Saks-konklusjon etter påske

Fredag 31. oktober gjekk fristen ut for universitet og høgskular til å koma med innspel til framtidas universitets- og høgskulekart.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa har enno ikkje teikna det nye kartet over universitets- og høgskule-Noreg. Det gjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen heilt klart på ein konferanse måndag, skriv Uniforum.

Tre dagar etter fristen hadde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ikkje klart å lesa gjennom alt, og han og regjeringa hadde heller ikkje bestemt seg for korleis dei tenkjer seg at den nye universitets- og høgskulestrukturen skal sjå ut. Det gjorde han klart på den forskingspolitiske konferansen til Forskarforbundet måndag.

- Innstillinga frå regjeringa blir i alle fall ikkje klar før påske, heller ei stund etterpå, varsla Torbjørn Røe Isaksen.