Olsen vann på walkover

Som venta får Dag Rune Olsen fire nye år som rektor ved Universitetet i Bergen.
- Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier attvald UiB-rektor Dag Rune Olsen.
(Foto: Tore Oksholen)

- Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier attvald UiB-rektor Dag Rune Olsen. Foto: Tore Oksholen

Dag Rune Olsen har vore rektor ved UiB i perioden 2013 - 2017, er professor i biomedisinsk fysikk og tidlegare dekan ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet.

1. august skal han ta fatt på sin andre periode saman med ny prorektor Margareth Hagen, og viserektorar Robert Bjerknes og Oddrun Samdal. Det nye rektoratet blei valde utan motkandidatar, skriv På Høyden.

Kristin Bakken, leiar av valstyret, stadfesta onsdag ettermiddag at Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valt til rektor og prorektor ved UiB i perioden 2017-2021.

LES OGSÅ: Dag Rune Olsen: - Valgt rektor er den beste ordningen

Valstyret ved UiB har hatt møte, og protokollen er underteikna. Ikkje overraskande vann Dag Rune Olsen rektorvalet. Han vart først valt til rektor i 2013, og går no inn i sin andre periode.

Fekk 3 av 4 avlagde stemmer

Valet hadde 17,5 prosent valgoppslutning og 75 prosent av dei avlagde stemmene gjekk til Dag Rune Olsen og hans valplattform.

– Eg er rimeleg nøgd med oppslutninga, seier Dag Rune Olsen til På Høyden.

– Tolkar du mangelen på andre kandidatar som at UiB-tilsette jamt over er nøgde med leiinga?

– Ja, det kan lesast slik. Men vi såg også at det var nokre blanke stemmer. Det kan vere eit ønske om ein annan kurs. Det må ein ha respekt for. Det kan også vere eit ønske om at ein heller vil ha tilsett rektor, seier Dag Rune Olsen.

– Korleis skal de feire?

– Vi rekk ikkje feire. Vi skal ha ein EUA-konferanse som startar i dag, samt eit foreståande besøk frå olje- og energiministeren. Så er det påske, og då tenkte eg å ta fri. Men vi vil ha ei lita markering etter påske.

I 2013 var Kuvvet Atakan motkandidat. Denne gongen var det ingen andre som meldte sitt kandidatur.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Norsk akademia i Kina:

- Mange oppfatninger ender ofte i feilslutninger

Beijing: - Det fins mange oppfatninger om Kina som isolert sett kan være korrekte, men som likevel ender i feilslutninger, sier Norges mann i Kina, ambassadør Geir O. Pedersen.

Ytring:

Stopp domenetapet for norsk i akademia

For å sikre at norsk held fram å vere det dominerande språket i Noreg, er det viktig å styrke stillinga til norsk språk på mange område. Eit av dei viktigaste områda å hindre dette domenetapet på er akademia.

Ønsker samlet byggeprosess:

Sintef vil reise egne signalbygg samtidig med campusprosjektet

Sintef melder seg på med full kraft i NTNUs campusprosjekt. Forskningsstiftelsen løfter fram 6 større utbyggingsprosjekt som de mener må gå parallellt med byggeprosessen på Gløshaugen.

UA anmelder bok:

På jakt med Moserne      

- «Jakten på stedsansen» er populærvitenskap, der første del av ordet ikke går på bekostning av den andre, skriver Svein Inge Meland, som har anmeldt Unni Eikeseths «Jakten på stedsansen.»