Ytring:

Treårig ingeniørutdanning treng eit eget forvaltningsutval

"Me fryktar at treårig ingeniør kan forvitre eller forsvinne på NTNU på sikt", skriver nestleiar Anne Jorunn Vikdal i NITO Sør-Trøndelag i dette innlegget.

I forbindelse med fusjonen mellom NTNU, Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST), Høgskulen i Ålesund (HiÅ) og Høgskulen i Gjøvik (HiG) ynskjer me i NITO Sør-Trøndelag ekstra fokus på utdanningane som gir ein bachelor innan treårig ingeniørfag. I det nye NTNU er desse no fordelt på ulike fakultet saman med tilhøyrande fagmiljø. Dette ser NITO Sør-Trøndelag som positivt for kvaliteten på utdanningane.

Treårig ingeniør, eller «høgskuleingeniør», er ei meir praksisretta utdanning enn femårig ingeniør, tidlegare kalla sivilingeniør. No som bachelorutdanningane får tilhøyrigheit under dei same fakulteta som femårig ingeniørutdanning, er det viktig å syte for at begge beheld det unike som karakteriserer dei.

Størst etterspurnad etter bacheloringeniørar

NITO si behovsundersøking viser at det er to til tre gongar større behov for bacheloringeniørar enn sivilingeniørar, noko òg Dagfinn Røyset har peikt på. Over ein tredjedel av studentane som har teke treårig ingeniørutdanning ved tidlegare HiST har ei yrkesfagleg utdanning med fagbrev som bakgrunn.

Desse har ein unik fagkompetanse i botn, og er svært ettertrakta ingeniørar i norsk industri. Mange av desse ville mest sannsynleg ikkje teke høgare utdanning dersom sivilingeniør var det einaste alternativet. Dei har allereie vore i arbeidslivet, og tek relevant  høgare utdanning basert på kva arbeidsmarknaden etterspør.

Fryktar bachelor forsvinn

Me fryktar at treårig ingeniør kan forvitre eller forsvinne på NTNU på sikt. NTNU er aller mest kjent for sivilingeniørutdanning – kanskje Noregs beste? No skal sivilingeniørane integrere med bacheloringeniørane, først under same fakultet, og kven veit, på sikt kanskje under same institutt.

Den femårige ingeniørutdanninga er kjent for å vere meir teoretisk, og kandidatar herifrå er viktige for norsk arbeidsliv og kompetanse i ein globalt marknad. Ved å vera ein del av dette miljøet er me sikre på at dei treårige ingeniørane kan bli dei beste i landet. Det er ikkje behov for at alle tek master, og det er difor svært viktig at den treårige utdanninga består.

Behov for nytt forhandlingsutval

Me i NITO Sør-Trøndelag ynskjer at det blir etablert eit forvaltningsutval for bacheloringeniør-utdanningane; eit FUBI. Det finst allereie eit forvaltningsutval for sivilingeniørutdanningane (FUS) og lektorutdanningane (FUL) på NTNU. For å ivareta treårig ingeniørutdanning på ein best mogeleg måte meiner me at det bør etablerast eit eige for desse, og at dette ikkje vert lagt inn under FUS.

Forvaltningsutvala si rolle er koordinering på tvers av fakulteta. Dette vil det vere eit behov for på dei treårige ingeniørutdanningane, som no både vil bli organisert under fleire fakultet og ha ulik geografisk lokalisering. Forvaltningsutvala har ansvar for å vedta studieplanar og læringsmål, og det er viktig at personar som kjenner til, og har erfaring med den meir praksisretta bachelorutdanninga får ein betydeleg innverknad dette arbeidet. Ein vil med dette oppnå god struktur på utdanninga, opptaksrammer og kunne følgje med på at kvalitetsarbeidet i utdanningane blir fylgt.

På denne måten håpar NITO at bacheloringeniørane frå NTNU både i Trondheim, Gjøvik og Ålesund vert av dei aller beste, med ein god teoretisk tyngde og praksis som arbeidsmarknaden treng, og at NTNU blir eit føretrekt val blant studentar som ynskjer ei treårig ingeniørutdanning på eit føregangsuniversitet.  

(Fra redaksjonen: Dette innlegget er rettet i ettertid. Ved en feiltakelse fra vår side ble det skrevet forhandlingsutval i stedet for det korrekte, som skal være forvaltningsutval. Dette er nå rettet opp)

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Stort engasjement for nybygget ved Studentersamfundet

Nybyggkomiteen ved Studentersamfundet har fått inn over 1500 forslag fra medlemmer og frivillige på hvordan det nye bygget skal se ut. Torsdag kveld blir tre ferdige forslag avduket på huset.

Ytring:

Campus… men hva så?

«Også vi tapere må avslutte Campus-saken, f.eks. ved å gråte noen tårer over forsømte muligheter», skriver professor emeritus Arne b. Johansen i denne ytringen.

NTNU bevilger 7,5 millioner kroner til rassikring mot Nidelva

NTNU har bevilget 7,5 millioner kroner til å rassikre elva ved Studentersamfundet. Det utløser like mye penger fra kommunen.

Kristin Dæhli stiller til valg som nestleder i Forskerforbundet

Kristin Dæhli er gjerne bremsekloss når det er nødvendig for å passe på medlemmenes arbeidsvelferd og helse. Nå stiller hun til valg som nestleder i Forskerforbundet.