Norce-tilsette mistar millionar i pensjon

Ei gruppe tilsette i Norce protester mot den nye pensjonsordninga deira, som eldre arbeidstakarar taper pengar på.
Norce blei lansert 1. oktober, med fest og markering. Men same dag fekk tilsette pensjonsutrekningar som viste at dei kjem til å tape store summar når dei blir pensjonistar.
(Foto: Norce)

Norce blei lansert 1. oktober, med fest og markering. Men same dag fekk tilsette pensjonsutrekningar som viste at dei kjem til å tape store summar når dei blir pensjonistar. Foto: Norce

Det nye, store instituttselskapet Norce Norwegian Research Centre AS har fått ei ny, innskotsbasert pensjonsordning, som skal gjelde alle. Men ein del grupper tilsette har hatt betre ordningar før, og taper no framtidig pensjon, skriv På Høyden.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Får store konsekvensar

Mellom 40 og 50 tilsette i Norce, som tidlegare var tilsett i Uni Research, har hittil hatt ein ytingspensjonsordning. No er dei flytta over til innskotspensjonen til Norce, som gir dei tilsette eit innskot på sju prosent for inntekt opp til 7,1 G (ca. 690 000 kroner), og 16 prosent for inntekt mellom 7,1 G og 12 G (690 000 og 1 160 000 kroner).

– For folk som har Norce som hovudarbeidsgivar får dette store konsekvensar, fortel forskingsleiar Dag Arne Christensen.

Han er ein av underskrivarane på eit brev til Norce, som er sterkt kritisk til måten det nye selskapet har handtert pensjonsspørsmålet på.

Tapar 50 000 i året som pensjonist

Sjølv vil han få utbetalt 100 000 kroner mindre per år som pensjonist på grunn av omlegginga, men rundt halvparten av pensjonsbortfallet har han og dei andre fått kompensert i form av høgare lønsutbetaling. Men tapet kan likevel bli stort, og det råkar dei eldre arbeidstakarane, som var dei einaste som framleis sto i ytingspensjonsordninga til det no innfusjonerte Uni Research AS.

Dei tilsette reagerer òg på at dei ikkje har fått informasjon om kva dei faktiske konsekvensane blir for kvar einskild før fusjonen var gjennomført.

– Dersom vi hadde visst dette tidlegare kunne vi vurdert andre arbeidsgivarar. Folk vurderer jobbar utifrå ein totalpakke av løn og arbeidsvilkår, og pensjon er ein del av dette, seier Christensen.

– Forskarane gir toppleiinga jobb

Dei tilsette trur det kunne ha kosta Norce kanskje rundt tre millionar kroner å kompensere dei som taper pensjon på samanslåinga.

– Det er litt rart dersom forskingsgiganten Norce er avhengig av kva pensjon du gir til 40-50 tilsette, seier han.

Fokuset blir og litt merkeleg, synest Christensen, for instituttselskapa skal ikkje generere overskot, men bidra med nyttig forsking. Og ressursen verksemda er tufta på er den høge kompetansen til dei tilsette, som drar inn forskingsmidlar. Det er altså forskarane som sørgjer for at toppleiinga har jobb, ikkje omvendt.

– Eg trur leiinga må forstå at det er nede hos oss at inntektene blir generert. Eit einsidig fokus på tilsette som ei utgift er ikkje eit godt utgangspunkt for det nye selskapet, seier han.

Ei rekke tilsette ved tidlegare Iris i Stavanger kjem òg til å tape pensjon etter samanslåinga, fordi dei hadde ein høgare prosentsats på innskotspensjonen enn det dei no vil få.

Rask prosess

Den nye pensjonsordninga har vore drøfta med dei tillitsvalde, men dei har ikkje forhandla om ordninga. Dei tillitsvalde reagerer på at det nye selskapet einsidig har vald å frata tilsette som har hatt ytingsordning eller kompensasjon for ei slik ordning, opparbeidde pensjonsrettar, noko ein vanlegvis er forsiktig med i norsk arbeidsliv.

– Vi er bekymra for at ein del av dei mest erfarne tilsette i selskapet kan velje å forlate det, og at dette kan råke Norce økonomisk. Vi føler òg på at kvaliteten på fusjonsprosessen har tatt skade av alt må skje raskt, seier nestleiar av lokallaget til Forskerforbundet i Norce, Gisle Andersen.

Og at ein del eldre tilsette får dårlegare pensjon har ikkje gitt den beste starten for å byggje ein ny, samlande bedriftskultur.

– For meg handlar denne saka eigentleg om dette er ein god måte å oppføre seg på  som arbeidsgivar, seier Andersen.

– Sosial profil

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle har sjølv ikkje ønska å svare om pensjonstvisten, men overlet det til HR-direktør Christina Brunner.

– Vi har etter diskusjonar internt i selskapet kome til at vi ønskjer ei felles pensjonsordning for alle tilsette. Både pensjonsordninga og kompensasjonsordninga har vore drøfta med fagforeiningane. Ordninga har ein sosial profil ved at ho ikkje har ein eigenandel som blir trekt frå løna til arbeidstakarane. Vi ønskjer òg å ha eit likskapsprinsipp, ved at alle skal ha den same pensjonsordninga, og kompensasjonen skal reknast på same måten i alle institutt ved overgangen til Norce. Difor har vi landa på denne løysinga, forklarer Brunner.  

– Men nokon tapar på den nye ordninga, er ikkje det uheldig?

– Eg ønskjer ikkje å gå inn i detaljane på det. Her er det fem institutt sine ulike ordningar som blir erstatta av ei ny, felles innskotsbasert ordning.

Brunner fortel at det har vore drøftingsmøter med dei tillitsvalde om den nye pensjonsordninga, og ho meiner at prosessen har vore god.

Kan vere konkurransedyktige

– Det blei tidleg i fusjonsprosessen lova at ingen skulle miste jobben, og at folk ikkje skulle få dårlegare løn og arbeidsvilkår. Er ikkje det eit løftebrot når ein del tilsette tapar pensjon?

– Eg ønskjer ikkje å kommentere einskilde grupper tilsette og gå inn i saksbehandlinga i På Høyden. Det synest eg blir feil, seier Brunner.

Ho trur at Norce vil vere konkurransedyktig som arbeidsgivar med denne pensjonsordninga, trass i at nokre er misnøgde med pensjonsordninga.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Plan S:

Ny underskriftsaksjon krever konsekvensutredning

Forskere ved Prio har tatt initiativ til en underskriftsaksjon til støtte for en utredning av hvilke konsekvenser Plan S vil få. Aksjonen ble startet fredag ettermiddag.

Ytring:

NTNU i verden

«Grunnutfordringen for NTNU, som for enhver god kunnskapsinstitusjon, er å forstå hva kunnskap er» skriver professor emeritus Arne B Johansen i denne ytringen.

Forskningsrådets direktør:

- Plan S skal ikke på høring

- Selve Plan S er ikke ute på høring. Det er gjennomføringen av planen som vi nå vil gå aktivt ut og be om innspill på, sier John-Arne Røttingen.

Disse vil bli ny direktør ved UiO

Tolv personer har søkt stillingen som UiOs nye universitetsdirektør. Blant dem visedekan på MN-fakultetet Kristin Vinje.