekspertkjelder i media, må journalistane sjølvsagt skjerpe seg. Men kvinner i akademia kan altså også gjere ein innsats. Neste gong ein journalist ringer, sei ja takk til å stille opp! Det gir deg ein gylden sjanse til å fortelje om ditt fagområde. Dessutan sørger du då for at det ikkje berre er dine mannlege kollegaer som snakkar til media.

Tilbake til radiojournalisten som ringte for å få meg til å stille til eit intervju. Eg skjøna plutselig at eg ikkje kunne be andre kvinner skjerpe seg, dersom eg ikkje stilte opp i media sjølv. Eg sa derfor ja.

Intervjuet med Unni Eikeseth hører du her, i "Ut i kulturen" 18/10.

Kvinner har også eit ansvar for likestilling i media

Gjesteskribenten
(Foto: Elin Iversen)

Foto: Elin Iversen

  • Unni Eikeseth er universitetslektor i naturfag ved Fakultet for lærer- og tolkeutdanning ved NTNU. Ho kjem frå ein jobb som vitskapsjournalist i NRK der ho har vore tilsett i 13 år.
  • Ho var blant anna programleiar for det populærvitskaplege barne- og ungdsomsprogrammet Newton frå 2002-2005. Eikeseth har også jobba som lektor i vidaregåande skule.
  • Eikeseth har hovudfag i organisk kjemi, ein uferdig doktorgrad, og praktisk pedagogisk utdanning (PPU) frå NTNU. Er opptatt av naturvitskapleg formidling og kritisk forskingsjournalistikk.
Relaterte artikler

Rolfsen på en fredag:

Jeg gleder meg til fremtiden!

Jeg vil gå så langt som å si at det kan spille en avgjørende rolle for det fremtidige Norge, skriver Monica Rolfsen om samlingen av miljøene for økonomi og innovasjon i Hesthagen.

Flor på en fredag

Om forskere som ikke liker å undervise

Jørgen Flor mistenker mange forskere for å ha aversjon mot undervisning. Fremragende forskere må også lære seg å bli gode undervisere. "Det er faktisk mindre interessant om de liker det", skriver han.

Essahli på en fredag

Studenter uten grenser

NTNU bør spille en rolle i flyktningkrisen, men ikke som grensekontrollør.

Trætteberg på en fredag

"Jeg føler meg ikke helt trygg"

"Med gjennomføring av fusjonen nært forestående, trengs tilgang på gode it-tjenester, så spørs det om ledelsen og IT-avdelingen klarer å levere", skriver Hallvard Trætteberg.

Tjora på en fredag

Byens akademiske marinade

"Det er ingen grunn til at NTNU og vår eier skal feite opp byggebransjen når vi heller kan bruke ressurser for å utvikle gode lærings- og forskningsarenaer."

Flor på en fredag

Fusjonering på bakrommet

"Eposten jeg fikk forrige fredag bad om innspill fra studenter og ansatte om hvordan den nye fakultetsstrukturen bør være. Høringsfristen var påfølgende mandag klokken 10."

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Mekling på overtid i statsoppgjøret – ansatte møter på jobb

Mer enn seks timer etter at fristen gikk ut, forhandles det fremdeles om lønnsoppgjøret i staten. LO Stats streikeklare medlemmer møter på jobb torsdag morgen.

Meklingsfrist ved midnatt:

Eksamen, sensur og opptak går i stå hvis det blir streik

Mens partene i statsoppgjøret forhandler på spreng hos riksmekleren, forbereder 6 200 statsansatte seg på streik fra torsdag morgen. Ved NTNU tar Forskerforbundet og NTL ut over 300 ansatte om meklingen ikke fører frem.

- Universitetene må ta ansvar for seksuell trakassering av studenter

Marianne Synnes (H) i utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget reagerer på omfanget undersøkelsen av seksuell trakassering av studenter avdekker.

13.500 studenter har opplevd seksuell trakassering

Én av tjue av norske studenter har opplevd seksuell trakassering, viser en ny undersøkelse. 28 prosent av trakasseringen kommer fra forelesere eller veiledere.