KD har talt: Ein professor som har fått sparken, kan ikkje kalla seg professor

Om ein professor som har fått sparken, likevel brukar tittelen professor, risikerer han eller ho å bli straffa med bøter. Det er svaret Kunnskapsdepartementet gir den oppsagte UiO-professoren Arnved Nedkvitne.

Arnved Nedkvitne blei sagt opp som historieprofessor ved UiO. Staten fekk medhald både i Oslo tingrett og i Borgarting lagmannsrett. Nedkvitne gjekk til sak for å krevja jobben sin tilbake.
Publisert Sist oppdatert

Den oppsagte professoren ved UiO, Arnved Nedkvitne, har lenge insistert på at han har rett til å kalla seg for professor emeritus etter at han blei pensjonist. Etter at mange fagfellar hadde kritisert han for å gjera det, sende han for kort tid sidan to brev til Kunnskapsdepartementet for å få eit klart svar på spørsmålet, skriv Uniforum.

No ligg svaret føre og konklusjonen er klar: «Den som er avskjediget eller fradømt sin stilling, har ikke rett til å bruke tittelen professor», står det i svaret frå avdelingsdirektør Rolf L. Larsen og fagdirektør Erling H. Dietrichson i Kunnskapsdepartementet.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Varslar bøter

I brevet viser dei også til at professor er ein verna tittel og peikar på universitets- og høgskulelova sine paragrafar 6-7. Den som har hatt stilling som professor i minst ti år, eller som etter kortare tenestetid blir pensjonert frå slik stilling, har rett til å bruka tittelen, går det fram av brevet. Dei varslar også bøter for den som brukar tittelen utan å ha rett til det. « Den som forsettlig eller uaktsomt bruker tittelen professor uten å ha rett til dette, alene eller som del av tittel, kan straffes med bøter, jf. universitets- og høgskoleloven paragraf 6-7 femte ledd.»

Konsekvensen av dette, blir at den oppsagte historieprofessoren Arnved Nedkvitne, heretter ikkje har rett til å kalla seg professor emeritus. Han kan sjølvsagt bruka tittelen tidlegare professor eller historikar, men professor emeritus er ein verna tittel, som han risikerer å måtta betala bøter for, om han likevel vel å bruka tittelen.

Konklusjonen til Kunnskapsdepartementet får dermed også fylgjer for den oppsagte historieprofessoren Nils Rune Langeland frå Universitetet i Stavanger. Heller ikkje han kan no bruka professortittelen.

Forsvarar «professor emeritus»

Uniforum har vore i kontakt med Arnved Nedkvitne. Han viser til det innlegget han hadde i Uniforum den 28. januar. Der forsvarar han at han har underteikna innlegg og kronikkar med «professor emeritus».

- «Professor emeritus» betyr ordrett «en som ikke lenger har som yrke eller tjener penger på å være professor». Det gjør ikke jeg. Den beskriver at jeg var professor i fortida. Selv en rektor kan ikke forandre fortida. «Professor emeritus» er ikke er noen tittel som tildeles og tilbakekalles, men en historisk faktaopplysning som i praksis brukes for å opplyse lesere om forfatterens kompetanse til å uttale seg om et visst emne fordi han har en fortid som professor. Det har offentlig interesse, og hjelper lesere til å vurdere pålitelighet og kvalitet på innlegg i seriøse medier. Når dette er et spørsmål om språkbruk, er ordbokredaktører de rette ekspertene og ikke jurister skriv han.

Langeland støttar Nedkvitne

Uniforum har også vore i kontakt med den nyleg oppsagte historieprofessoren Nils Rune Langeland. Han mista professoratet han hadde i historie ved Universitetet i Stavanger (UiS) etter han fleire gonger hadde møtt opp sterkt alkoholpåverka både på jobb og på seminar. Langeland har lese gjennom innlegget til Arnved Nedkvitne og er einig i det som står der.

– Har lese det og støttar argumentasjonen hans. Eg har til dømes blitt tilkjent kompetanse som professor av uavhengige sakkunnige komitear etter at eg blei oppsagt frå UiS. Eg må ha lov til å opplyse ålmenta om min faglege status, og som Nedkvitne vise til eit historisk faktum reint stillingsmessig, skriv Langeland i ein epost til Uniforum.

Den sterkaste kritikaren av Arnved Nedkvitnes bruk av tittelen professor emeritus har vore Tore Egil Førland som leier Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). Uniforum har ikkje lykkast i å få han i tale i denne saka. For over eitt år sidan skreiv han derimot dette i Klassekampen: «Professortittelen gir de som har rett til å bruke den, autoritet fordi den er et tegn på at brukeren oppfyller høye krav til grundighet og etterrettelighet. Det gjør ikke Arnved Nedkvitne.»

La tittel på is

Tidlegare har Arnved Nedkvitne også kritisert biologiprofesssor Nils Chr. Stenseth for at han har kalla seg for fakultetsprofessor utan at det er ein formell tittel. I den saka greip dekan Morten Dæhlen inn og opplyste i Uniforum at Stenseth på eige initiativ hadde valt å leggja den tittelen på is.

Akkurat i den saka fekk Arnved Nedkvitne dermed eit visst medhald. Men når det gjeld hans eigen bruk av tittelen professor emeritus, har han etter alle solemerke gått på eit nederlag etter den endelege konklusjonen frå Kunnskapsdepartementet.