Svein Stølen: – Best eigna i akademia, men ikkje i alle delar av arbeidslivet

– Det er heller ikkje slik at dei som er best eigna i akademia, er dei som nødvendigvis eignar seg best i andre delar av arbeidslivet. Det seier UiO-rektor Svein Stølen etter kritikken mot han frå Forskarforbundets leiar Guro Elisabeth Lind.

– Det er ekstremt viktig at me ser at det er meir enn ein himmel. Det er heller ikkje slik at dei som er best eigna i akademia, er dei som eignar seg best i resten av arbeidslivet, seier UiO-rektor Svein Stølen.
Publisert Sist oppdatert

Det var rett før helga leiar for Forskarforbundet, Guro Elisabeth Lind kom med ramsalt kritikk av UiO-rektor Svein Stølen for utsegner han hadde kome med i Klassekampen om mellombels vitskaplege tilsette. Der hadde han sagt at ferdige doktorkandidatar som ikkje hadde noka framtid i forskinga må UiO losa ut av Universitetet i Oslo. Det fekk henne til å busa ut med ei kraftsalve mot rektor Svein Stølen:

– Det er akademisk snobberi og ei dinosaurhaldning, sa ho til Uniforum. Etter hennar oppfatning var det lett å tolka dette som ei nedvurdering av dei som finn ut at dei heller vil satsa på ein karriere utanfor akademia.

– Om ein akademikar ikkje blir førsteamanuensis eller professor ved eit universitet eller ein høgskule, tyder ikkje det at dei er mislykka. Tvert imot. Dei har ei kjempegod akademisk utdanning som kan brukast på best mogleg måte for heile det breie samfunnet. Dette akademiske snobberiet vil me til livs, slo ho fast.

LES OGSÅ: Forskarforbundets leiar: – Akademisk snobberi

Svein Stølen tar sjølkritikk då me treffer han nokre dagar seinare på rektorkontoret på Blindern.

– Det kan godt henda at dette var ein uforsiktig måte å formulera seg på, vedgår Svein Stølen overfor Uniforum.

Han kom med kommentaren etter at Klassekampen hadde publisert statistikken over talet på mellombelse stillingar ved norske universitet og høgskular. Den viser at at talet på mellombels vitskaplege tilsette ved universiteta og høgskulane ligg på 18,3 prosent. Verst står det til på Universitetet i Bergen, som har 23,3 prosent av den vitskaplege staben i mellombelse stillingar. Like etter siglar Universitetet i Tromsø med 22,8 prosent, medan Universitetet i Oslo tar tredjeplassen med 22,6 prosent.

– Nesten alle går til næringslivet

UiO-rektor Svein Stølen peikar på at han sjølv som kjemiprofessor har jobba med forskarspirar gjennom mange år.

– Det som er sanninga er at eg har jobba med doktorgradskandidatar og har utdanna ph.d.-kandidatar i mange år. Nesten alle av dei går til næringslivet. Ærleg talt så er det det som me i hovudsak driv med. Dei aller fleste av kandidatane våre skal ut i arbeidslivet. Det er ekstremt viktig at me ser at det er meir enn ein himmel. Det er heller ikkje slik at dei som er best eigna i akademia, nødvendigvis er dei som eignar seg best i andre delar av arbeidslivet. Folk er ulike og har ulike interesser og motivasjon. Eg er opptatt av at sjølv om eg kanskje ordla meg litt uklokt i det intervjuet, så var fokuset på rekruttering ved UiO, berre ein del av det, seier Svein Stølen.

Han peikar på at UiO heile tida har gjort noko for å prøva å få ned talet på mellombelse stillingar.

– Me har heile tida vore opptekne av å redusera talet på mellombelse stillingar. Eg skjønar også at Guro Elisabeth Lind er utolmodig. Men ærleg talt, hadde dette vore enkelt, så hadde det blitt gjort for lenge sidan, er han viss på.

– Legg det inn i årsplanen

– For det første har me lagt dette inn i årsplanen for første gong. Me skal no ha utviklingsavtalar, og eg kan lova at dette også blir med som ei utfordring i utviklingsavtalen der me vil fylgja opp tala i detalj. Dessutan har me «Midlertidighetsutvalget» som Guro Elisabeth Lind sjølv sit i. Det skal me levera 21. januar, og då blir dette verdigrunnlaget som omtalar situasjonen viktig for oss, trur han.

Rektor Svein Stølen meiner at det er viktig å arbeida vidare med karriereutvikling. Derfor er han nøgd med hovudtrekka i tilrådingane frå Underdal-utvalet som har sett på behovet for å innføra ein ny stillingsstruktur i universitets- og høgskulesektoren.

– Eg er positiv til hovudtrekka i Underdal-utvalet om ny stillingsstruktur, og då må me sjå på dei forskjellige karrierevegane for alle dei fantastiske ph.d.-studentane våre. Nokre skal til akademia som professorar, nokre skal bli professorar, men dei aller, aller fleste skal ut i arbeidslivet. Det å jobba med den karriereutviklinga er noko som me er opptekne av og derfor har me sett ned eit breitt utval leidd av Eivind Engerbretsen..

– Viktig å hjelpa kandidatar med å ta rette val

– Er det ikkje då ganske tilfeldig kven som blir verande igjen som forskar ved UiO avhengig av tildeling frå interne eller eksterne pengekjelder?

– Nei, eg trur at me ikkje skal overestimera graden av tilfeldigheit. Det er jo ganske mange som får sjansen til å ta ein ph.d. i dag. Det er mange kandidatar i løpet av eitt år. Så eg tenkjer at det å jobba med desse kandidatane og hjelpa dei til å ta dei rette vala vidare, det er viktig.

I dag er problemet at mange blir verande i mellombelse stillingar ved UiO. Du trur ikkje at problemstillinga kjem til å bli snudd på hovudet om nokre år, der det blir meir attraktiv å jobba utanfor univesitetet, slik at universitetet må leggja arbeidsforholda endå betre til rette for ph.d.kandidatane for at dei skal bli verande på universitetet?

– Eg meiner me skal leggja til rette for at folk blir verande, spesielt dei som ynskjer det og har dei evnene som tilseier at det er riktig å gå i den retninga. Det vil ikkje seia at dei som har evner til å gå ein annan veg, er noko dårlegare. Men eg trur dei aller fleste vil ut av universitetet, og eg håpar at det er på den måten. Dei aller fleste skal ut i arbeidslivet og dei vil ha fantastiske karrierar der. Det som er bra at me får bringa kunnskapen frå UiO ut gjennom kandidatane våre. Det me må bli betre på, er faktisk å hjelpa folk til å gjera dette på det rette tidspunktet. Og eg tenkjer at av og til er det nokre som blir for lenge i akademia. Det trur eg ikkje er rett, viss dei ikkje er sikre på det, understrekar Svein Stølen.

– Ein ekstremt attraktiv arbeidsplass

Om då kandidatar frå UiO har vore borte frå akademia ei tid, ville det då ha vore mogleg for dei å koma tilbake eller ville dei då vera heilt utdaterte?

– Me har mange som har kome tilbake frå andre delar av samfunnet, så det er klart det er mogleg. Så er spørsmålet om du har ein næringslivsjobb og mykje høgare lønn enn på universitetet, om kor attraktivt det då vil vera å koma tilbake.

Svein Stølen er i alle fall viss på at det er noko anna enn lønna som får tilsette til å bli verande. 

– Det som gjer at folk ynskjer å arbeida for Universitetet i Oslo, er den fantastiske akademiske fridomen me har til å velja problemstillingane våre og til å møta alle dei fantastiske studentane våre. Eg trur Universitetet i Oslo framleis er ein ekstremt attraktiv arbeidsplass, sjølv om det er mange som vil føretrekkja andre arbeidsplassar. Det er me eigentleg ganske avslappa på. Me må ha gode kandidatar, resten av Noreg må ha gode kandidatar. I løpet av eitt år utviklar me utruleg mange gode kandidatar, slår Svein Stølen fast.

«Midlertidighetsutvalget» legg fram rapport

I Uniforum-intervjuet var Guro Elisabeth Lind svært klar på kravet ho på vegner av Forskarforbundet vil stilla til UiO-rektoren.

- No er det på tide at han leverer på vallovnaden om å få ned talet på dei som sit i mellombelse stillingar, sa ho. 

Snart kan me få ein del av svaret på det. Den 21. januar legg altså «Midlertidighetsutvalget» ved UiO der både Guro Elisabeth Lund og Svein Stølen sit, fram ein omtale av situasjonen på UiO når det gjeld omfanget av mellombelse stillingar. Seinare legg utvalet også fram ei tilråding om tiltak som bør setjast i verk for å få redusert talet på mellombelse stillingar ved Universitetet i Oslo.