Vil ha universitetsavis etter NRK-modell

– Viss ein skulle få til eit samarbeid med UiO og NTNU vil eg gå for NRK-modellen. Ein må ha ein overordna redaksjon.
Rektor Dag Rune Olsen skal treffa NTNU-rektor Gunnar Bovim og UiO-rektor Svein Stølen for å diskutera ei felles universitetsavis.
(Foto: Njord V. Svendsen, På Høyden)

Rektor Dag Rune Olsen skal treffa NTNU-rektor Gunnar Bovim og UiO-rektor Svein Stølen for å diskutera ei felles universitetsavis. Foto: Njord V. Svendsen, På Høyden

Det sa Kjersti Fløttum, som representerer dei vitskapeleg tilsette, då universitetsstyret ved UiB diskuterte moglegheitene for å etablera ei nasjonal universitetsavis, skriv På Høyden. Som På Høyden har skrive er det to spor som no vert sett på som aktuelle: Ein Schibsted-modell med stoffutveksling eller ein NRK-modell med ei felles plattform. Felles for dei begge at det vert jobba med eit samarbeid med UiO ogNTNU. Dei tre universiteta skal ha eit møte om saka 18. juni.

UiB-rektor Dag Rune Olsen har ikkje lagt skjul på at han meiner ein NRK-modell vil vera det beste. Dette gjentok han i møtet torsdag.

– I dag går det føre seg noko stoffutveksling mellom avisene i sektoren, ein kan kanskje kalla det ein uformell Schibsted-modell. For dei av oss som les både Bergens Tidende og Aftenposten dagleg, og tidvis òg Stavanger Aftenblad, er det litt avgrensa kor interessant det er å lesa det same stoffet tre gongar.

NRK-modell med Khrono?

Bakgrunnen for saka er Khrono sin invitasjon til sektoren om å verta ein del av avisa. Dei andre institusjonane har så langt takka nei, men UiB har forhandla. Det vekte stor merksemd då universitetsstyret i april skulle handsama ei sak om å la På Høyden verta ein del av Khrono. Kjersti Fløttum var ei av dei som den gongen uttrykte at ho var uroa for at det lokale stoffet kunne forsvinna.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fortalte styret at etter april-møtet har UiB-leiinga hatt ein omfattande dialog med andre i sektoren, og òg med På Høyden-styret.

– Teoretisk sett kunne ein sett føre seg ein NRK-modell der Khrono òg var med, men det er ikkje sikker at Khrono sine eigarar synest det er ein god idé. Det har me førebels ikkje spurt dei om, sa Olsen i møtet.

Han uttrykte mild skepsis til planane om å ha forskning.no som felles plattform.

– forskning.no har mange eigarar som kanskje meiner noko om ei ny avis. I tillegg er forskning.no først og fremst ein formidlingskanal. Dei har òg noko debatt, men det er ikkje hovudoppgåva deira. Ei avis for sektoren og forskning.no vil ha to ulike oppdrag. Me ønskjer oss ei avis som kan skriva både om forskning og utdanning, der ein kan ha debatt – ei skikkeleg avis, ikkje ein formidlingskanal, sa Olsen.

Vedtak i august

I utgangspunktet skulle saka om På Høyden verta avgjort i møtet i dag. No får universitetsstyret truleg ei vedtakssak på bordet 30. august. Oslomet, som eig Khrono, har bede om ei avklaring frå UiB innan utgangen av august.

– Oslomet har vore ganske tydelege på at dersom dei ikkje får ei avklaring frå UiB vil dei gå vidare med andre, sa Bernstrøm.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Sliter med å finne noen som kan bygge 250 studentboliger billig nok

Gjøvik: De nye studentboligene lar vente på seg. Et halvt år etter at spaden etter planen skulle stikkes i jorden har Sit fremdeles ikke funnet en entreprenør som er billig nok.

Ytring:

Etter- og videreutdanning ved NTNU

I sin nyttårstale slo statsminister Erna Solberg fast at «ingen i det norske arbeidslivet skal gå ut på dato». Det er tverrpolitisk enighet om å satse mer på etter- og videreutdanning, og NTNU tar utfordringen med å bidra enda mer.  

Rektoren lot industrien bestemme innholdet i ny studie

Arendal: Norsk industri mener et godt samarbeid mellom industri og akademia er nødvendig for å at utdanningene skal være relevante. Samtidig er flere skeptiske til å la industrien diktere for mye.

Slik svarer Forskerforbundet Nils Rune Langeland

Flere har etterlyst Forskerforbundets begrunnelse for ikke å støtte den sparkede professoren Nils Rune Langelands søksmål mot staten. Nå deler han den selv.