NTNU vil ha to nasjonale aviser

Nasjonalt avissamarbeid står på dagsorden når rektorar frå dei fem største universiteta i Noreg møtes til såkalla U5-møte i Trondheim i dag.
To bedre enn én. - Erfaring tilseier at konkurranse bidrar til kvalitet, seier prorektor ved NTNU, Bjarne Foss.
(Foto: Espen Halvorsen Bjørgan)

To bedre enn én. - Erfaring tilseier at konkurranse bidrar til kvalitet, seier prorektor ved NTNU, Bjarne Foss. Foto: Espen Halvorsen Bjørgan

Spørsmålet om korleis eit nasjonalt avissamarbeid skal sjå ut er framleis høgst uavklart før U5-møtet, eit slags uformelt forum der rektorane ved dei fem største universiteta møtes for å samtale om ulike tema frå sektoren.

Det verkar lite sannsynleg at universiteta vil bli samde om å satse på ein samlande publikasjon i form av ei nasjonal universitetsavis, skriv På Høyden.

UA MENER: - Publisistisk ansvar må løses

Det er universiteta i Bergen (UiB), Oslo (UiO), Ås (NMBU), Tromsø  (UiT) og NTNU som er med i U5.

Rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, har før møtet vore klar på at han helst ønskjer seg ein «NRK-modell», som i praksis inneber at På Høyden, Universitetsavisa og Uniforum går inn under same redaksjonelle paraply.

Vil ikkje ha monopolsituasjon

Men før møtet i dag, synest det klart at NTNU ikkje kjem til å støtte ein slik modell, men kan ha opningar for ei tettare samarbeid mellom eksisterande publikasjonar.

– Vi meiner at to aviser med nasjonale ambisjonar er å føretrekke fram ein monopolsituasjon med ei avis, Erfaring tilseier at konkurranse bidrar til kvalitet, seier prorektor ved NTNU, Bjarne Foss, til På Høyden.

Olsen har på si side vist mindre interesse for eit lausare samarbeid:

– Vi ønskjer ei meir integrert og overordna løysing, har Olsen tidlegare uttalt til På Høyden.

UiB-styret avviste i vår rektor Dag Rune Olsens planar om å legge ned UiBs avis På Høyden til fordel for eit oppkjøp av Oslomet-eigde Khrono. I staden ønskte dei at UiB-leiinga skulle «utrede fleire alternative muligheter for å posisjonere UiB og Bergen (…)».

Ein «NRK-modell» - vil i praksis innebere ei ny nasjonal avis der dei regionale redaksjonane under felles publikasjon og sentraldesk – og kanskje med ein roterande redaktør eller regionredaktørar.

– Modellen er interessant, er alt NTNU-prorektor Foss vil seie om den før U5-møtet.

Han vil ikkje utelukke noko, heller ikkje samarbeid med Khrono.

– Men eg vil gjere merksam på at vi sa nei så seint som i fjor haust, seier Foss.

Ingenting endra for UiO

UiO-rektor Svein Stølen seier at ingenting er endra i deira posisjon. I april gav han uttrykk for at medeigarskap i Khrono per i dag var uaktuelt. Han vil ikkje seie noko om andre samarbeid – som til dømes «NRK-modellen» er aktuell for UiO.

– Vi går i møtet med opne auge. Vi vil lytte, seier Stølen til På Høyden, som gir uttrykk for at UiO har god tid i denne saka.

UiB-styret skal allereie 30. august bestemme seg for kva dei vil gjere vidare med si eiga universitetsavis På Høyden og eventuelt samarbeid eller samanslåing med andre. Grunnen skal vere at Oslomet ønskjer ei rask avklaring. Oslomet og Khrono har signalisert at dei ønskjer å gå vidare med sine eigne planar om nasjonal avis.

Kva retning UiB vil ta dersom utfallet i U5-møtet i dag blir ein førebels tommel ned for eit tettare samarbeid mellom UiB, NTNU og UiO er uvisst. UiB-leiinga har tidlegare signalisert at dei ikkje ser gode alternativ til medeigarskap i Khrono, dersom eit tettare samarbeid med NTNU og UiO ikkje fører fram.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Universitetsavisa ansetter journalist

UA lyser ut en hundre prosents stilling som digital nyhetsreporter.

Konflikten ved IHS:

- Fare for utvikling av fryktkultur

- Ledelsen må ta dette på stort alvor, formaner tre professorer ved Institutt for historiske studier. De advarer mot utvikling av fryktkultur ved instituttet.

Ytring:

NTNU styres ikke etter omdømmemålinger

«Vi må være innstilt på at vi også i fremtiden vil få nye bestillinger fra verden rundt oss», skriver rektor Gunnar Bovim i en kommentar til ytringen fra Ronny Kjelsberg og Arve Hjelseth.

Bitter konflikt ved IHS:

Beskylder ledelsen for «illegitim maktbruk»

Professor Kristian Steinnes er sentrum i en bitter konflikt ved Institutt for historiske studier (IHS). Et varsel om flytting av ham får en gruppe kolleger til å reagere skarpt. – Et uventet og hardt slag, sier Kristian Steinnes om flyttevarselet.