Får erstatning etter seksuell trakassering på UiO

Birgitte Moesgaard Henriksen har fått medhald i at ho har fått påført yrkesskade på grunn av seksuell trakassering på UiO.
Tidlegare UiO-forskar Birgitte Moe Henriksen møtte opp saman med advokaten sin, John Christian Elden då meklinga starta opp i Oslo tingrett.
(Foto: Ola Sæther, Uniforum)

Tidlegare UiO-forskar Birgitte Moe Henriksen møtte opp saman med advokaten sin, John Christian Elden då meklinga starta opp i Oslo tingrett. Foto: Ola Sæther, Uniforum

– Det viktigaste for henne var å bli trudd, og det er ho blitt no, seier advokat John Christian Elden til Uniforum.

Den tidlegare UiO-forskaren Birgitte Moesgaard Henriksen har inngått eit forlik med Statens pensjonskasse. Det går ut på at ho får ei solid utbetaling for yrkesskade som ho meiner er eit resultat av seksuell trakassering på den tida ho var doktorgradskandidat på Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. 

– Blei overtydd av rapport frå psykiater

Advokat John Christian Elden er overtydd om grunnen til at Statens pensjonskasse gjekk bort frå planen om å ta ei rettssak og heller mekla fram eit forklik i denne saka.

– Etter at det låg føre ein rapport frå retten sin sakkunnige psykiater, var det ikkje lenger omtvista at ho var utsett for overgrep og trakassering medan ho jobba på universitetet. Det blei derfor endra frå ei hovudforhandling til ei rettsmekling for å diskutera dei øvrige erstatningsrettslege vilkåra og utmåling av erstatning, seier John Christian Elden til Uniforum.

– Eit godt forlik

No får Birgitte Moesgaard Henriksen altså medhald frå Statens pensjonskasse i at det er seksuell trakassering som er årsaka til yrkesskaden som har ført til at ho er blitt uføretrygda. Dermed har partane vore inne til mekling i Oslo tingrett i dag der målet har vore å koma fram til eit forlik. Birgitte Moesgaard Henriksens advokat, John Christian Elden er nøgd med forliket.

– Eit godt forlik er det forliket ingen av partane er nøgde med. Me inngikk eit godt forlik. Det viktigaste for henne var å bli trudd, og det er ho no.

– Kvifor ville motparten heller ha ei mekling med eit forlik enn ei rettssak i dette tilfellet?

– Begge partar var konstruktive, og då diskusjonen kun gjekk på det erstatningsrettslege, var det lettare å koma til semje.

– Kor stor blir erstatninga ho får?

– Ho ynskjer ikkje å kommentera storleiken på beløpet. 

– Prova overgrepet og trakasseringa

John Christian Elden er ikkje tvil om kva som har vore det vanskelegaste å få gjennomslag for i denne saka.

– Den største krangelen gjekk på om hadde hadde prova overgrepet og trakasseringa. Men då dette blei prova, var det lettare å koma i mål.

– Trur du denne saka kan danna presedens for liknande trakasseringssaker i staten?

– Ja det trur eg. Universitetet har det same ansvaret som alle andre arbeidsgjevarar til å leggja forholda til rette for at arbeidsmiljøet er godt og at dei tilsette kan trivast på jobb. Med ei solid utbetaling i denne saka, håpar me også det sender eit signal om kva som er uakseptabel leiarkultur, seier John Christian Elden. 

Ti år lang kamp

Birgitte Moesgaard Henriksen har i over ti år prøvd å få offentlege styresmakter til å handsama saka hennar om seksuell trakassering. Ho skulda rettleiaren sin for å driva med sexpress overfor henne. Saka blei meld inn til hovudverneombodet ved UiO, til Likestillings- og diskrimineringsombodet og Arbeidstilsynet. Ingen ville handsama saka.

I fjor sommar fekk ho avslag på å få eit møte med arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. No har ho altså inngått eit forlik med Statens pensjonskasse som vil betala henne erstatning av ukjent storleik fordi ho har fått ei yrkesskade på grunn av seksuell trakassering ved UiO. I dag er ho altså uføretrygda.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Hun vil flytte 250 mediefolk så nært NTNU som mulig

Når NRK Trøndelag nå skal vurdere hvor de skal holde til i fremtiden står en samlokalisering med NTNU øverst på ønskelisten.

Sliter med å finne noen som kan bygge 250 studentboliger billig nok

Gjøvik: De nye studentboligene lar vente på seg. Et halvt år etter at spaden etter planen skulle stikkes i jorden har Sit fremdeles ikke funnet en entreprenør som er billig nok.

Ytring:

Etter- og videreutdanning ved NTNU

I sin nyttårstale slo statsminister Erna Solberg fast at «ingen i det norske arbeidslivet skal gå ut på dato». Det er tverrpolitisk enighet om å satse mer på etter- og videreutdanning, og NTNU tar utfordringen med å bidra enda mer.  

Rektoren lot industrien bestemme innholdet i ny studie

Arendal: Norsk industri mener et godt samarbeid mellom industri og akademia er nødvendig for å at utdanningene skal være relevante. Samtidig er flere skeptiske til å la industrien diktere for mye.